Om å tala profetord
Kjærleik - Guds paktsnatur

Fri til å ha god sex

Det er godt å seia ja til sin eigen seksualitet og leva han ut i fullt mon etter Skaparens vilje. Kristen livsstil er å nyta dei gode gledene i seksuallivet innanføre den trygge ramma som ekteskapet mellom mann og kvinne er. 

I motsetnad til visse andre religiøse og filosofiske system, gjev Bibelen oss eit svært positivt bilete av den menneskelege seksualiteten som er ein del av det å vera skapt i Guds bilete, som mann eller kvinne. Seksualiteten er ein viktig del av vår personlegdom, ei viktig side av kven vi er, ikkje berre ei skildring av kva vi gjer!

Bibelen fortel oss at dei første menneske var nakne saman utan å skjemmast. Dei kroppslege forskjellane mellom mann og kvinne gav ingen grunn til å vera flaue (1.Mos.2,25). Elskovsleiken og seksualakta er i Bibelen skildra i svært positive vendingar: ”Nyt livet med den kvinna du elskar” (Fork.9,9), ”Gled deg over din ungdoms kone. Fryd deg støtt ved hennar barm, lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!” (Ord.5,18-19). Heile Salomos Høgsong er eit stort og vakkert kjærleiks dikt. Det fargerike språket og dei poetiske vendingane i Høgsongen må ikkje åndeleggjerast på ein slik måte at den fysiske lidenskapen mister sin naturlege fryd og spenning.

Apostelen Paulus har den same positive innstilling til seksualitet. Han skriv strengt imot dei som vil forby folk å gifta seg eller at dei må avstå frå seksuelt samliv (1.Tim.4,3-5; 1.Kor.7,5). Slike haldningar er vranglære, seier han. Seksualiteten er ei gåve vi skal ta imot med takk, og ektepar har eit gjensidig ansvar for å tilfredstilla kvarandre sine seksuelle behov (1.Kor.7,3-4).

Det er opplagt at seksualitet har med forplanting å gjera (1.Mos.1,28). Gud ønskjer at ektefolk skal få mange barn (Sal.127; 128). Men det seksuelle samliv er meir enn samleie for å få barn. 1.Mos.2 skildrar korleis Gud skapte mann og kvinne til å utfylla kvarandre og gjera kvarandre heile. I forholdet mellom ektemannen og kona har det seksuelle samlivet også til formål å binda dei to saman og styrkja dei i forholdet deira (1.Mos.2,24).

Verknadene av syndefallet

Då menneska gjorde opprør mot Guds gode vilje ved å lytta til djevelens slue råd og synda mot Guds ordning (1.Mos.3), vart heile skaparverket påverka. Alt det skapte vart lagd under forgjengelegdom (Rom.8,20-22) og kampen for å overleva vart født. Det gode forholdet mellom mannen og kona vart øydelagd. Den gode varme tilliten vart bytta ut med svik, mistru og skuldingar mot kvarandre. Der det før berre var kjærleik og glede kom det inn tendensar til manipulering og dominering av kvarandre. Nakenskapen skapte no skamkjensle og frykt, for dei tok til å sjå kvarandre som sexobjekt i staden for menneske med fysiske ulikskapar (1.Mos.3,7-10). Til og med forplantinga vart påverka i negativ retning idet at den fantastiske opplevinga av å føda barn vart forstyrra av møde og smerte.

På grunn av synd kom menneska til å verta styrte av egoisme og trong til tilfredstilla seg sjølv og sine eigne lyster på alle områder. Mennesket gjekk sin eigen veg og gjorde ting på sin eigen måte. Maktkamp og utnytting føregår no på mange plan og område. Heile verda ligg i det vonde og er merka av synd (1.Joh.5,19).

