Koss Jesus leiar forsamlinga
Alan Hirsch vitja Bergen

Forsamlingar som kjem saman i heimane til folk.

Overskrifta til dette innlegget mitt har dynamitt i seg. Denne enkle overskrifta seier i få ord kva ”menighet” er. Eg er så takksam til Bibelselskapet som i den nye bibelomsetjinga har skifta ut det gammalmodige ordet kyrkjelyd med forsamling. Kyrkjelyd ber i seg det å samlast i og høyra til ei kyrkjebygning. Ordet forsamling seier ingenting om samlingsplassen, berre at folk er samla. Forsamling er den beste norske omsetjinga av det greske ordet ekklesia og eg skulle ynskja at bokmålsbibelen også hadde brukt det same ordet. På bokmål er ”kirken” delt i to kategoriar, ”geisteligheten” og ”menigheten”. ”Geisteligheten er dei utdanna og ordinerte prestane og biskopane. ”Menigheten” er dei ”menige”, dei som ikkje høyrer til leiar- eller toppsjiktet. Denne todelinga strir mot ei nytestamentleg forståing av Guds forsamling! (Difor burde alle kristne slutta å bruka ordet ”menighet” og heller snakka om forsamling eller fellesskap.)

I den Ekklesia som Jesus byggjer, er alle sysken i same familie. Den forsamlinga Jesus gav livet sitt for er eit levande og forpliktande fellesskap av menneske som har gjeve seg sjølv til Gud og kvarandre. Det handlar om menneske som elskar Jesus Kristus og kvarandre. Det handlar om menneske som kjem saman, et saman, ber saman, deler Guds ord med kvarandre og gjer ting saman. Det handlar om folk som lever fellesskap i kvardagen! Det handlar om å samlast i små og store flokkar for å gjera Guds vilje.

Guds forsamling er Guds familie og Kristi kropp, ein levande organisk samanknyta flokk, eit nært og tett fellesskap, som lever livet sitt i og ut frå heimane. Dette mønsteret finn me gjennom heile Det nye testamente. Det gjekk om lag 300 år før dei kristne tok til å byggja kyrkjehus til samlingane sine. I den tida då kristendommen voks og breia seg ut med styrst kraft var heimane det viktigaste samlingspunktet for dei kristne. Me ser det same i vår tid. I dei delane av verda der talet på kristne veks sterkast, har heimane fått den same sentrale plassen for forsamlinga som i Det nye testamentet.

Jesus viste med livet sitt kva slag forsamling han ville ha!

I evangelia les me om korleis Jesus gjekk i synagogen på sabbaten og av og til var han i templet, men det meste av tenesta hans gjekk føre seg i ulike hus og heimar eller ute på gata, ved sjøen eller på fjellet. Difor er det ikkje å undrast over at dei fyrste kristne fylgde det same mønsteret.

Vismennene som kom for å tilbe kongen som var fødd, fann han ikkje i slottet eller templet. Då dei endeleg kom til Betlehem gjekk dei inn i huset og fann barnet hjå mora. Der i huset fall dei på kne og hylla Jesus (Matt.2,11). Den fyrste gongen ein flokk menneske var samla for å tilbe Jesus og gje han gåver, kom dei saman i eit vanleg hus.

Då Andreas og vennen hans høyrde døyparen Johannes peika på Jesus og seia: ”Sjå, Guds lam!” fylgde dei etter Jesus. Då Jesus såg dei sa han: ”Kva leiter de etter?” Dei svara med å stilla eit spørsmål, ”kvar bur du?” Jesus bad dei koma heim til seg og sjå kvar han budde. Dei vart verande hjå han resten av den dagen. Desse timane saman med Jesus i huset han budde i gjorde eit djupt inntrykk på Andreas. Det fyrste han gjer då han går frå Jesus er å finna bror sin, Simon, og seia til han: ”Me har møtt Messias!” Så tok han Simon med seg heim til Jesus. Dette fyrste møtet med Jesus gav livet til Simon nytt innhald og meining. Endringa var så stor at han fekk nytt namn og ny identitet (Joh.1,35-42)!

