Tankar frå Jesajaboka
Ready for India

Faktorar til endring

Vi er på mange måtar midt inne i eit paradigmeskifte. Det inneber endra tenkjemåte og grunnsyn slik at utfordringar og vanskar vert løyste på nye måtar. Vi vender tilbake til det grunnleggjande i kristenlivet. Vi går tilbake til røtene våre og vi finn ny meining i det Gud viste oss då vi starta Kristent Fellesskap.

Alt veksande liv er i endring. Alle levande organismar er i endring og må leva i fornying, elles døyr dei. Alle kristne treng å leva i stadig forfrisking i trua og fornying i kristenlivet.

Eg har bede Gud visa meg koss vi kan leva i fornying. ”Kva skaper veksande liv i endring? Kva fremjar fornying, forfrisking og framgang?” Det er spørsmål eg har gått til Gud med. Eg opplevde at Gud gav meg eit enkelt svar: ”Gå til Apostelgjerningane 2,41-47 og sjå på dei fire B-ane – Bibel, Brorskap, Brødsbryting, Bønn. Og sjå på koss dei første kristne levde fylte av Anden”.

Kvifor er dei fire B-ane så viktige? Fordi Anden bruker dei til å frigjera nytt liv og skapa endring! Den Heilage Ande er Livgjevaren! Han skaper nytt liv. Han fornyar og omskaper oss. Han skaper orden ut av kaos. Anden forandrar og forvandlar det kristne fellesskapet. Anden frigjer eit dynamisk liv som multipliserer seg sjølv i stadig fleire menneske og veksande fellesskap kristne.

Det står om dei første kristne at dei heldt fram i undervisninga frå apostlane. Dei heldt urikkande fast ved Ordet og gav seg til den nye forståinga av dei gamle skriftene. Dei heldt urikkande fast på brorskapen og levde eit fellesskapsliv ingen før hadde sett. Brødsbryting og bønn var dagleg levd kvardagsliv og ikkje noko som høyrde heime i heilage hus på spesielle dagar. Dei hadde eit klart fokus i alt dei gjorde. Dette fokuset førte til ein tenande livsstil og eit enkelt liv i glede. Dei hadde ikkje ein skippertak tankegang, men dei var uthaldande og visste at det dei gjorde ville bera frukt i si tid.

1. Bibelen

Dei første kristne heldt seg trufast til læra frå apostlane. På pinsedag tok tre tusen menneske imot ordet, som vart forkynt, ved å verta døypt og lagd til det kristne fellesskapet. Dei tok imot Ordet og var lydige mot Ordet. Det kristne livet handlar om å høyra frå Gud og gjera det han seier!

Det er skapande kraft i Guds ord! Han talte og det skjedde, han baud og det stod der![1] Guds ord i menneskemunn har same verknad. Ordet om Korset er Guds kraft til frelse for kvar den som trur.[2] Difor må den som taler gje folk Guds ord og ikkje eigne meiningar![3] 

Å høyra Gud tala til oss, gjennom forkynning, undervisning, lesing eller samtale, og gjera det han seier til oss, fører alltid til forandring. Kvar gong eg les i Bibelen ser eg nye ting og får nytt lys og djupare innsikt i ting eg trudde eg visste frå før! Når vi kjem til Guds ord med eit ope hjarte og sinn vil Gud tala til oss og visa oss nye ting. Guds skaper fornying og forandring i meg og i det kristne fellesskapet. Men forandringa kjem berre til oss når vi gjer det nye Gud viser oss!