I mange ekteskap kan den eine parten slita med store vanskar i det seksuelle samlivet på grunn av tidlegare traumatiske opplevingar i samband med sex. Dei kan ha vorte misbrukte som barn eller utnytta som ungdomar. Slike ting kan setja djupe spor etter seg i eit menneske. Det er viktig at dei som slit med verknader av slike synder får hjelp til å ta imot nåde frå Gud til å verta lækte og kunna leggja ting bak seg. Når dei vonde tinga har kome fram i lyset og vorte løyst i Guds nåde, kan ektefolka nyta sex saman på ein ny og meiningsfull måte.

Seksuallivet høyrer ekteskapet til

Heilt frå opphavet av menneske soga har ekteskapet vore Guds gode ordning for menneska. Ekteskapet er og har vore den grunnleggjande byggjeklossen i eit velordna og godt fungerande samfunn. Som alt anna godt har ekteskapet sitt opphav i Guds kjærleik og er Skaparens norm for menneskeleg samliv.

Gjennom heile Bibelen vert det understreka at seksuallivet høyrer ekteskapet til. Ekteskapet er den trygge ramme for sex og familieliv. Guds ordning er veldig enkel: Det er ikkje godt å vera åleine, for mennesket er skapt for trufast samliv. Det sjuande bodet seier: Du skal ikkje bryta ekteskapet (2. Mos.20,14). Du skal trufast halda deg til ektefellen din heile livet, for Gud hatar skilsmål (Mal.2,16). Jesus seier at Gud har bunde mann og kone saman i ekteskapet og at ingen må løysa opp denne samanbindinga (Matt. 19,6).

Bibelen set grenser for seksuell aktivitet

Det er ikkje populært å snakka om restriksjonar av noko slag i dag og slett ikkje på seksuell aktivitet, men Bibelen gjer det. Postmoderne menneske trur at alle personlege val er like gode. Ingen må tru dei er betre enn andre på grunn av etnisk bakgrunn, religion, kultur eller seksuelle legningar. Ingen bør dømma andre for at dei gjer det som er best for dei sjølve! Denne postmoderne haldninga kan kanskje uttrykkja ei sanning om våre relative menneskelege vurderingar, men samsvarar det med Guds syn? Kva om det finnest ein Gud som har skapt oss og som har eit anna syn som han ein dag skal dømma oss alle etter? Kva om vi alle ein dag skal gjera rekneskap for korleis vi har levd i forhold til Guds lov? Vi må også innrømma at det finnest grenser for vår toleranse av haldningar og handlingar, for vi godtek ikkje rasisme, nazisme, mobbing, kriminalitet osv.

I våre dagar er eit aktivt seksualliv av mange sett på som ein menneskerett og noko som er nødvendig for den menneskelege helse og velvære. Dette er eit nytt syn som overser det faktum at mange som ikkje kan fungera seksuelt (på grunn av impotens eller andre funksjonshemmingar) likevel kan leva meiningsfulle liv. Å ha sex er på ingen måte livsnødvendig slik som mat og klede. Det er heller ingen menneskerett. Mange menneske, uavhengig av deira seksuelle legningar, har ikkje høve til full seksuell utfalding. Om det ikkje er ei ønskjeleg stode for dei, er det likevel noko dei godt kan leva med.

Bibelen seier:

  • Du skal ikkje bryta ekteskapet eller driva      hor (2.Mos.20,14; 1.Kor.6,9; 1.Tess.4,3-5; Gal.5,19; Hebr.13,4)
  • Du skal ikkje ha sex med dine eigne barn      eller nære slektingar (3.Mos.18,7-18)
  • Du skal ikkje ha sex med ein av same kjønn      (3.Mos.18,22; 20,13; 1.Kor.6,9; 1.Tim.1,10; Rom.1,26-27)
  • Du skal ikkje ha sex med eit dyr      (3.Mos.18,23)

Desse bibelorda fordømmer konkrete seksuelle aktivitetar, men talar ikkje om lyster eller freistingar. Å verta freista eller kjenna lyst til noko treng ikkje vera synd. Det er når vi gjev rom for lystene og leikar med dei i hjarta og ser på nokon med lyst at vi alt har synda i hjarta (Matt.5,27-28). Her stiller heterofile og homofile lyster og freistingar på lik linje. Dette er viktig å gje akt på, for det minner oss på at Bibelen rosar dei som vinn over freistinga (slik som Josef og Jesus) og fordømmer dei ikkje fordi dei vart freista. Dei som aldri har vorte freista til seksuell synd er ikkje nødvendigvis heilagare enn dei som har stått imot freistinga, dei er berre uprøvd på dette området.