Seinare, då Jesus kom heim til Peter (Matt.8,14-17; Mark 1,29-34), fekk han sjå at svigermor hans låg og hadde feber. Han rørte ved handa hennar. Då gav feberen seg, og ho stod opp og tente han. Då det vart kveld, kom dei til han med alle venner og slektningar som var sjuke eller hadde vonde ånder. Han dreiv ut dei vonde åndene med eit ord og lækte alle som var sjuke ved å røra ved dei. Heile byen var samla utanfor døra! Jesus gjorde heimen til eit senter for lækjedom og tilgjeving. Jesus brukte heimen til Peter til å undervisa og lækja folk for å oppfylla profetordet gjennom Jesaja 53.

Jesus møtte folk på arbeidsplassen og kalla dei til å verta læresveinane hans (Mark 1,16-19). Han heldt ikkje møte i religiøse bygningar for å samla folk og utfordra dei til å verta disiplar. Nei, han gjekk til folk der dei var og utfordra dei til å gå frå alt dei heldt på med for å følgja han. Frå arbeidsplassen gjekk det ofte beine vegen heim til huset deira der dei festa og åt i lag (sjå Luk.5,27-29). Slik fekk også dei ufrelste vennane til den nye disippelen møta Jesus i sitt vanlege miljø.

Det verker som om Jesus leidde seg eit hus som var heimen hans i Kapernaum og gjorde dette til ein stad der folk samlast for å høyra han forkynna og undervisa om Guds rike og for å verta lækte (Mark 2,1-12). ”Nokre dagar seinare kom Jesus til Kapernaum att, og det vart kjent at han var heime. Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei” (Mark.2,1-2).

Me ser gjennom alle evangelia at Jesus forkynte, underviste og gjorde folk friske i heimane til folk, på gata, på torget, i forgarden i templet, i synagogen eller då han gjekk langs sjøen eller sat i ein båt, eller var ute i naturen på annan måte. Med andre ord er det tale om eit liv han levde og ikkje noko han gjorde i religiøse hus på heilage dagar.

Jesus synte folk kjærleik, møtte behov og gav dei Guds ord alle stader han møtte dei. Å bry seg om andre, å undervisa om Guds rike og gjera folk friske var ein naturleg del av dagleglivet hans. Det var dette livet han bad læresveinane om å mangfaldiggjera ved å gjera alle folkeslag til flokkar av disiplar som lever slik han gjorde.

Forsamlinga i Jerusalem

Det kristne fellesskapet vart fødd i Jerusalem då dei 120 individa som var samla i eit hus på pinsedagen vart fylt av Den Heilage Ande og gjort til éin kropp, - Kristi kropp. No var dei ikkje lenger 120 sjølvstendige menneske som gjorde sine eigne ting. No vart dei eitt i Kristus på ein ny måte. Dei vart knyta saman i Anden til å vera Kristi kropp så dei i fellesskap kunne vera styrt av hovudet, - Jesus Kristus.

Då dei kristne opplevde å verta døypt med éin Ande til å vera éin kropp (1.Kor.12,13), trekte dette til seg ei stor mengd med folk som vart forundra over det dei såg og høyrde. Desse folka hadde mange spørsmål og Peter og dei andre apostlane stod fram og forklarte for dei kva som hadde hendt. Folk spurde då med eingong kva dei måtte gjera for å verta frelst. Då Peter hadde sagt at dei måtte tru, venda om og verta døypte, var det om lag 3000 menneske som tok imot oret hans, vart døypte, og vart lagt til den nyfødde forsamlinga i Jerusalem.

Alle disiplane heldt seg trufast til Ordet som apostlane underviste. Dei sette fellesskapet høgt, saman med det å bryta brødet og be saman. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. Dei selde til og med eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. Med eitt sinn samla dei seg kvar dag til dei faste bønnetidene og i mange mindre grupper i forgarden og i søylegangane på tempelplassen (som var ein møteplass for folk som til dømes Torgålmenninga i Bergen) kor dei delte Guds ord med kvarandre og apostlane underviste alle som ville høyra. Med same sinn samla dei seg kvar dag i heimane kor dei braut brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. Både på tempelplassen og i heimane, frå hus til hus etter som folk vart frelst, heldt dei dag etter dag fram med å undervisa og forkynna evangeliet om at Jesus er Messias. Dei song og lova Gud saman og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa (Ap.gj.2,41-47; 5,42).

Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. Med eit sinn heldt alle dei fyrste kristne saman og møttest til store og små samlingar. Ingen andre våga å slutta seg til dei, men folket sette dei høgt. Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til flokken, både menn og kvinner i stort tal. Folk bar til og med sjuke og slike som var plaga av ureine ånder ut på gatene så skuggen av Peter kunne falla på dei, og alle vart lækte (Ap.gj.5,12-16).