Apostlane gav vidare den undervisninga dei hadde fått av Jesus. Denne undervisninga var sentrert om Jesu liv, død og oppstode. Dei levde i fellesskap med Jesus i tre og eit halvt år. Det var eit mobilt fellesskap og ikkje eit fastbuande fellesskap. Jesus var alltid på vandring, og gav undervisninga si ut frå dei mange ulike stoder dei var oppe i. Han svarte på verkelege spørsmål og ikkje på hypotetiske problemstillingar. Gjennom alt lærte dei at Jesus brydde seg om folk, at han var glad i folk og møtte behova deira. Det sentrale i forkynninga hans var Guds rike. Han demonstrerte at Guds rike var nær ved å kasta ut demonar og gjera dei sjuke friske att. Faktisk var heile livet hans ei synleggjering av Guds rike, av Guds nådige og frigjerande makt til frelse frå djevelen og hans gjerningar.

Apostlane viste ut frå Skriftene at Messias måtte lida, døy og stå oppatt.[4] Ved hjelp av Anden nytolka dei profetorda i Det gamle testamentet. Dei hadde innsikt i det profetane ikkje forstod då dei granska sine eigne profetord.[5] Den apostoliske undervisninga i Det nye testamentet er sentrert om Jesu liv, død og oppstode, og er samla i denne vedkjenninga : Jesus Kristus er Herre! Jesus står for eit nytt liv, eit brot med det gamle lov systemet, dei firkanta reglande og det tronge livet til dei religiøse tradisjonane som farisearane og dei skriftlærde stod for.

Apostelen Paulus seier: Ver mine etterfølgjarar, liksom eg følgjer etter Kristus![6] Han er det vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.[7] Han seier vidare at både apostlane og profetane er berarar av ei grunnleggjande openberring av Kristus, og det å tilhøyra Kristi kropp. I Kristus har vi alle del i den same arven, den same kroppen, og den same lovnaden.[8] I Kristus har alle som trur tilgang til Far i éin Ande.[9]

Skal kroppen fungera rett må kvar lem høyra frå hovudet, men ein kan gjerne høyra frå Gud gjennom andre menneske. Vi må læra å skilja Guds røyst frå menneskelege meiningar og synsing, jamvel om det er leiarar som seier noko til oss. Men det er viktig å læra å høyra Gud gjennom andre menneske. Gud kan til og med tala til oss gjennom ikkje-kristne.

2. Brorskapet – fellesskapet – samfunnet av dei heilage

Det er ikkje mange ord som har betre klang enn ord som brorskap og fellesskap. Eg har gjennom eit langt liv lært å setja pris på samfunnet av dei heilage søsken i trua. Det greske ordet for fellesskap er ”koinonia” som står for tett fellesskap, nært partnarskap og vennskap, det vi kallar brorskap. Det handlar om å dela med kvarandre, om å halda saman i tjukt og tynt og ha alt i lag.

Det hender at eg vert trøytt av å gå på møte, men eg elskar brorskapet høgare enn nokon  gong før! Det er ikkje alle møte som er like oppbyggjelege, men det er alltid gildt å møta ein bror eller ei søster i Kristus. Det finst ikkje noko så verdifullt som samfunnet av dei heilage. Vennskap med kristne kan ikkje liknast med noko anna!

Somme av oss, Robert Erlandsen, Tony Jessen, Noralv Askeland, Åge Pettersen, Knut Osland og Per Erik Olsen, har halde saman i 25 år. Vi har hatt våre konfrontasjonar og utfordringar, men vi har lært å verdsetja brorskapet i Guds forsamling.

Vern i brorskapet

Forkynnaren seier at to er betre farne enn ein, for dei har god lønn for strevet sitt. Om dei dett, kan den eine reisa opp vennen sin; men usæl er einstøingen som dett og ikkje har nokon til å reisa seg opp! Likeins når to ligg i hop, så vert dei varme, men korleis skal ein verta varm åleine? Og om nokon kan vinna over den som er åleine, so kan to stå seg imot han, og tretvinna tråd slit ein ikkje av så snart.[10]

Det finst med andre ord eit trygt vern mot fienden i det kristne fellesskapet. Alle kan falla, men stakkars den som er åleine og ikkje har nokon til å hjelpa seg opp og vidare i livet. Når vi er saman med andre, kan vi halda kvarandre varme og brennande i trua. Går vi åleine kan vi mista alt. Det er betre å vera to enn ein, for dei er meir effektive saman enn kvar for seg![11] 

