Guds bodberarar
Faktorar til endring

Tankar frå Jesajaboka

Dei fyrste fem kapittel fungerer som ei innleiing kor den dåverande katastrofale stoda vert sett opp mot den herlege framtida til Guds folk.

Det som er kjernepunktet i Jesajaboka er konflikten mellom Gud som dommar og frelsar, mellom rettferd og miskunn og truskap. Fordi Israel ikkje levde i samsvar med pakta dei hadde gjort med Gud var straffa for paktsbrot ikkje til å unngå. Jesaja forkynner at dommen kjem som ein reinsande eld som fører frelse med seg. 1,21-28; 4,2-6

Koss kunne ein nasjon med ureine lipper verta brukt av Gud til å kalla nasjonane til Guds hus 2,1-5? På same måte som profeten med dei ureine lippene vart Guds reiskap, Guds heilage røyst til eit forderva folk – ved eld 6,5-7; 66,17-19.

Kap. 6-39 skildrar den dommen som kjem til eit folk som ikkje vil lita på Gud. Utan tru er dommen uunngåeleg 39,5-7.

Ut av dommen si øydelegging vil Gud føra fram eit reinsa folk, ein rest. Gjennom dei vil Gud visa sin herlegdom, - at han åleine er Gud! 40-48

Koss ser Guds mektige frelsande arm ut? Alt i 7-12 finn vi eit uventa bilete av frelsaren og utfriaren: EIT BARN. Ein son som er mild og fredeleg, som gjer ende på krigane, ikkje gjennom overveldande maktbruk, men ved å ta alt det vonde på seg og slik gjera ende på det. Det er ikkje Kyrus som Herren bruker til denne frelsa, men Herrens Tenar som kroppsleggjer og er alt det Israel svikta i. Han tek på seg all vondskap og gjev godleik tilbake 52,13-53,12. På bakgrunn av håpløysa i fangenskapet kan det sanne håpet verta synleg. Det er gjennom Guds dom at Guds verdsvide suverenitet og hans syndøydeleggjande truskap vert vist.

Guds kall til eit rettferdig liv (lova) vert ikkje avskaffa av lovnaden om frelse. Dei som vert utfria og frelste skal leva rettferdige liv. Koss kan dei det? Ved Guds nådekraft. Gud ikkje berre frir ut folket frå synd, han set dei også i stand til å oppfylla hans rettferdige krav til eit heilagt liv 59,14-21. I si rettferd kallar han oss til eit rett og heilagt liv, i sin trufaste miskunn gjev han oss den nåde vi treng for å leva slik! Dei som lit på si eiga rettferd er ikkje betre enn heidningane, men dei som lever rett fordi dei trur på og er avhengige av Guds i standsetjande nåde.

Emne som går gjennom heile boka:

Gud er Den Heilage.

Han er annleis, han kan ikkje semjast, foreinast med denne verden!

Han er Skapar og Herre over historia

Det at Gud er heilag understrekar at han er skilt frå, at han er annleis enn det kosmiske systemet vi lever i. Han er ikkje ein av mange gudar, han er den einaste Gud. Hans ære og herlegdom er ikkje avhengig av koss det går med Israel 36,18-20 slik assyrarane trudde. Gud er Gud for alle folkeslag og nasjonar! Alle står under Guds dom. Gud bruker assyrarane til å straffa Israel.

40-48 er å sjå på som ein rettssak kor Gud kallar gudane til vitne. Han utfordrar dei til å bevisa at dei er guddommelege! Jesaja som talar for Gud, seier at ingen av dei kan bevisa dette! Avgudane er ein del av dette kosmiske systemet 44,6-20. Gud står utanføre og over det kosmiske systemet! Han er Skaparen 40,21-26. Han åleine er sjølveksisterande, og alle ting er avhengige av han for deira eksistens 44,6-8. Han er ikkje påverka av systemet, han påverkar systemet! Difor kan han gjera nye ting 43,14-21, han er ubunden av historia.

Gud er Utfriar og Frelsar

Guds heilagdom kjem tilsynes i hans frelsande utfriing av folket sitt. Han er Israels Heilage, vår frelsar 47,4! Det er dumt å prøva å leva som om den Heilage Gud ikkje hadde allmakt 5,24. Det er vist å tru og lita på Den Heilage, som kan ta det brotne og knuste og gjera det heilt att. Dette er Guds heilagdom: ikkje opphøgd, fråskilt fullkome lys, men ein uendeleg skapande kjærleik som kan det som er øydelagd og skitna til av synd og gjera det nytt!