Desse bibelorda gjer det heilt klart at Gud forbyr all heterofilsex med ein du ikkje er gift med samstundes med all homofilsex. Bibelen grunngjev som regel ikkje desse forboda med anna enn at dette er Guds påbod. Nokre få gongar når Bibelen forbyr utanomekteskapeleg sex kjem nokre forklaringar som er veldig lærerike. Det vises aldri til dei menneskelege følgjene (tildømes: dette er galt fordi det kan føra til sjukdom eller uønska graviditet) eller til motiva for handlinga (tildømes: dette er galt fordi det er gjort i ei ukjærleg ånd). All utanomekteskapeleg sex er galt i seg sjølv, heilt enkelt fordi kroppen ikkje er laga for seksuell umoral. Dei som tek del i seksuelle synder (forbode seksuell aktivitet) syndar mot sin eigen kropp (1.Kor.6,13,18). Det seksuelle samleiet er eit eineståande kroppsspråk som Skaparen har gjeve til ektefolk for å uttrykkja og stadfesta det spesielle, eksklusive og livslange forholdet mellom ein mann og ein kone i det paktsforholdet Bibelen kallar ekteskap.

Å leva ut sine legningar eller lyster

Å leva ut sine lyster eller legningar er ikkje eit alternativ Bibelen gjev oss. Jesus gjer det heilt klart at vi må seia nei til seksuelle lyster og seksuelle aktivitetar utanom ekteskapet (Matt.5,27-32; 19,4-12). Det same gjer apostlane (Ap.gj.15,28-29; 1.Kor.5-6; 1.Tess.4,3-8; 1.Tim.1,9-10; Hebr.13,4). Om ein ikkje har gåve til å leva avhaldande seksuelt, må ein gifta seg (1.Kor.7,2). Av same grunn bør ektefolk ha regelmessig samleie (1.Kor.7,3-5).

Bibelens råd til dei som vert utsett for seksuelle freistingar er veldig praktiske: Fly frå freistinga! Då Josef vart invitert av ein annan manns kone til å liggja med henne, rømde han frå huset dei var i (1.Mos.39,12). Apostelen Paulus seier at dei kristne må følgja hans eksempel (1.Kor.1,18; 2.Tim,2,22). Dette er eit råd som kjem av ei realistisk forståing av kor sterk seksualdrifta kan vera, men Den Heilage Ande kan hjelpa ein kvar kristen til å vinna kampen mot seksuelle freistingar. Anden hjelper oss til sjølvkontroll så vi kan vinna over alle slags syndige vanar (1.Kor.6,9-11; Gal.5,22-23; 2.Tim.1,7).

Bibelen seier klart og tydeleg at kona eller mannen din skal vera ditt einaste seksuelle fokus. Tilfredstill kvarandre. Nyt samlivet med kvarandre. Kristne ektefolk kan nyta kjærleiksrusen og hyggja seg i elskhug. Når kjærleiken rår mistar lystene makta og me lever for å gjera kvarandre lukkelege. Å ha sex med nokon utanom ekteskapet mellom mann og kvinne er ikkje noko alternativ for dei som vil leva etter Guds ord.

Bibelen oppmuntrar oss til å nyta det seksuelle samlivet i ekteskapet, og løftar opp sølibatet for dei som ikkje kan eller vil gifta seg. Både ekteskapeleg samliv og sølibat er ærbare liv. Det finnest ingen andre alternativ!

Tekst: Erling Thu

Comments