Vårt oppdrag - mitt oppdrag
19/03/2007
Nokre gongar er det sunne og åndeleleg ein vanskeleg balansegang. I denne artikkelen prøver eg å setja lyset på spenninga mellom fellesskapet og individet. Koss kan me vera eit tett og nært fellesskap som frigjer folk og elskar fram initiativ og friske tiltak? Koss kan eg fullføra kallet og tenesta mi samstundes som eg underordnar meg fellesskapet? Koss får me personleg ansvar og fridom til å gå saman med lojalitet og underordning i fellesskapet? Eg har ikkje alle svara på desse spørsmåla, men voner at eg kan hjelpa kristne sysken til å tenkja gjennom stoda si så dei kan søkja Gud og finna svar for seg sjølve.
Misjonsoppdraget gjeld oss alle
Misjonsoppdraget slik me finn det i Matteus 28,18-20 og Markus 16,15-20 er det felles oppdraget me har som kristne. Difor er det også mitt eige personlege ansvar og oppdrag. Alle kristne har fått ordre om å gå ut i all verda og forkynna for alle folkeslag. Alle kristne er sett til å gjera folk til læresveinar, ved å døypa og læra dei til å halda alt Jesus har bode. Kva me gjer og måten me gjer det på, vil variera frå person til person i samsvar med utrustning og legning.
Misjonerande
Det felles oppdraget vårt inneber å hjelpa alle nye kristne til å gå ut og gjera nye folk til disiplar. Alle sanne kristne har eit misjonerande livssyn! Det inneber ikkje at me ser berre ser folk som ”misjonsobjekt” eller potensielle kristne. Det kristne menneskesynet er at alle menneske er verdifulle slik dei er i seg sjølv. Me bruker tid med folk, same kva tru dei har, fordi me liker å vera saman med dei. Å vera saman med andre menneske har stor eigenverdi. Me kan aldri sjå på folk berre som ein ”nytteverdi” som komande disiplar. Om me er sanne disiplar av Jesus vil me vera glad i folk og bry oss dei, samstundes som me frimodig forkynner evangeliet.
Eg har i det siste lese gjennom alle evangelia på nytt. Det har slått meg at Jesus knytte identiteten sin til det å vera sendt. Jesus omtala seg ofte som ”han som Gud har sendt”[1], og han omtala Gud som ”han som sende meg”.[2] Han sa: Eg veit kvar eg er komen frå og kvar eg fer av.[3] Jesus hadde eit livssyn der han oppfatta seg sjølv som sendt av Gud, og at han hadde eit oppdrag å fullføra. Denne forståinga styrde alt han sa og gjorde.
Innhaustingsarbeidarar
Det har slått meg kor oppteken Jesus var av å ta seg ut folk han kunne senda slik han sjølv var sendt av Gud.[4] Me veit at han valde ut tolv apostlar som han sendte ut. Men i Lukas 10,1-3 ser me at han valde ut 72 andre som han sendte ut. Dette var heilt vanlege disiplar som han sende ut to og to. Han sende dei ut til alle dei bygdene og byane han sjølv skulle til, and han sende dei for å be om innhaustingsarbeidarar. Grøda er stor, sa han, men arbeidarane er få. Be difor at han som eig grøda, at han må driva ut arbeidarar for å hausta inn grøda si.
For Jesus innebar det å vera sendt av Gud at han også måtte senda ut folk som tok del i oppdraget og som i neste omgang ville senda ut nye arbeidarar som ville frigjera nye arbeidarar. På denne måten ville han skapa ei rørsle av vanlege folk som på sikt ville snu opp ned på heile verda.
Kulturen blinda dei første kristne
Det misjonsoppdraget Jesus gav til disiplane var grensesprengjande stort. Oppdraget omfatta heile verda og alle folkeslag eller grupper av folk. Når me les dei fyrste kapitla i apostelgjerningane, ser det ikkje ut som om læresveinane forsto rekkevidda av det oppdraget Jesus hadde gjeve dei. Det ser ut til at dei var blinda av den jødiske kulturen på ein slik måte at dei tolka misjonsoppdraget inn i den jødiske samanhengen dei levde i. Difor var forsamlinga dei fyrste åra jødisk.
