Leiarskap
Koss Jesus leiar forsamlinga

Sekulære leiarskapsmodellar

Leiarskap er eit aktuelt emne for dei fleste som er opptekne av Guds kyrkje. Leiarskap vert omtalt på mange måtar, både positivt og negativt. Det vert brukt mange ord med gresk opphav for å forklara ulike leiarskapsmodellar. Det kan vera nyttig å vita kva som ligg i desse uttrykka som vi finn brukt i mange fora som diskuterer leiarskap.

Sekulære styre- og leiarskapsmodellar

Anarki

Eg startar med eit ord som vanskeleg kan oppfattast som ei styreform eller leiarskap, men som mange likevel tykkjest å hylla i vår tid, utan å bruka ordet. Anarki er eit gresk ord som tyder ”utan leiar, førar” og skildrar ein samfunnsstilstand utan statsmakt, der det ikkje finst lover eller reglar, så kvart menneske er fritt og kan gjera som det vil. Dette var langt på veg stoda i Israel i dommartida, som er skildra slik:

I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt. (Dom.21,25)

Hierarki

Dette ordet kjem også frå gresk og tyder ”heilagt styre” og vert brukt om institusjonar og organisasjonar med strengt ordna rangfølgje. Hierarki er eit system der alt er organisert i skarpt skilde rangklassar. Det klaraste og mest omfattande hierarkiet finst i forsvaret, der kvar enkelt rang har eit namn og eit heilt klart definert ansvarsområde.

Hierarki er ei ordning kor makt, mynde, autoritet og prestisje er systematisk ulikt fordelt mellom folk. Det er eit system med klare reglar for, kven som skal bestemma og kven som skal lyda. Eit hierarki kan framstillast som ein trekant eller ein pyramide. Øvst er det få, som har mykje makt, lenger nede er det færre, som har mindre makt, og på botn er det mange, som ikkje har noko makt.

Aristokrati

Dette ordet kjem også frå gresk og tyder ”styrt av dei beste”. Sidan alle har ulike meiningar om kva som er «best», særleg med tanke på ei styresmakt, er denne styreforma vanskeleg å definera. Aristokratia har oftast vore arvelege.

Oligarki

Oligarki kjem av gresk og tyder "fåmannsvelde", og er ei styreform kor makta er samla hjå ei lita gruppe menneske, såkalla oligarkar. Makta ligg som oftast hjå den eller dei mektigaste, ut frå rikdom, familierelasjonar, militær styrke, politisk innflytelse og/eller liknande. Visse politiske teoretikarar har påstått at alle politiske styre til ein viss grad er eit oligarki, uansett kva slags politisk styreform ein nasjon har.

Eit oligarki er som oftast styrt av eit fåtal mektige familiar kor barna deira vert oppseda som arvingar av denne makta. I kontrast til aristokrati (”styrt av dei beste”) treng ikkje makta i eit oligarki å verta styrt offentleg, men fungerer ofte som eit økonomisk styre bak ”trona”. I eit demokrati blir dette eit alvorleg problem fordi oligarkiet - i motsetnad til politikarane - ikkje er valt av folket.

Demokrati

Vi kjenner vel alle til tydinga av dette ordet, som også kjem frå gresk, folkestyre. Demokrati er ei styreform som byggjer på at folket bestemmer kva slags politikk som skal førast. Vanlegvis vert ordet nytt om eit system som dei fleste vestlege land i dag har, der folket stemmer inn representantar i ei riksforsamling samstundes som folk har visse grunnleggjande rettar i form av ytringsfridom, trusfridom, eigedomsrett og politisk fridom.

Det finst i dag ingen land som har eit uavgrensa demokratisk styre. Grunnlover og internasjonale konvensjonar (eksempelvis Menneskerettserklæringa) set grenser for makta til fleirtalet. Dette følgjer av erkjenninga av at det uavgrensa demokratiet i ytste konsekvens kan avskaffa seg sjølv, eksempelvis ved at ein demokratisk vedtek å avskaffa stemmerett og ytringsfridom.

Flat organisasjonsstruktur

Flat organisering viser til ei organisasjonsform, kor alle medlem tek direkte del i alle avgjerder. Der finst ingen valte representantar som bestemmer på vegne av andre. Folk tek avgjerder på vegne av seg sjølv, ut frå ideen om at den enkelte best kjenner sine eigne interesser. Det finst altså ikkje - som ofte elles i samfunnet - noko hierarki av folk som tek avgjerder; ingen pyramide med ein topp og ei sentral leiing. Difor nyttar ein ordet «flat». Dette systemet med direkte representasjon går igjen i den sosialistiske tradisjonen; særleg i anarkismen og rådssosialismen. Dei opphavlege råda var dei russiske ”sovjetane”. Råda var massane sine eigne maktorgan basert på direkte representasjon, direkte demokrati. Alle som kjenner historia veit at denne flate organisasjonsforma er svært sårbar og kan lett utnyttast av sterke maktmenneske til å manipulera andre.

Oppsummering

Det finst mange fleire ord som er nytta for å skildra styreformer eller leiarskapsmodellar. Eg har berre teke med nokre av dei vi oftast møter i diskusjonar om emnet. Ein fellesnemnar for desse orda på styremodellar, er at ingen av dei er omtala eller brukt i Bibelen. Difor er dei alle mangelfulle i å skildra den bibelske leiarskapsmodellen. Alle desse ord er verdslege ord som prøver å skildra ulike styreformer i samfunn og organisasjonsliv. Når vi ser nøye på desse orda vil vi finna at dei alle kan ha sine fordelar og ulemper, men dei er likevel ubrukelege når vi skal snakka om bibelsk leiarskap. Bibelsk leiarskap vil innehalda element som finst i mange av desse styremodellane, men i ein åndeleg balanse og harmoni som berre dei åndelege vil forstå. Når vi skal undervisa om leiarskap i Guds forsamling, nektar vi å bruka desse verdslege orda, for dei strekk ikkje til. Vi vil bruka dei orda Guds ord bruker og be om hjelp frå Anden til å forstå innhaldet i dei.

Tekst: Erling Thu

Comments