Ready for India
Tenk som Jesus: Eg er sendt!

ALLE HAR EIT LIVSSYN

…….livssynet vårt er dei ”brillene” me ser og forstår verda gjennom…….

Alle menneske har eit livssyn. Det er ikkje alltid me kan forklara det skikkeleg, men me ser alt anna gjennom det. Me kan seia at livssynet vårt er dei ”brillene” me ser og forstår verda gjennom, og som styrer dei avgjer me tek (ofte umedvite) om kva som er verkeleg og viktig eller uverkeleg og uviktig.

Alle livssyn gjev oss svar på dei same grunnleggjande spørsmåla:

1.      Skapningen: Korleis vart verda til? Kor kjem me frå? Kvifor er me her?

2.      Fallet: Kva gjekk galt? Kva er kjelda til uretten, vondskapen og lidinga i verda?

3.      Frelse og gjenreising: Kva kan me gjera med denne stoda me er i? Korleis kan verda koma i rett skikk?

Ved å bruka desse enkle spørsmåla medvite kan me setja ord på det kristne livssynet vårt og identifisera ikkje-bibelske livssyn, og gje ei vurdering av kor dei tek feil. Det skal eg ikkje gjera i dei to neste artiklane som kjem på denne sida, men eg vonar å kunna gjera det seinare. No vil eg berre prøva å sjå på Jesus og nokre av dei tankane som styrde han. Eg voner at dette vil hjelpa oss til å forstå kvifor me er her og gje oss noko stort å leva for. Eg håper at eg kan få fram ei viktig side av det kristne livssynet, at me kjem frå Gud og at han har ein plan for livet vårt.

Comments