Brorskapet forandrar oss

I det kristne fellesskapet vert karakteren vår forma og personlegdomen forma. I samhandling med andre kristne ser vi oss sjølv på nye måtar og vert utfordra av deira gudsfrykt til å ta oppgjer med sjølviske haldningar. Jern kvesser jern, og de eine mennesket sliper det andre.[12] Kristne skjerper kvarandre og hjelper kvarandre å leggja av ting som ikkje er gode. Venner utfordrar kvarandre til endra haldningar og ny livsførsel.

Liksom andletet speglar seg mot andletet i vantet, slik finn det eine mennesket hjarta sitt att hjå det andre.[13] I samfunnet av dei heilage finn vi att dei same lengtane, draumane og kampane hjå kvarandre slik at vi kan læra av kvarandre og setja mot i kvarandre. Det er til og med betre med openberr refsing enn kjærleik som ein held duld. Ein ven er trufast jamvel når han slår, men fiendens kyss er svikefulle.[14]

Det kristne ekteskapet er den første staden dei gifte vert prøvd på si vilje til fellesskap og vennskap. Eg veit ikkje om noko forhold som kan ha så store verknader på oss som ekteskapet. Ekteskapet forandrar oss. Ingen har betydd meir for meg og mi åndelege utvikling enn Solveig, kona mi!

Nye former

Vi lever i ein annan kultur enn den Bibelen vart skriven i. Det kristne fellesskapet vart født i ei tid som er svært ulik den tida vi lever i, samstundes som dei grunnleggjande menneskelege utfordringane er dei same. Dei første kristne reiv seg laus frå den gamle religiøse kulturen og skapte nye former for fellesskap, på tvers av vanlege sosiale, etniske og religiøse skiljelinjer.

Vi må, som dei første kristne, finna nye måtar å leva fellesskap på i vår tid. Vi må skapa nye former for storfamilie i den norske kulturen vi lever i. Ei ny tid med kulturar i endring krev nye former! Metodar og former er ikkje viktige. Brorskap er viktig. Vennskap er dyrebart. Fellesskap kan vi ikkje leva utan! Men måten vi gjer det på må gjenspegla den tida og den kulturen vi lever i, så folk kan kjenna seg heime og samstundes vert utfordra til endring.

3. Brødsbrytinga – paktsmåltidet

Den moderne nattverdsfeiringa er veldig langt frå det paktsmåltidet Jesus hadde med læresveinane sine. Dei første kristne hadde verkelege måltid saman, medan evangeliske kristne i dag som regel nøyar seg med smular eller små oblatar og små, halvfulle beger saft. Det vert vanskelegare og vanskelegare for meg å vera heilhjarta med i det vi kallar nattverd, for det er så langt frå det Jesus og dei første kristne praktiserte!

Ordet nattverd betyr rett og slett kveldsmat eller kveldsmåltid. Trur du ein pastor som innbaud forsamlinga på kveldsmat ville vorte teken på alvor om han berre serverte små brødbitar og ørsmå beger saft? Men når pastoren ein søndagsmorgon bruker eit gammalt kyrkjeleg ord som ingen forstår, og innbyr oss til nattverd, då vert vi alvorlege og fylte andakt og tek imot ”kveldsmaten” han serverer!

Brødsbrytinga er for viktig og grunnleggjande for kristenlivet til at vi kan slå oss til ro, med den vanlege praksisen blant kristne i dag, med eit bitte lite symbolsk måltid. Paktsmåltidet handlar om gjennomgripande forandringar og er meint å frigjera eit dynamisk fellesskapsliv blant kristne. Dei første kristne braut brødet i heimane og åt i lag med ekte og inderleg glede.[15] Dei song og lova Gud så høgt at naboane gjerne ville vera med på festen. Det førte til at folk vart frelst og lagt til fellesskapet kvar dag.

