ALLE HAR EIT LIVSSYN
Vårt oppdrag - mitt oppdrag

Tenk som Jesus: Eg er sendt!

Tenk som Jesus. Han såg på seg sjølv som sendt av Far. Dette innebar at han og måtte senda ut folk, som tok del i oppdraget og som i neste omgang ville senda ut nye arbeidarar - som ville frigjera nye arbeidarar…

Jesus er vårt føredøme

Evangeliet etter Johannes gjev oss på ein eineståande måte innsikt i koss Jesus tenkte og koss han forstod seg sjølv. Eg har nettopp lese alle evangelia på ny og då slo det meg at Jesus ofte omtala seg som ”han som Gud har sendt”[1], og han omtala Gud som ”han som sende meg”.[2] Han sa: Eg kvar eg er komen frå og kvar eg fer av.[3] Jesus hadde eit livssyn der han oppfatta seg sjølv som sendt, at han hadde eit oppdrag å fullføra. Denne forståinga styrde alt han sa og gjorde.

Han fann si største glede i å gjera det han ville som sende han og å fullføra hans verk.[4] Han sa: Eg kjem frå Far – som har sendt meg, - ikkje for å gjera det eg sjølv vil, - ikkje for å fremja min eigen vilje, eg er komen for å gjera Guds vilje.[5] Eg gjer ikkje noko av meg sjølv, eg handlar ikkje på eige initiativ, men gjer berre det Far viser meg.[6] Jesus forstod også at fordi han var sendt, hadde han fullmakt til å gjera det han var sendt for.

Likeeins forstod han at oppdraget var større enn han sjølv, han måtte inkludera andre i det. Han hadde sjølvsagt si eineståande forsoningsgjerning å gjera som ingen andre menneske kunne ta del i, men han gav oss ein viktig del i å gjera kjend kva han har gjort for menneska. Han tok seg fyrst ut dei tolv apostlane og sidan mange andre læresveinar som han sende ut.[7] Før han for heim til Far gav han disiplane sine det store misjonsoppdraget.[8] Han sa: Slik Far har sendt meg, sender eg dykk![9]

For Jesus innebar det å vera sendt av Far at han også måtte senda ut folk som tok del i oppdraget og som i neste omgang ville senda ut nye arbeidarar som ville frigjera nye arbeidarar. På denne måten ville han skapa ei rørsle av vanlege folk som på sikt ville snu opp ned på heile verda.

Styra sitt eige liv

Då folk såg dei under Jesus gjorde, ville dei gjerne halda på han. Men Jesus gav ikkje etter for ynskja deira. Livssynet hans hjelpte han å prioritera. Han sa: Eg må gjera det eg er sendt for.[10] Jesus seier med andre ord: Eg må styra og prioritera mitt eige liv, elles vert eg styrt av andre eller av ytre behov eller omstende. Her treng me verkeleg å læra av Jesus å vera styrd ei indre kjensle av å vera sendt og ikkje gje etter for andre menneske sine ynskje eller planar for oss.

Jesus sa ofte ting som tyder på at han var svært medviten av å vera sendt på eit oppdrag. Han sa: Eg er ikkje komen for dei rettferdige, men for syndarane.[11] Eg er komen for å leita etter dei fortapte for å frelsa dei.[12] Eg er ikkje komen for å fordømma, men for å frelsa.[13]

Det viktigaste er livet med Gud

Jesus var veldig medviten av å vera sendt av Gud og å vera på eit oppdrag. Dette førte ikkje til hektisk aktivitet der han sleit ut både seg sjølv og dei rundt seg. Livssynet hans gjorde at han brukte mykje tid med Gud. Han forstod at forholdet til Gud er viktigare enn det han kan gjera for Gud. Livet med Gud er viktigare enn tenesta for Gud! Jesus viste dette ved å prioritera måten han brukte tida si på. Han gjekk avsides for å vera åleine med Gud.[14] Han stod tidleg opp for å be og bruka tid åleine med Gud.[15] Han kunne vera oppe heile natta i bønn og fellesskap med Far.[16]

I fellesskapet med Gud får me innsikt som me ikkje kan få på nokon annan måte. Når me bruker tid med Gud kan me sjå kva Gud gjer i folk og samarbeida med han i det. Når me ber for folk kan me høyra kva Gud seier til folk i den stoda dei er i og om dei vanskane dei slit med. Når me har brukt tid med Gud kan me setja folk fri ved å tala ord frå Gud til dei. Me kan løysa ut Guds kraft til frelse og helse når me har vore i Guds nærvær og veit kva Gud vil gjera for folk.