Det var fyrst då forfylginga tok til og dei kristne i Jerusalem vart spreidde at evangeliet vart forkynt til andre enn jødar. Den fyrste endringa kom då evangelisten Filip forkynte evangeliet om Guds rike i Samaria og mest heile byen kom til tru.[5] Dei fleste andre forkynte berre for jødar.[6] Eit unntak finn me i dei som kom til Antiokia. Dei forkynte for dei gresktalande og.[7]
Braut ut
Peter var det fyrste av apostlane som braut ut av den jødiske tankegangen som gjorde at dei ikkje forstod den grensesprengjande bodskapen i misjonsoppdraget. Det var ikkje lett for Peter å frigjera seg frå det vanlege jødiske livssynet han var oppvaksen med. Herren gav han eit syn, som han ikkje skjønte og difor i fyrste omgang nekta å gjera det Herren sa.[8] Det kom folk frå Kornelius til han etter dette synet, som fortalde at engelen hadde sagt dei skulle senda bod på Peter. Anden sa at han skulle verta med dei, og han tok til å forstå noko av meininga med synet. Då han stod framføre alle dei lengtande vennane til Kornelius og skulle forkynna kunne han seia: ”Meg har Gud vist at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint.” Då han let seg leia av Anden, kunne han fullføra sitt personlege oppdrag som ein viktig del av det store felles oppdraget. Men for å gjera det måtte han våga å gå utan om dei godtekne rammene og bryta med kulturelle paradigme som gav seg ut for å vera grunna på Guds lov.
Sprengde grenser
Peter møtte ikkje lite motstand for det han hadde gjort. Apostlane og alle dei kristne i heile Judea gjekk i rette med han: ”Du har gått inn til uomskorne og ete saman med dei.”[9] Peter stod fast på det Gud hadde vist han og det han hadde gjort leia av Anden. Han greidde til og med å overtyda dei andre kristne om at det han hadde gjort var rett.
Dei hadde alle fått eit oppdrag utan å forstå det rett. Kulturen deira blinda dei for det grensesprengjande innhaldet i oppdraget. Det var då einskild personar som Peter, Filip, og dei namnlause kristne frå Kypros og Kyréne, kvar for seg tok ansvar og let seg leia av Anden til å bryta dei gamle tankemønstra og veremåtane, at det store kristne fellesskapet fekk hjelp til å sjå det felles oppdraget i nytt lys og sjølv sprengja grenser.
Frå kollektivistisk til personleg tankegang
I Kristent Fellesskap har me lagt stor vekt på fellesskap, truskap og underordning når me har undervist om å vera forsamling som Kristi kropp, Guds hus og familie. Dette har vore både godt og rett. I ein vestleg kultur der trua er individualisert har det vore nødvendig å få fram den kollektive sida av kristenlivet. Me treng framleis halda fram kor viktig det kristne fellesskapet er for vårt personlege liv og kristne utvikling. Å byggja vennskap og varme relasjonar er grunnleggjande for alle åndelege kristne. Utan vennskap, fellesskap og tette band mellom kristne kan me ikkje snakka om bibelsk forsamlingsliv i det heile! Gud vil fellesskap. Gud knyter kristne saman og let dei fungera saman som lemmer på den same kroppen.
Mykje meir kunne seiast om dette, men når dette er sagt, treng me også å seia noko om dei grøftene me og dei som høyrer oss kan falla i. Gjennom lesing av evangelia og apostelgjerningane har eg opplevd at Den Heilage Ande har tala til meg om dette.