Jesus brukte det jødiske påskemåltidet som ramme då han innførte det kristne paktsmåltidet, og sa at påskemåltidet skulle få si fullending i Guds rike.[16] Påskemåltidet minna jødane om store omveltingar. Det minna dei på utgangen av Egypt då dei sa farvel til trældommen og tok til på reisa til det lova landet. Det  minna dei på at dei måtte leggja bak seg ein identitet og livsstil som slavar, for å læra ein ny livsstil som bygde på ein ny identitet som eit fritt folk. I påskemåltidet feira dei at Gud ved blodet frå lammet sette dei fri og gav dei eit nytt liv.

Minnemåltid – oppbrot

Det kristne kveldsmåltidet er eit minnemåltid. Jesus sa at så ofte vi åt brødet og drakk vinen saman skulle vi minnast han.[17] Brødet er Jesu kropp. Begeret er den nye pakt i Jesu blod. Når vi bryt brødet og delar vinen det mellom oss, står Jesus i sentrum. Når vi et og drikk saman, fokuserer vi på Jesus. Vi tenkjer på inkarnasjonen sitt store mysterium, at Gud vart menneske. Vi tenkjer på det gode og frigjerande livet Jesus levde. Vi tenkjer på Jesu død og oppstode, at han har bore vår synd og teke vår straff på seg. Vi snakkar med kvarandre om å leggja ting bak seg og gløyma det som har vore, fordi vi kan leva i tilgjeving og nåde.

Brødsbrytinga er også eit framtidsretta trusmåltid. Jesus sa dette var siste gongen han skulle ta del i påskemåltidet før den store festen i Guds rike. Det kristne paktsmåltidet minner oss på håpet, den herlege framtida som ventar på oss i Guds rike. Kvar gong vi et brødet og drikk av begeret saman, forkynner vi Herrens død, heilt til han kjem![18]

Brødsbrytinga minner oss på at vi er pilegrimer, vi er på reise mot eit heilagt mål, vi er undervegs. Paktsmåltidet minner oss på at vi ikkje må slå oss til ro! Det er meir land å innta! Vi er ikkje framme enno! Men vi er frelste i tru! Alt Gud har lova vil han gjera! Jesu Kristi død og oppstode garanterer revolusjonerande forandringar i oss og i samfunnet vi lever i.

4. Bønnene – tid brukt med Gud

For mange er det lettare å snakka om bønn enn å be. Det finst mange rare tankar knyta til det å be. For meg handlar det rett og slett om å bruka tid med Gud. Bibelen seiar at rettferdig manns bønn har stor kraft og verknad.[19] Bønn har utretta ting som har vore sett som umulege og uoppnåelege.

Bønn har overvunne alle naturkrefter og naturlege element som eld, luft, jord og vatn har måtta bøya og føya seg som svar på bønn. Bønn opna Rødehavet. Bønn fekk vatn til å strøyma frå berget i øydemarka. Bønn fekk brød til å falla ned frå himmelen. Bønn fekk eld frå himmelen til å falla på altaret som Elija reiste på Karmel. Bønn har fått hærar til å rømma. Bønn har gjort sjuke friske. Bønn har gjeve blinde syn og døve hørsel. Både små og store under kan førast tilbake til bønn. Bønn har ført til vekking og frelse for tallause mengder menneske. Heile folkeslag er vunne for trua på Jesus som svar på bønn. Heile byar og bygder har vorte forvandla på grunn av bønn.

Be dei største bønner du kan førestilla deg! Du kan aldri be så store bønner at Gud når han svarar ikkje vil ønska at du hadde bede om meir.[20] Ikkje be om krykker til å støtta deg på. Be om venger så du kan fly til nye høgder!