Grøda er stor – arbeidarane er få

Jesus hadde eit veldig positivt bilete av menneska som opne, lengtande og klare til å ta imot den gode bodskapen hans om Guds rike. Han gjorde det heilt klart for disiplane at verda er ein moden åker som er klar til å haustast.[17] Han seier at grøda er stor, at det ikkje er noko galt med den store grøda, men problemet er at det er få innhaustingsarbeidarar.[18]

Det er med andre ord for få disiplar som har den same positive forståinga av folk som Jesus hadde. Alt for mange kristne tenkjer slik læresveinane til Jesus gjorde, at om nokre månader, då kjem hausten, då er kanskje folk opne for å ta imot godt nytt om Guds rike. Me har så lett for å avskriva folk, å seia at dei ikkje er opne eller interessert, før me har bede for dei, snakka med dei, eller formidla Guds kraft til lækjedom til dei.

Jesus gjer det veldig klart at han har sendt oss for å føra folk til Gud: Eg har sendt dykk for å hausta inn grøde (menneske) for det evige livet.[19] Me skal til og med få hausta inn der me ikkje har sått. Det må vera folk me ikkje har arbeidt med over lang tid, men møter, kanskje for første gong, i rette tid.

Då Jesus sendte ut dei 72 andre disiplane[20] til alle dei byane og bygdene han sjølv skulle til, gav han dei eit anna fokus enn det me vanlegvis tenkjer. Han sendte dei ikkje ut for å frelsa sjeler, men for å be om innhaustingsarbeidarar! Oppdraget deira var med andre ord å leita etter, finna, og senda ut arbeidarar som kunne berga inn heile grøda i desse bygdene og byane for Guds rike.

Dette ordet senda høyrest veldig flott ut. Me ser føre oss ordinasjon og utsending av misjonærar når me høyrer det. Det ordet Jesus her bruker er ikkje eit slikt høgtideleg ord. Han bruker faktisk det same ordet som er brukt om å driva ut ureine ånder eller å kasta ut demonar. Det er eit sterkt og kraftfullt ord han bruker, eit ord med dynamisk kraft i seg. Når me ser koss Jesus sjølv praktiserte dette forstår me litt av denne dynamikken.

Innhaustingsarbeidarar

Markus 5,1-20 fortel om koss Jesus kasta ut ein legion ureine og vonde ånder frå den galne mannen som heldt til i gravholene. Då han hadde vorte sett fri og var komen til sans og samling, bad han om å få vera med Jesus. Men Jesus gav han ikkje lov til det. I staden sa han til han: ”Gå heim til dine og fortel kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg!” Han sendte han ut, eller rettare sagt, kasta han ut på dei modne haustmarkene. Mannen gjekk av stad og tok til å fortelja alt det Jesus hadde gjort for han. Ikkje berre gjekk han til sin eigen heim, sin eigen landsby, han gjekk til alle dei ti byane i Dekapolis. Og alle undra seg då dei såg forandringa og høyrde vitnemålet til denne mannen som hadde fått eit nytt liv. Han vart ein innhaustingsarbeidar same dagen han vart sett fri.

Ei liknande døme finn me i forteljinga om den samaritanske kvinna.[21] Jesus snakka med henne, stikk i strid med dei religiøse fordommane som rådde grunnen, og ho vart overtydd om at Jesus var Messias. Straks let Jesus ho springa av stad for å fortelja folk i byen kva ho har opplevd saman med Jesus. I same stunda kom læresveinane tilbake frå byen. Dei hadde ikkje vunne ein einaste disippel der. Me veit ikkje eingong om dei hadde vitna eller forkynt for nokon i det heile. Det er mest sannsynleg at dei ikkje hadde tala med noko samaritan om evangeliet for samaritanane vart sett på som fiendslege og lite opne. Medan Jesus heldt på å gje dei eit nytt verdsbilete, eit nytt syn for kor opne dette folket eigentleg var for Guds rike, kom folk frå byen ut for å be Jesus om å verta verande der nokre dagar for å læra dei meir. Enden på denne soga er at så godt som alle i denne byen kom til tru på Jesus. Den samaritanske kvinna vart ein innhaustingsarbeidar same dagen ho møtte Jesus!