Dei religiøse leiarane tykte ikkje om dette som hendte. Dei prøvde å hindra dei kristne i å forkynna og undervisa om Guds rike. Dei kristne vende seg då alle som ein med ein hug i bønn til Gud (Ap.gj.4;23-24). Talet på dei kristne disiplane hadde no vorte så høgt at det var vanskeleg om ikkje heilt uråd å samla dei alle på ein stad. Dei kunne kanskje ha store samlingar ute (me veit ikkje om dei hadde det for Bibelen seier ikkje noko om det), men dei hadde i alle fall mange mindre samlingar rundt om i heimane til dei truande. Då Peter vart kasta i fengsel samla mange seg i huset til Maria og heldt bønn (Ap.gj.12,12).

Trass i motstand og forfølging breidde Guds ord seg ut og talet på disiplar auka sterkt. Etter at Stefanus, den fyrste martyren, hadde vorte steina braut det ut ei hard forfylging mot forsamlinga i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde omkring. Dei som var spreidde omkring, drog rundt og forkynte Ordet. Kor dei enn ferdast delte dei godt nytt om Guds rike med folk dei møtte. Dei tok inn hjå dei nye disiplane og underviste dei om Guds plan frå hus til hus, i heim etter heim (Ap.gj.8,1,4). Forsamlinga levde i heimane og smitta frå heim til heim. Men Saulus fór hardt fram mot forsamlinga. Kor fann han forsamlinga? Han fann forsamlinga i heimane og ikkje i religiøse bygningar! Han trengde seg inn i hus etter hus og drog ut både menn og kvinner og fekk dei i fengsel (Ap.gj.8,3).

Forsamlinga i dei andre byane

Når me held fram med å lesa i Apostelgjerningane og i breva finn me det same mønsteret. Peter var den fyrste av apostlane som forkynte evangeliet for heidningar. Det gjorde han i huset til Kornelius som budde i Cæsarea. Her hadde Kornelius samla slektningane og dei næraste vennene sine. Då Peter forkynte fall Den Heilage Ande på alle som høyrde Ordet og etterpå vart dei alle døypte i vatn.

Dette er eit godt døme på å starta ei forsamling i ein heim. Du treng ikkje arrangera møte i din eigen heim. Du går til ein som er lengtande etter Gud. Han samlar saman slekt og venner og du deler, salva av Den Heilage Ande, Guds ord med dei. Når dei tek imot Ordet, døyper du dei. Så er det fødd ei ny forsamling i den heimen. Heilt enkelt!

Samlinga i huset til Kornelius var historisk. Dette var gjennombrotet som overtydde dei jødiske truande om at evangeliet om Guds rike var for alle folkeslag slik Jesus hadde sagt, og ikkje berre for jødar slik jødane vanlegvis tenkte.

Den fyrste forsamlinga i Europa var naturleg nok ei husforsamling. Fyrste gongen evangeliet vart forkynt i Europa var det i eit bønnemøte ved elvekanten utanføre byen Filippi. Dei kvinnene som var samla til bønn tok imot Ordet og med eingong opna forretningskvinna Lydia heimen sin for dei nye disiplane og dei tilreisande forkynnarane. Me veit at Paulus og Silas fekk motstand og vart kasta i fengsel. Då dei var komne ut or fengselet, gjekk dei strake vegen heim til Lydia. Der var dei nye disiplane, både menn og kvinner samla, og dei sette mot i dei. Så fór dei vidare for å vinna nye læresveinar og samlast i nye heimar.

Priskilla og Akvilas var teltmakarar. Paulus møtte dei i Korint og tok inn hjå dei. Dei vart hans nære medarbeidarar. Han budde og arbeidde i lag med dei og heimen deira vart samlingsstaden for den veksande forsamlinga i byen (Ap.gj.18,1-11). Etter å ha arbeidt saman i om lag eit år reiste dei saman med Paulus til Efesos kor dei slo seg ned for ei stund. På ny ser me at heimen deira vart brukt til å undervisa og hjelpa andre vidare på vegen (Ap.gj.18,18-28). Huset dei budde i vart den naturlege samlingsstaden for forsamlinga og Paulus helsar forsamlinga i Korint frå dei.

