Previous month:
March 2008
Next month:
September 2008

3 entries from July 2008

Kjærleik - Guds paktsnatur

Gud er ein og tre

Bibelen lærer oss ar Gud er ein og at Gud er tre på same tid. Den Gud me møter og lærer å kjenna gjennom Bibelen er den Gud det kristne fellesskapet vedkjenner seg i dei klassiske truvedkjenningane. Han er Abraham, Isak og Jakobs Gud. Han er Jahve, den evige sjølveksisterande EG ER. Denne eine Gud er samstundes tre, Far, Son og Den Heilage Ande. Kvar av desse tre er Gud, som har del i og saman utgjer den eine guddommelege essens eller vesen. Denne eine Gud er eit mangfald, eit fellesskap av tre personar i den eine treeinige Gud. Det finst ingen annan Gud enn den treeinige Gud. Gud er ingen annan enn Far, Sonen og Anden.

Dette er ikkje berre ei menneskeleg og teologisk forståing av Gud. Dette er heller ikkje berre talemåtar om koss Gud vel å gje seg til kjenne for oss. Det at er Gud er trefaldig og treeining er kjernen i hans evige vesen. Både det å vera ein og det å vera tre, høyrer med til Gud vesen og er ein vesentleg del av hans natur. Det er tre som saman utgjer den eine Gud i all æve, og det er tre, Far, Son og Ande, som arbeider saman i verda for å fullføra sin evige plan for menneskeslekta og heile skaparverket.

Continue reading "Kjærleik - Guds paktsnatur" »


Fri til å ha god sex

Det er godt å seia ja til sin eigen seksualitet og leva han ut i fullt mon etter Skaparens vilje. Kristen livsstil er å nyta dei gode gledene i seksuallivet innanføre den trygge ramma som ekteskapet mellom mann og kvinne er. 

I motsetnad til visse andre religiøse og filosofiske system, gjev Bibelen oss eit svært positivt bilete av den menneskelege seksualiteten som er ein del av det å vera skapt i Guds bilete, som mann eller kvinne. Seksualiteten er ein viktig del av vår personlegdom, ei viktig side av kven vi er, ikkje berre ei skildring av kva vi gjer!

Continue reading "Fri til å ha god sex" »


Om å tala profetord

Gud reiser opp ein ny profetisk generasjon, - eit profetisk folk – som har lært å høyra Guds røyst og tala profetord til menneske, forsamlingar, fellesskap, samfunn og nasjonar. Gud reiser opp eit folk som lever i hans nærvær, forfriska av Ordet og Anden, og som kan verta brukt av Gud til å tena Guds plan i si levetid. Dei lever med Gud i kvardagen og vender hjarte, hug og tankar heile tida til ”Den Levande EG ER, Den Allmektige, så dei kan tala inn i livet til menneske dei møter i jobb, på universitet, på torget, på gata, i nabolaget, over alt kor dei ferdast. Av di dei har lært å leva i Guds nærvær kan dei formidla Guds kraft, nåde, fred, glede, kjærleik og lækjedom til menneske dei møter i kvardagen.

Continue reading "Om å tala profetord" »