The Sun and the Light
Tankar frå Jesajaboka

Guds bodberarar

Profetane var Guds bodberarar til paktsfolket og til nasjonane. Dei var kalla til å gjera Guds vilje kjend, ved å undervisa folk i Guds ord og lov, ved å bera fram domsord over folk og nasjonar som hadde gjort opprør mot Gud, ved å tala tilrettes både folk og leiarar for synd og ugjerning dei hadde gjort, og ved å gjera det som til kvar tid trongst for å fremja Guds vilje mellom folket. Profetane var med andre ord kalla til å læra, undervisa, rettleia og irettesetja folk, leiarar og nasjonar, så vel som å forkynna komande hendingar.

Tilliten til profetane er knyta til tanken om at dei ikkje forkynte sine eigne meiningar, men at dei tala ord dei hadde fått frå Gud. Profetane var Guds sendebod og talsmenn. Dei var oppreist og sendt av Gud sjølv. Dei var ikkje opplærde ved nokon institusjon, men var salva, inspirert og drivne av Den Heilage Ande.

Profeten Samuel starta såkalla profetskular der han underviste folk i Guds ord og hjelpte dei til å kunna høyra frå Gud og bera fram profetord frå Gud. Me finn spor etter desse profetskulane, flokkar av profetar som søkte Gud saman og som forkynte Guds vilje til folket gjennom skiftande tider, heilt fram til dei siste profetane som er nemnde i Det gamle Testamentet. (1.Kong.20,35; 2.Kong.2,3-15; 4,1,38; 5,1,22; 6,1).

Nabi – hebraisk for profet

Grunntydinga av dette hebraiske ordet er å koka over, bobla opp – som ei oppkome, ei kjelde, og vart brukt om å la ord strøyma fram slik dei gjer som talar oppglødde inspirerte. Profetane opplevde at det kokte på innsida, at det bygde seg opp eit indre press som gjorde at dei ikkje kunne teia lenger, men tala med kraft og styrke.

Ordet vart også brukt om alle dei måtane som profetane brukte for å formidla Guds vilje og utføra det profetiske oppdraget på, slik som:

  1. Forkynna komande hendingar, ting som høyrde framtida til
  2. Tala i Guds namn, tala på vegne av Gud, vera Guds bodberar og sendebod som stod for hans autoritet (2.Mos.7,1; 4,16)
  3. Å vera i profetisk glød eller ekstase der dei messa eller song heilage lovsongar eller hyllingar til Gud medan dei var under guddommeleg påverknad (1.Sam.10,11; 19,20; 2.Krøn.25,2-3).
  4. Å rava i ekstase slik det var vanleg at Baalprofetane gjorde (1.Kong.18,29; 1.Sam.18,10) då dei gav seg ut for å vera heilt fulle av Baal, men me finn det også mellom dei sanne profetane då dei var fulle av Anden og ikkje heilt kunne styra seg sjølv (sjå 4.Mos.24,4; Esek.1,28; Dan.10,8-10; 1.Sam.19,24; Jer.20,7).

Dei to hovudtankane knytt til profeti, er for det fyrste det å kunngjera noko som skal henda, og for det andre å forkynna Guds tankar og vilje inn i ei stode, som å forkynna dom, truga med straff, irettesetja, eller helst å oppmoda folk til å venda seg til Gud og gjera hans vilje, - driven og inspirert av Gud.

Comments