Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn
Retten til å gjera folk til disiplar

Når kristentrua møter motstand

Motstand mot kristentrua er ikkje noko nytt, men noko kristne har levd med frå fyrste stund. Me kan lesa om motstand og forfylging av kristne i Apostelgjerningane og i heile kyrkjesoga opp til vår tid. Apostelen Paulus sa at alle som vil leva gudfryktig vil verta forfylgde (2.Tim.3,12). Kristne har opp gjennom historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har måtta gå gjennom må me seia at vanskane våre har vore lette. Likevel er det slik at det aldri har vore fleire kristne martyrar, som har gjeve livet sitt for trua på Jesus, enn det er i våre dagar.

Liding, prøvingar, motstand og forfølging er eigentleg normalt for som vil leva gudfryktig! Det er eit teikn på at me sanning er lys og salt i verda og at trua vår er ekte og djup. Når me set vår lit til Gud vil me oppdaga skjulte velsigningar i lidingane våre for evangeliet.

Kristentrua møter motstand frå mange kantar i den postmoderne Vesten, men denne motstanden er ikkje serleg valdeleg endå. Det er teikn som kan tyda på at kristne går trongare tider i møte i landet vårt og i Europa. Intoleransen er veksande, under dekke av toleranse, for livsstilar som Bibelen fordømmer. Det er i dag vanskeleg å stå for sanningar som tidlegare var allment godtekne. Det har vore ei skremmande utvikling i samfunnet vårt. Mange av dei moralske og etiske retningslinjene i Bibelen er i strid med politisk korrekte meiningar i vår tid. Difor har mange kristne valt å liggja lågt i terrenget og ikkje gjera synspunkta sine kjend eller dei har valt å endra meiningane sine for å verta meir godtekne i samfunnslivet. Klassisk bibelsk kristentru er under sterkt press i våre dagar.

Kristne i mange andre land møter motstand mot misjon på ein mykje meir brutal måte enn me gjer. I land som Saudi Arabia, Vietnam og Kina kjem forfylginga og motstanden mot kristentrua frå styresmaktene. I desse landa er religionsfridomen ein illusjon. I andre land med ein sterk majoritets religion, kjem motstanden mot kristentrua frå fundamentalistiske organisasjonar eller det etablerte religiøse systemet (slik statskyrkjeapparatet forfylgde dissentarar i vårt eige land).

Eg har mange venner i India. Dei er glad i folket og landet sitt. Dei arbeider for å gjera kristentrua kjend i sitt eige land, der mange folkegrupper endå ikkje har fått evangeliet. Dei kristne i India møter for tida ein aukande motstand. Antiomvendingslover som skal gjera det vanskeleg for kristne å utbreia trua si vert innført i stadig fleire statar. Sterke facistiske krefter gjer seg gjeldande. Antikristne organisasjonar går til opne åtak på kristne. Kyrkjebygningar vert brende ned, kristne vert plaga, utsett for forfølging og til og med drepne. Dei får falske klagar retta mot seg og vert arresterte utan å ha gjort noko gale. Trass i dei aukande vanskane kjem stadig fleire til tru på Jesus Kristus og nye kyrkjelydar veks fram. Eg vert rørt når eg høyrer vitnemåla til våre kristne sysken i India og ser deira brennande iver etter å vinna nye trass i motstanden dei møter.

Me må ikkje lata oss skræma av forfølging og motstand når me veit at mange kristne vert drepne på grunn av si tru mange stader. Eg kan ikkje sjå at det er noka overhengande fare for det i landet vårt, men me treng frimod og styrke til å stå imot det aukande presset frå samfunnet på kristen moral og tru. Same korleis motstanden vil arta seg, veit me at Gud tek seg av oss, så me treng ikkje vera redde (Matt.10,28-31; Luk.21,16-18).

Me må halda fram med å gjera det Bibelen seier er rett og setja vår lit til Gud. I staden for å tilpassa oss samfunnet sine nye normer må me frimodig stå fast på det Guds ord seier. Midt i motstand og forfylging kan me takka Gud og vera glade! Våre lidingar er små og lette samanlikna med det vår Herre leid for oss og det kristne i andre land må lida. Me må trufast forkynna Guds ord utan å lata oss skræma.

Me driv ikkje strid mot menneske, men står i ein åndeleg kamp. Vårt sterkaste våpen er i følgje Jesus Kristus å be for og velsigna dei som forfølgjer oss (Matt.44-48)! Me kan overvinna det vonde med det gode (Rom.12,14-21)! Kjærleiken er sterkare enn hat og vondskap! Velsigning skaffar oss fleire venner enn forbanning gjer!

Me skal sjølvsagt ikkje søkja forfylging, men gjera alt me kan for å leva i fred med alle menneske så langt som råd. Jesus sa også at det var lurt å rømma til ein ny plass for å unngå forfylging (Matt.10,23). Apostelen Paulus seier at me skal be for alle som er i høg stilling så me kan leva eit stille og fredeleg liv utan å verta forfylgde når me forkynner evangeliet (1.Tim. 2,1-4).

Comments