Grøftene
Når me snakkar om fellesskap, vennskap, truskap og underordning i forsamlingsamanheng kan me gå i den grøfta at me gjev dette for stor plass i forhold til det personlege ansvaret og den kristne fridomen. Me kan gå i den grøfta at me set dei andre høgare enn oss sjølve på ein gal måte. Om me går ut frå at det ”fellesskapet” eller ”leiarskapet” meiner og tenkjer alltid er rettare enn det me sjølv trur me har høyrd frå Gud, er me hamna i ei farleg grøft. Om folk ikkje tek friske initiativ på eiga hand, men heller ventar på å verta sett i arbeid, då er det eit teikn på at noko er gale. Om folk ikkje vågar å handla på det Gud talar til dei, men alltid må sjekka med leiarane sine om det er rett, er det ikkje noko sunt teikn.
I fellesskapet eg er ein del av i Bergen har me snakka ein god del om dette i det siste. Me har kome til at me må gå frå alt som smakar av kollektivistisk opplegg til personleg disippelgjering. Med kollektivistisk opplegg tenkjer me på alle kollektive aktivitetar, normer og forventingar der folk forsvinn i massen og det upersonlege kollektivet eller fellesskapet, som institusjon, får fyrsteplassen. I eit slikt opplegg får me avstand mellom folk og leiarar. Leiarane har ikkje lenger eit personleg forhold til folk, men preiker berre til kollektivet. Ein treng ikkje mykje innsikt for å sjå at dette er ein menneskeleg tendens som kan slå ut i jamvel små grupper av menneske. Me må heile tida motarbeida denne tendensen.
Fleire kristne pionerar
I fellesskapet i Bergen har me eit ynskje om å vera ei forsamling etter Guds hjarte. Me ynskjer at Gud skal få forsamlinga slik han vil ha henne. Me ynskjer å sjå multiplisering av disiplar og forsamlingar i byen og distriktet vårt. Difor søkjer me heile tida Gud for å kunna retta på det som må rettast til kvar tid, så me kan bera frukt som varer. Omvending er ein del av fundamentet for kristenlivet og det inneber å leva i endring heile tida. Me kan aldri slå oss til ro. Det er meir land å innta! Me legg ting bak oss og strekkjer oss etter Guds vilje i alle ting for å nå fram til kristen modnad.
Når eg ser korleis kristne veks i til dømes Kina og India med både motstand og forfylging, og samanliknar med den ”framgangen” me opplever, forstår eg at me har ein lang veg å gå. Men iveren etter å gå den vegen veks! Når eg les om den spontane voksteren av forsamlingar i Det nye testamente og den fyrste kristne tid, veks det fram ei bønn til Gud at han må gjera det på ny i vår tid, - i vår kultur. Når eg les om Hans Nilsen Hauge og Lars Levi Læstadius som på kort tid vart brukt av Gud til å føra mange tusen menneske til omvending og tru her i Skandinavia, ber eg om at Gud må reisa opp fleire kristne pionerar som dei. ”Herre, reis opp kristne som sver truskap til Den Heilage Ande og vågar å gå mot dei etablerte meiningane og veremåtane som hindrar Ordet og Anden å ha framgang og få makt i samfunnet vårt.”
Utsend av Den Heilage Ande
I forsamlinga i Antiokia var mange profetar og lærarar. Ein gong desse var samla til gudsteneste og faste, sa Den Heilage Ande at dei skulle ta ut Barnabas og Paulus og frigjera dei til den tenesta han hadde kalla dei til. Dei heldt fram med å fasta og be, og så la dei hendene på desse to som var utpeika av Anden og lét dei fara for å fullføra den nye gjerninga.[10]
Lukas som skriv om dette som hende på denne måten: ”Dei som såleis var utsende av Den Heilage Ande, drog …” Mange menneske var med på denne utsendinga, men dei er ikkje rekna med her. Det som hadde noko å seia var at dei var utsende av Den Heilage Ande. Det er ein god ting å verta sendt ut av ei forsamling eller eit nettverk av forsamlingar, men det viktigaste er å vera utsend av Den Heilage Ande!