Be åleine og be saman med andre. Be til faste tider og be utan opphøyr. Dei som ber saman, held saman, er det eit ordtak som seier! Bønn styrkjer relasjonane mellom folk. Solveig og eg har alltid bede saman, no meir enn nokon gong. Det er så godt og trygt å vera gift med ei kone som ber! Eg vil gje det rådet til alle gutar som ser seg om etter ei kone: Sjå etter ei jente som ber! Då er du sikra ei god kone og eit godt ekteskap!

Å be handlar om å bruka tid med Gud. Det er å venda sinn og tankar til han. Det er å samtala med Gud gjennom heile dagen. Bønn er fellesskap med Gud. Bønn forandrar alt, serleg dei som ber! Bønn er å seia at eg greier meg ikkje på eiga hand, - eg treng hjelp frå Gud. Bønn er å vera audmjuk og lengta etter forandring.

Vi står i ein åndeleg kamp, seier Guds ord.[21] Gjennom bønn, ved å leggja alt fram for Gud tek vi på oss den rustninga som vil hjelpa oss til å gjera motstand på den vonde dagen og å vinna over alt og verta ståande. Grunnkreftene i verda vil heile tida dra oss ned på eit menneskeleg og religiøst plan. Men vi er kalla til å leva eit liv i Anden. Når grunnkreftene rår, vert vi opptekne av reglar, metodar og ytre ting. Når vi lever i Anden lever vi ei stadig endring og vert omdanna til å verta meir lik Jesus![22]

Å vera vitne

Dei fire søylene for kristenlivet, som dei første kristne bygde på, gjorde det kristne fellesskapet til eit lysande fyrtårn i det åndelege farvatnet. Dei var som ein by på eit fjell. Livet dei levde saman kunne ikkje skjulast. Dei var både lys og salt i samfunnet på grunn av det liv dei levds frå hus til hus, i heim etter heim, i nabolag etter nabolag.

Dette var heilt i tråd med det Jesus sa: Når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.[23] Når vi har opplevd nåde og tilgjeving, kan vi ikkje halda det for oss sjølve, vi må fortelja om det til andre. Når vi har møtt Guds grenselause kjærleik og vorte forandra frå innsida, vil folk som kjenner oss merka det og stella spørsmål. Anden gjer oss til vitne om Guds kjærleik og hans forvandlande kraft.

Alt for mange kristne ber på draumar om vekking bygd på det tidlegare generasjonar opplevde. Dei ber om og ventar på at Gud på ny skal senda gammaldags vekking ein gong i framtida. Her treng vi å tenkja nytt. I staden for å be og venta på noko som skal koma, må vi utvikla ein ny misjonstankegang som gjer oss til innhaustingsarbeidarar i vår tid og i vår kultur. Jesus seier at hausten er stor, og at menneska er klare til å ta imot ordet om kjærleik og tilgjeving.[24] Utfordringane er mange og oppdraget vårt er stort, men Herren har lova å vera med oss til oppdraget er fullført.

Vi er kalla til å vera vitne. Vi er kalla til å demonstrera eit nytt liv, eit nytt fellesskap. Vi er kalla til å vera eit gudsrikefolk, som bryr seg om andre og som møter behov i krafta frå Den Heilage Ande, som er over oss og bur i oss.

Vi er vitne om Guds nåde og kjærleik. Vi er vitne til Guds frelsande og forandrande kraft. Vi er vitne om trufast vennskap og tett fellesskap. Vi vitne om Jesu nærvær hjå dei som trur i vår tid. Vi er vitne til at Gud arbeider i vår kultur. Vi vitnar om at Gud bryr seg om menneske!

Det nyttar ikkje å møta folk med logiske argument. Men å møta folk med kjærleik er alltid godt. Å fortelja kva Gud har gjort for meg, for ekteskapet mitt og jobben min, det gjer alltid inntrykk. Ingen kan motseia eit ærleg vitne. Forteljingar om Guds inngrep og hjelp i kvardagslivet vil mange lytta til. Dei første kristne sladra godt nytt om Guds kraft til frelse og forandring frå hus til hus. Det treng vi også å gjera i dag.

