Divine appointment
A good friend has passed away

Lat arbeidet ditt vera ei tilbeding!

Eg skal ha nokre dagar saman med studentane på Bergen Bibelskule i dagane som kjem. Emnet mitt er om arbeid. Kvifor skal me arbeida og koss skal me arbeida er nokre av dei tinga me skal sjå på. Det viktigaste er at arbeidet er meint å gjerast som ei tilbeding til Gud.

Lat arbeidet ditt vera ei tilbeding!

1.      Du er Guds meisterverk! – Du treng å forstå at du er eineståande – skapt i Guds bilete. Gud er ein skapar – du er unik! Gud er ein skapande kunstnar – dine Gudgjevne gåver og talantar er gode! Gud er skapande formgjevar, det er ei meining med livet ditt og dei talentane du har! Kven tilber du? Gud eller deg sjølv?

2.      Gud er Guds forvaltar! – Du treng å ta ansvar for å bruka og utvikla dei gåvene Gud har gjeve deg. Sjå Matt. 25,14-29. Kven bestemmer? Eg åleine, Gud åleine, eller gjer me det saman? Kva ventar Gud av meg? Gå til Bibelen. Sjå rundt deg og inni deg. Høyr kva Guds folk seier. Finn Guds retning for livsgjerninga di.

3.      Arbeidet ditt – Gud ventar at du bruker livet til meiningsfulle gjerningar. Arbeid har sitt opphav i Gud som har velsigna oss med meiningsfullt arbeid. Arbeid og fallet, forbanninga. Grensene for arbeid. Tre bibelske diemnsjonar: Uttrykk, forsørgjing, oppdrag. Bibelsk arbeid og kulturen. Betaling vert essensen i arbeid. Arbeid for pengar vert det viktigaste arbeidet. Folk som arbeidar mot betaling er viktige folk. Arbeid: Det store bilete.

4.      Uttrykk for livet ditt. – Gud ventar at du tek del i arbeid som viser kven du er og kva slags gåver du har. Det er flott å kunna gleda seg i arbeidet. Formgjeving og uttrykk: a. Dine sentrale motiverande styrker. B. Dine motiverande evner. C. Kva liker du å arbeida med? Folk, data, ting, mekanismer. D. Motiverande miljø eller omstende for arbeid. E. Koss arbeider du saman med andre på jobben? Eller kva slags folk liker du best å arbeida saman med?

5.      Forsørging – Gud ventar at du tek arbeider som kan forsørga deg og familien din. A. Venta at arbeidet set deg i stand til å gje deg det du treng, ikkje alt du ynskjer. B. Ikkje undervurder behova dine. C. Forsørging er meir enn lønna. D. Di plikt til å forsørga veks med dit veksande ansvar i livet (ekteskap, familie, barn osv.)

6.      Oppdraget – Gud ventar at arbeidet ditt er ein del av hans gode plan for verda du lever i. Kva er Guds arbeid og oppdrag slik me ser det i Jesu liv? A. Kjærleik i handling. B. Levd ut i relasjonar. C. Å elska heile mennesket. D. I ord og gjerning. E. Elska heile verda, men ta til der me er. F. Det er fulltidsarbeid. G. Anden utrustar oss. H. Guds arbeid er vårt arbeid.  Sjå på kallet ditt. Sjå rundt deg. Sjå inn i deg sjølv. Sjå på talentane dine.

7.      Integrasjon – Gud ventar at du integrerer alle desse tinga i eit heilt liv og søkjer Guds rike fyrst. Kvifor er Guds rike fyrst? Kulturer i konflikt. Finn den rette balanse.

8.      Integritet – Gud ventar at du lever eit heilt liv i arbeidet ditt. A. Innstilt på å få jobben gjort. B. Gjer ein god jobb. C. Fylg Jesus Kristus. D. Gjer Jesus kjend. Kva seg andre i deg? Kva slags arbeidskvalitet – innsats ser dei? Kva slags livskvalitet ser dei? Koss snakkar du?

9.      Du treng andre! Gud ventar at du innser at du treng andre for å oppdaga og gjera eit godt arbeid. Tre miljø for vise råd: Heimen, arbeidsplassen, forsamlinga.

Comments