Messias

Dersom Gud er Skapar, Herren over historia og Utfriaren, då må frelsa visast i historia! Gud hadde gjeve lovnader til David som ikkje lett kunne oversjåast 55,3-5. Difor vert det Messianske riket heilt nødvendig. Gud har sett seg føre å demonstrera sitt rettferdige styre her i tida på jorda! Han vil visa sin herlegdom! Då vil alle ting bøya seg under hans herlege styre! Rettferd og fred skal råda!

Messias gjerninga kan samlast i to polar: Konge og Lidande Tenar. Mange meinar at desse ikkje går saman, men gjer det når vi ser nøye etter. I kap.1-39 er det det kongelege aspektet av messiasgjerninga som står i fokus. Renninga av Isais rot skal styra med rett og rettferd, ikkje berre for Israel, men for heile verda 11,9-10

I kap. 40-66 vert Messias framstilt som Herrens Tenar og det er gjennom han alle nasjonane vil læra Gud å kjenna! Israel svikta si oppgåve, men Tenaren vil vera det lyset dei ikkje var. Han vil føra rettferd ut til folkeslaga 42,1-9; 49,6. Den audmjuke Herrens Tenar i kap.40-55 samsvarer med det barnet som skal vera Messias i kap 1-39.

Guds frelsande styre kjem til eit klimaks i 60-62 der vi finn at Skaparen og Frelsaren vil skina gjennom folket sitt så heile verda kan sjå hans herlegdom!

Tru og tillit

Jesaja gjer det klart at i forholdet til Gud er tru og tillit heilt avgjerande! Det er det einaste vise vi kan gjera, å lita på Gud 28,16; 30,15.

I følgje Jesaja er Gud veldig personleg, han er ikkje bunden av noko anna enn sin eigen nådige karakter. Han kan ikkje manipulerast av magi eller liknande ting. Han er absolutt påliteleg! Han gjer det han seier!

Vi kan stola på Gud fordi alt anna vil mislukkast!

Vi kan stola på Gud for han vil ikkje svikta folket sitt. Når håpet er ute kjem han med frelse 10.20-27; 12,2. Guds kjærleik er usvikeleg 54,10; 49,14-16!

Synd

Synd vert framstilt som opprør og hovmod. Det gjev seg utslag i tilbeding av andre gudar 17,7-8  som også er å opphøgja mennesket 2,12-17. Kven sin herlegdom fyller jorda? Kven skal tilbedast? Assyria er berre ein reiskap i Guds hand 10,12-16. Babylon insiterer på å vera den største som vil sitja på himmeltrona 47,10-11; 13,13-14. Jerusalem gjer seg også til 3,16-23 og religiøse ekspertar spottar dei som ikkje er så flinke som dei 65,1-5. Alt dette er opprørssynd. Det er hovmod å ikkje gje Allhærs Gud, Israels Heilage, den rette plassen!

Synd gjer seg også utslag i å redusera religiøs oppførsel til ritual or seremoniar i staden for eit liv som avspeglar Guds natur og vesen. Det vi ser i 1,10-15 slår ut i full blom i 66,1-6. Gud vil ikkje ha religiøs oppførsel, han vil ha eit rettferdig liv! Å vera knust og skjelva for Gud er rett livsførsel 57,15; 66,2, det er dette som kjenneteiknar trufast paktslydnad!

Frelse

Gud bruker menneske til å visa at han er ein frelsande Gud! Frelsa viser Guds rettferd. I kap. 1-39 handlar det mykje om den rettferdige livsførsel som Gud ventar av folket sitt. I kap 40-55 handlar om Guds rettferd i å utfria folket sitt. I kap 56-66 ser vi at Guds rettferd set folket hans i stand til å leva rett. Med andre ord seier Jesaja at frelsa kjem frå Gud åleine! Folket kan ikkje frelsa seg sjølv. Hans frelse er rettferdig, både fordi det er ei oppfylling av lovnadene til Abraham, og fordi ho er i samsvar med Guds natur og vesen som alltid er nådig! Guds Heilage Ande er verksam i å verkeleggjera denne frelsa i folk sine liv 32,15-17; 44,3-5

Comments