Hindra av Anden
Seinare ser me at Paulus har eit heilt arbeidslag med seg. Dei vart hindra av Anden å forkynna i Asia og freista å fara til Bitynia, men heller ikkje her gav Anden dei lov. Difor drog dei til Troas. Om natta hadde Paulus eit syn. Då han hadde hatt dette synet, prøvde dei straks å fara til Makedonia, for dei skjøna at Gud hadde kalla dei til å forkynna evangeliet der.[11] Det var ein mann som hadde synet, men alle forstod at dei var ein del av synet og var kalla av Gud til å vera ein del av det same oppdraget. Her ser me at Gud kan tala til éin mann på ein slik måta at mange andre opplever at Gud også talar til dei gjennom det han sa til den eine. Måten Gud talar på har ikkje mykje å seia, det som tel er å høyra kva han seier og handla på det, for då er me utsende av Den Heilage Ande.
Bunden av Anden
Når Paulus tek farvel med leiarane i forsamlinga i Efesos[12] seier han at han fer til Jerusalem, bunden av Anden. Han veit ikkje kva som skal møta han der. Han veit berre at Den Heilage Ande vitna for han i by etter by at det venta han lenkjer og forfylging. Hans høgste ynske er å fullføra løpet og tenesta han fekk av Herren, same kva som møter han.
På reisa si mot Jerusalem kom han til Tyros. Der leita han opp disiplane og vart verande hjå dei i sju dagar. Det var ein del av livet hans å vera i lag med kristne sysken. Drivne av Anden sa læresveinane i Tyros at Paulus ikkje måtte dra opp til Jerusalem. Men Paulus og reisefylgjet hans heldt fram på reisa si etter heile forsamlinga hadde bede for dei.[13]
Let seg ikkje overtala
I Cæsarea vart dei verande nokre dagar hjå evangelisten Filip. Medan dei var der kom profeten Agabus ned til dei frå Judea med eit ord frå Gud til Paulus. Han sa at Paulus kom til å verta bunden og gjeven i hendene på heidningane i Jerusalem. Då folk høyrde denne profetien bad dei han om å ikkje dra opp til Jerusalem. Heile arbeidslaget som fylgde Paulus sa det same, men han let seg ikkje overtala. Han sa at han var klar, ikkje berre å lata seg binda, men òg til å døy i Jerusalem for Herren Jesus. Då folket på staden og medarbeidarane hans forstod at dei ikkje kunne få han til å skifta meining, roa dei seg og sa: ”Lat Herrens vilje råda!”[14]
Sunn haldning til profetord
Paulus viser oss med si handling ei veldig sunn haldning til profetord og gode formaningar frå velmeinande kristne. Han fekk svært klare åtvaringar ved Den Heilage Ande om det som venta han i Jerusalem, men han gav ikkje etter for press om å handla på ein serskild måte på desse profetorda. Det verka som om alle hadde meiningar om koss han burde tolka profetorda og kva han måtte gjera på grunn av dei. Paulus var bunden av Anden og visste at han måtte til Jerusalem same kva som venta han der. Difor kunne han stå støtt og ikkje verta manipulert av kva andre meinte.
Indre overtyding
Det er mange som meiner mykje om kva som er rett for oss å gjera i dei ulike stoder me kjem opp i. Om me ikkje er bundne av Anden og ei indre overtyding, kan me lett verta eit offer for ”gode meiningar”. Eg har fått mange profetord som har vore til stor velsigning for meg, men eg har òg fått ord og meiningar som ikkje har vore til hjelp, men heller gjort ting vanskeleg for meg. Dette gjer at eg må mana alle, men serskild kristne leiarar, til varsemd på dette området.
Ikkje ver ulydig mot det himmelske synet
Me har fått del i den trua som ein gong for alle har vorte overgjeven til dei heilage.[15] Me har fått del i eit himmelsk kall[16] og ei himmelsk openberring, eit syn av Kristus.[17] Me har fått del i Kristi mysterium. Gjennom heilage apostlar og profetar har Gud vist oss at me har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Jesus Kristus.