Multiplisering

Her rører me med noko heilt grunnleggjande. Ved å fokusera på å frigjera arbeidarar har Jesus gjeve oss eit dynamisk multiplikasjonsparadigme som liknar svært lite på det vanlege mønsteret for forsamlingsarbeid der me samlar folk ”kristelege” bygg. Det dynamiske multiplikasjonsparadigmet som Jesus har gjeve oss er heilt enkelt dette at me er sendt for å finna folk me kan senda for å finna nye folk som kan sendast! Jesus seier med andre ord at det handlar om å reprodusera seg sjølv. Det handlar om å setja i gang ein kjedereaksjon og vera ein del av ei grasrotrørsle som ikkje kan stansast eller kontrollerast for dette dynamiske livet smittar som virus frå person til person.

Slik Jesus har sendt deg, kan du senda nye disiplar for å hausta inn nye som kan sendast for å hausta inn nye som kan sendast for å…….!

Ver ein trufast utsending!

Jesus var trufast mot Gud ved å fokusera på oppdraget sitt og leva nært han som hadde sendt han, så han heile tida visste kva han skulle gjera. Dette gjorde at han kunne tala med frimod og mynde. Han visste at Gud stod bak han og var med han i det han sa og gjorde.

Det er godt og trygt å vera send. Det gjev tryggleik og stryke i motgangar og vanskelege tider å vita at me berre gjer det me er sendt for å gjera. Solveig og eg har opplevd dette mange gongar på veldig konkrete måtar når me har vore i India. Det har hjelpt oss til ikkje å gje opp eller verta skræmd i farlege stoder og det har hjelpt oss å løysa vanskar og utfordringar på ein guddommeleg måte. Profetord me fekk då me vart sende ut har vore til veldig stor hjelp for oss i arbeidet. Det er godt og trygt å ikkje arbeida på eiga hand, men å vera sendt både av Gud og menneske.

Jesus sa at han ikkje var åleine, for som hadde sendt han var med han.[22] Slik er det for oss også. Når me er medvitne om å vera sendt, vil me også vera trygge i vissa om at han som har sendt oss er med oss. Me må berre fokusera på oppdraget og prioritera tid og krefter i samsvar med det me er sendt til å gjera.

Når me er trufaste mot han som har sendt oss vil me vera til velsigning der me kjem. Med eit trufast sendebod fylgjer lækjedom, seier Guds ord.[23] Når me er trufaste mot oppdraget vil me vera til glede og hugnad for Gud og ein dag få høyra desse orda: ”Bra, du gode og trugne tenar.”[24]

Når me er trufaste vil me også vera til velsigning for dei som har sendt oss. Bibelen seier: Som svalande snø ein dag i skurden er ein påliteleg bodberar for sin herre, han gjev mot og kraft til den som har sendt han.[25]

Eg er sendt!

Når eg ser meg sjølv som sendt, får livet mitt meining og innhald. Då kan eg vera Guds sendebod i min eigen kvardag og leva eit heilt liv. Når synet på livet inneber at eg er sendt, vil eg sjå meg sjølv som agent for kjærleiken i slekta mi, nabolaget mitt og på arbeidsplassen min. Då vil eg vera oppteken av å gjera nærmiljøet og heile samfunnet ein betre plass å vera for menneske rundt meg.

Å vera sendt er ein del av livssynet mitt, det hjelper meg å forstå meg sjølv og verda rundt meg. Heile livet mitt får meining når eg ser at eg er sendt av Gud i alle dei stoder eg finn meg i. Det gjer det lett å ta ansvar. Det vert naturleg å ta initiativ. Då ser eg at Gud er med meg og bryr seg om alle detaljar i kvardagen min. Då kan eg tena Gud ved å vera eit medmenneske, ein god arbeidar, ein kunstnar, eller kva det skulle vera Gud har gjort meg til. Eg er der eg er, fordi Gud har sett meg der, og fordi han vil bruka meg der til glede for folk og til ære for seg sjølv.


[1] Johannes 6,29

[2] Johannes 5,24

[3] Johannes 8,14

[4] Johannes 4,34

[5] Johannes 5,30; 6,38

[6] Johannes 5,19-20; 8,28

[7] Lukas 9,1-2; 10,1

[8] Matteus 28,18-20; Markus 15,15-18; Lukas 24,46-49

[9] Johannes 17,18; 20,21

[10] Lukas 4,40-44

[11] Lukas 5,32

[12] Lukas 19,10

[13] Johannes 3,17

[14] Matteus 14,13,23

[15] Markus 1,35; 6,46

[16] Lukas 6,12

[17] Johannes 4,35

[18] Lukas 10,2

[19] Johannes 4,36,38

[20] Lukas 10,1-2

[21] Johannes 4,1-42

[22] Johannes 8,12-18

[23] Ordtøka 13,17

[24] Matteus 25,21

[25] Ordtøka 25,13

Comments