Eit nytt menneske legg av det gamle
Å vera gift

Skattesnusk

Ordføraren i Oslo har ufriviljug fått hovudrolla i mediestormen om skattesnusk. Eg skal ikkje ta stilling til mediekjøret om økonomisk kriminalitet og dumskapen til ordføraren. All sunn fornuft seier at slikt skal ikkje førekoma og serleg ikkje hjå folk som lever av tillit, slik politikarar gjer. Alle bør betala den skatten som samfunnet legg på dei for å gjera landet vårt til ein god stad å bu og veksa opp i. Me må alle ta ansvar for det store fellesskapet og betala skatt med glede.

Styresmaktene har rett til å krevja inn skatt. Å betala skatt er å gje keisaren den keisaren skal ha, for å sitera Jesus. Han gjorde eit under så Peter kunne betala den skatten han skulda.

Når skattetrykket vert for stort, prøver folk å finna måtar å omgå skattereglar og sleppa å betala det dei skuldar fellesskapet. Når er skatten for høg? Kven har rett til å setja seg til overdommar over det styresmaktene har fastsett? Å ta saka i eiga hand og ty til skattesnusk er ikkje svaret. Om ein tykkjer skatten er for høg, må ein arbeida innanføre det politiske systemet for å endra på dette. Å snyta på skatten er ikkje rett.

Comments