Dette himmelske synet om Kristi kropp må vera styrande for oss på same måte som det var for dei fyrste kristne. Me høyrer til det kristne fellesskapet. Me har eit felles oppdrag. Folkeslag skal gjerast til disiplar. Verda skal verta ein betre stad å vera. Samfunnet skal byggjast og utviklast. Guds rike skal koma. Guds vilje skal råda på jorda. Heile jorda skal verta full av kunnskap om Guds herlegdom.
Gje meg heilt og fullt
Det er berre vår felles innsats som kan sjå dette fullført. Det gjeld vårt felles oppdrag. Men det gjeld like mykje mitt eige personlege oppdrag innanføre det store felles oppdraget. Eg vil berre kunna vera med å fullføra det store felles oppdraget om eg vågar å gje meg heilt og fullt til det Gud har kalla og utrusta meg personleg til å gjera. Eg må med andre ord sjå meg sjølv som ein del av heilskapen samstundes som eg må vera lydig mot det Gud har vist meg, jamvel om andre ikkje forstår meg eller er usamde med meg. Eg vil berre vera til hjelp og velsigning for fellesskapet når eg er lydig mot Anden og let meg styra av det himmelske synet.
Den vanskelege balansekunsten
Det er alltid grøfter på begge sider av vegen og det går an å falla i dei begge! Ofte er det ikkje snakk om ein brei veg, men ein smal stig med grøfter på begge sider. Nokre gongar er det sunne og åndelege ein vanskeleg balansegang, men ofte har me som kristne stor fridom i måten me lever ut det kristne livet.
Vårt ynskje om å vera opne og ha rett forhold til fellesskapet, og særleg venner som me ser opp til, kan føra til at dei for kvikt og rett fram seier kva som er Guds veg for oss. Det er jo lettvindt å få ferdige svar, men det kan føra til at me lit meir på andre menneske enn på Gud. Ofte ville det vera betre å få spørsmål tilbake i staden for kvikke svar. ”Er du sikker på at det er lurt at du arbeider så mykje som du gjer?” er mykje betre enn ”eg trur du skal sei opp jobben din!”
Til og med når me berre ynskjer å tena og hjelpa våre medkristne må me vera medvitne om å ikkje krenka folk ved å gå inn på deira einemerke. Me må som fellesskap vera vare for folk så me ikkje trør over fine grenser som lett kan gløymast. Å vera velmeinande og tenande er inga garanti i seg sjølv for ikkje å trø feil ved å gje så sterke råd at folk kan verta bundne og ufrie.
Mitt personlege ansvar
Vårt kristne misjonsoppdrag er mitt oppdrag. Mitt personlege ansvar er å finna ut kva Gud vil eg skal gjera kvar tid og stund. Eit godt kristent fellesskap vil hjelpa meg å finna kallet, tenesta og plassen min, men det er alltid mitt personlege ansvar å høyra frå Gud, gjennom Ordet og Anden, og gjera det han seier. Når eg vågar å vera lydig mot Gud, vil eg vera med å frigjera åndeleg liv i det fellesskapet eg er ein del av.
Tekst: Erling Thu
[1] Johannes 6,29
[2] Johannes 5,24
[3] Johannes 8,14
[4] Johannes 17,18; 20,21
[5] Apostelgjerningane 8,5-17
[6] Apostelgjerningane 11,19
[7] Apostelgjerningane 11,20
[8] Apostelgjerningane 10,1-48
[9] Apostelgjerningane 11,1-18
[10] Apostelgjerningane 13,1-3
[11] Apostelgjerningane 16,6-10
[12] Apostelgjerningane 20,17-38
[13] Apostelgjerningane 21,3-6
[14] Apostelgjerningane 21,7-14
[15] Judas 3
[16] Hebrearane 3,1
[17] Efesarane 3,3-11