Forsamlingar som kjem saman i heimane til folk.
The Sun and the Light

Alan Hirsch vitja Bergen

Torsdag 4. januar fekk eg den gleda å vera på seminar med Alan Hirsch, ein Guds tenar frå Australia med jødisk bakgrunn. Han har arbeidt med å starta ei rørsle av misjonerande forsamlingar som kan mangfaldiggjerast og spreiast på same måten som dei første kristne gjorde det, og slik kristne i Kina har gjort det dei siste 60 åra.

Alan Hirsch snakka om å gjera Jesus til Herre i alle ting, på alle område i livet, som det viktigaste av alt. Dei første kristne sanna med stort frimod at Jesus er Herre. Dei utfordra heile samfunnet med denne påstanden.

Jesus er Herre! Han er Gud for alle område i livet.

I fylgje Alan Hirsch sannar alle kristne i Vesten at Jesus er Herre, medan dei fleste lever som polyteistar, med mange ulike gudar for mange område av livet. Han sa at me treng å samla alle område av livet under Jesu Kristi Herredømme.

Kva vil henda i livet vårt eller i det kristne fellesskapet om me slepp Jesus laus mellom oss? Kva vil henda om Jesus får tilbake sin rette og sentrale plass i forsamlinga?

Comments