Retten til å gjera folk til disiplar
31/01/2008
For kristne menneske er misjonsarbeid og det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til. Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det ikkje like opplagt.
Sterke krefter har i lang tid arbeidt på å gjera tru og religion til ein privatsak som ikkje høyrer heime i det opne samfunnslivet som skal vera sekulært. Religionsfridom er då fridomen til å ha si eiga tru, men inneber ikkje rett til å misjonera og utbreia denne trua. Både politikarar og byråkratar kan forståast slik når dei uttalar seg i asylsakar og sender heim folk som har gått frå muslimsk til kristen tru. ”Det er inga fare om dei held trua for seg sjølv,” seier dei. Det seier dei også i dei totalitære statane som forfylgjer kristne menneske i dag, og det seier alle dei ulike fundamentalistane som forfylgjer dei som trur annleis enn dei sjølve.
Reint menneskeleg tala kviler retten til å gjera folk til disiplar og driva misjon i vårt eige land og andre land på to grunnleggjande rettar: ytringsfridomen og religionsfridomen. Me vil kjempa for denne retten ved å visa til dei allmenne menneskerettane som dei fleste land har underskrive. Men for kristne menneske er retten til å misjonera like mykje ei plikt til å misjonera, for ho har ikkje sitt opphav i menneskerettane, men i misjonsbefalinga.
Vår Herre og Frelsar Jesus Kristus, som har overvunne synd og død, har gjeve oss eit oppdrag om å forkynna evangeliet om Guds rike og å gjera alle folkeslag til læresveinar. Det er ei kristen plikt å ta del i dette arbeidet. Misjonsbefalinga gjeld alle som trur på Jesus og er hans disiplar. Når religiøse eller sekulære styresmakter vil leggja restriksjonar på oss i å misjonera seier me slik dei fyrste kristne som vart forfylgde sa: ”Ein skal lyda Gud meir enn menneske!” Han har gjeve oss påbod om å forkynna ”heile bodskapen om livet” for alle menneske.
Når me bed for og velsignar styresmakter og dei som er i høg stilling er det for at dei skal få visdom til å styra slik at alle kan leva eit stille og fredeleg liv der dei fritt kan forkynna og gjera folk til disiplar. Kristne menneske kan ikkje teia, men må forkynna godt nytt til andre. Å driva misjon er ein innebygd del av det kristne livet.