Å leva i forandring

Dei fire søylene eller grunnsteinane i kristenlivet, som vi her har skildra på ein enkel måte, vil hjelpa oss å leva i fornying og endring. Dei vil hjelpa oss å ikkje slå oss til ro, men heile tida tøya oss etter meir. Dei vil ta oss inn i nye djupner og føra oss til alltid større høgder i livet med Gud. Dei vil hjelpa oss å ha begge beina på jorda og hjartet i himmelen. Dei vil hjelpa oss å leva full av Anden og hans veldige kraft. Dei vil fylla oss med smittande glede og gjer oss fulle av tru og forventing.

Om vi går tilbake til dei fire grunnleggjande søylene for kristenlivet, som dei første kristne bygde dei veksande, dynamiske forsamlingane sine på, vil vi oppleva mange radikale endringar i det kristne fellesskapet. Då vil vi gå frå å vera styrt av menneske til å vera styrt av Gud. Då vil vi læra å høyra Gud både gjennom leiarane og søskena våre i trua.  Då vil vi gå frå organiserte møte i kyrkjelege hus til eit fellesskapsliv i kvardagen. Vi vil gå frå religiøse aktivitetar til å vera Jesu kropp i nabolag og på arbeidsplass. Vi vil slutta å vera passive tilhøyrarar til profesjonell preiking og verta aktive vitne i vår eigen kvardag. Vi vil ta ansvar for å byggja kvarandre opp, rettleia kvarandre og setja mot i kvarandre. Vi vil ta bønneansvar for våre kristne søsken og serleg for dei i høg stilling i samfunnet.

Dei fire søylene vil setja fokus på livet med Jesus og fellesskapet med kvarandre. Dei vil hjelpa oss til å sjå at vi alle er prestar for Gud, at vi alle har ei viktig teneste. Dei vil hjelpa oss å forstå at det handlar om å elska Jesus over alle ting og å elska kvarandre slik han har elska oss.

Eg har vore ung. Eg held på å verta gammal. Eg har vorte grå i håret og tregare i kroppen. Men mi tid er ikkje over enno! Eg lever framleis i forandring. Tenesta mi forandrar seg. Eg forandrar meg, - til det betre vonar eg. Det er spennande å leva med Gud i ungdomsår. Det ser spennande å leva med Gud i manndom og alderdom. Den som lever med Gud, vert berre gammal i det ytre, medan det indre mennesket vert fornya og forynga dag for dag! Den som lever friskt med Gud let seg ikkje fanga av ytre former eller metodar, men let Anden skapa nye veremåtar og uttrykksformer som passer inn i tida og kulturen vi lever i.

Tekst: Erling Thu


[1] Salme 33,9

[2] 1.Korintarbrev 1,18

[3] 1.Peters brev 4.11

[4] Apostelgjerningane 2,22-36; 1.Korintarbrev 15,3-4

[5] 1.Peters brev 1,10-12; 2.Peters brev 1,16-21

[6] 1.Korintarbrev 11,1

[7] Kolossarane 1,28

[8] Efesarane 2,20; 3,3-6

[9] Efesarane 2,18

[10] Forkynnaren 4,9-12

[11] 5.Mosebok 32,30; 3.Mosebok 26,8

[12] Ordtøka 27,17

[13] Ordtøka 27,19

[14] Ordtøka 27,5-6

[15] Apostelgjerningane 2,46

[16] Lukas 22,14-20

[17] Matteus 26,26-28; Markus 14,22-24; Lukas 22,17-20; 1.Korintarbrev 11,23-26

[18] 1.Korintarbrev 11,26

[19] Jakob 5,16

[20] Efesarane 3,20

[21] Efesarane 6,10-20

[22] 2.Korintarbrev 3,18

[23] Apostelgjerningane 1,8

[24] Lukas 10,1-9; Johannes 4,34-42

Comments