Då Paulus skreiv til dei heilage i Roma, sendte han serskilte helsingar til Priskilla og Akvilas og forsamlinga som kom saman i huset deira (Rom.16,4-5). Her ser me at dette ekteparet brukte heimen sin som samlingsstad for forsamlinga i tre byar. Det er tydeleg at dette var den vanlege måten å gjera folk til disiplar på, å bruka heimen sin til å læra dei å halda Jesu bod og trena dei til å gjera nye til læresveinar.

I Efesos var det heilt sikkert mange fleire husforsamlingar enn dei to Bibelen fortel oss om. Paulus vart verande der i lang tid og veldig mange kom til tru. I to år heldt han daglege samtalar i Tyrannusskulen. Det førte til at folk reiste til dei andre byane og gjorde folk til læresveinar. Alle som budde i Litle Asia fekk då høyra Herrens ord. Filemon, som var frå Kolossæ, var sannsynlegvis ein av dei som kom til tru gjennom Paulus si teneste i Efesos. Då Filemon reiste attende til heimbyen sin, høyrer me sjølvsagt om at ei forsamling kom saman i huset hans (Filemon 2). Det han hadde lært i Efesos, sette han ut i livet då han kom til Kolossæ.

Då Paulus kom til Roma og venta på at rettssaka mot han skulle koma opp, leigde han eit hus til å bu i kor han kunne ta imot alle som kom til han og ville høyra og læra om trua og livet hans. Med stort frimod og utan hindring forkynte han Guds rike og lærde om Herren Jesus Kristus (Ap.gj.28,30-31). Å bruka heimen eller huset ein bur i til å vitna, forkynna og undervisa andre menneske var det mest naturlege han kunne gjera, for dette var det mønsteret han hadde fylgd gjennom heile tenesta si.

Forsamlinga i vår vennekrets

Gud har berre ei forsamling, same kor stort eller smått me tenkjer, så er Guds folk eitt i Kristus. Jesus tala om to og tre som kjem saman i hans namn som forsamling. Paulus skreiv til forsamlingar i byar og i heimar. I brevet til Romarane gjer han i det siste kapitlet klart for oss at forsamlinga i Roma var eit nettverk av mange venneflokkar og forsamlingar som kom saman i husa og heimane til namngjevne disiplar.

Når me granskar livet dei kristne levde saman som forsamling – Guds familie og Kristi kropp, oppdagar me snart at det var det tette disippelfellesskapet mellom nokre få som låg i botn for det kristne fellesskapslivet. Dei fyrste kristne fylgde framgangsmåten Jesus gav til apostlane (Lukas 10,1-12). Dei let seg leia av Anden til å finna eit fredens menneske dei kunne ta inn hjå og bruka heimen deira til å skapa fellesskap, utvikla vennskap, møta behov, gjera folk friske, og forkynna evangeliet.

Alle dei bileta eller nemningane me finn på forsamlinga i Det nye testamentet seier noko om å vera tett knyta til kvarandre, om å tilhøyra og fungera saman. Difor er vennekretsen vår det naturlege utgangspunktet for ei ny forsamling og forsamlinga er vennekretsen vår som stadig utvidar seg.

Me er Kristi kropp. Me er Guds familie. Me er levande steinar som vert bygd saman til ein bustad for Den Heilage Ande. Dette forsamlingslivet tek til i heimen min og i vennekretsen min. Det har med å gje seg sjølv til Gud og andre kristne å gjera. Det handlar om forpliktande fellesskap og jordnær vennskap. Det er å leva i lyset, å vera open og ærleg, å oppmuntra andre og å verta oppmuntra, å rettleia andre og sjølv få hjelp til å gjera framsteg i trua, - fordi me er glad i Jesus og kvarandre!

Å vera forsamling handlar ikkje om å halda møte i ein heim eller eit stort bygg, men om å leva eit fellesskapsliv. Me kan ikkje vera forsamling utan å møtast, men staden me kjem saman på er ikkje viktig. Måten me kjem saman på og det som hender når me er samla, er det avgjerande om me er ei Guds forsamling.

Det handlar ikkje om å halda møte eller gudstenester i kristelege lokale eller i private hus. Det handlar ikkje om organisasjonsformer eller strukturer. Det handlar om å vera samla og om å leva saman med andre kristne. Det handlar om fellesskap i mitt eige nærmiljø, i nabolaget og på arbeidsplassen. Det handlar om å leva ut Kristuslivet saman med kristne venner i kvardagen.

Tekst: Erling Thu

Comments