Summer in September
Sekulære leiarskapsmodellar

Leiarskap

Leiarskap er eit mykje omdiskutert emne i desse dagane. Det rår mange ulike meiningar om koss leiarskap er meint å vera, eller om vi treng leiarskap i det heile. Om du les vidare vil du få del i nokre av mine tankar om dette emnet.

Leiarskap

Gud er. Guds rike er. Guds kongelege styre er. Leiarskap er. Leiarskap er innebygd i heile skaparverket. Kvar samling av menneske har leiarskap. Kvar forsamling har leiarskap. Det er det same om ei forsamling har uttrykte eller underforståtte leiarskapsstrukturar, leiarskap er alltid nærverande på ein eller annan måte. Leiarskap er. Det kan vera godt eller dårleg leiarskap. Det kan vere anerkjend eller ikkje, noko ein samtykkjer til eller ikkje, noko ein liker eller ikkje, men leiarskap er alltid tilstades i ei eller anna form. Avhengig av kven som leier, kan leiarskap vera den største velsigning eller det verste mareritt.

Vi møter leiarskap i dei første versa i Bibelen der vi høyrer om Den treeininge Gud som skaper mennesket i sitt bilete til å styra og råda. Kvart menneske er skapt til å leia seg sjølv og ta styring over lyster, kjensler og tankar, ja heile sitt eige liv. Gjennom heile Bibelen ser vi både gode og dårlege leiarar i familie, samfunnsliv og forsamling.

Det er sjølvsagt mange grenser for leiarskap i det kristne fellesskapet. Eit fokus på leiarskap må aldri føra til at folk fråskriv seg leiarskap over sitt eige liv og legg seg flate for andre menneske sine meiningar. Fordi mange kristne ikkje er vant med å stilla spørsmål, er det viktig for leiarane å vera medvetne om at dei ikkje ubedne kan gå inn i private område i folk sine liv. Om eit fokus på leiarskap fører til ei knebling eller passivisering av folk i eit fellesskap som ikkje har formelle leiarskapsroller, då har ein bomma med dette fokuset!

Jesus er vårt beste føredøme på godt leiarskap

Då Jesus stod fram i si offentlege teneste, tok han til å forkynna at Guds rike var kome nær og at folk difor måtte venda om og leva på ein ny måte.[1] Han kalla til seg tolv læresveinar som han brukte mykje tid med for å gjera dei til menneskefiskarar.[2] Det sentrale i forkynninga hans var Guds styre, Guds vilje. Han var medveten om at han var sendt på eit oppdrag for å fremja Guds vilje og ikkje sin eigen.[3] Difor vart folk forundra då dei høyrde han, for han talte med autoritet, og ikkje som dei religiøse leiarane.[4] Han hadde makt til å driva ut vonde ånder, lækja sjuke og få storm til å stilna.[5]

Han kalla folk til seg og bad dei om å gløyma seg sjølve og ta krossen sin opp for å følgja han.[6] Han sa med andre ord at det ville kosta alt om dei ville følgja han. Han prøvde ikkje å samla så mange folk rundt seg som råd, men han ville berre ha med dei som var villige å betala prisen. Han var både innkluderande og ekskluderande! Han visste han berre kunne vera leiar for dei som gav opp alt og følgde han i tru og tillit.

Då han talte om leiarskap understreka han at det handla om å vera ein tenar og ikkje ein herskar:

"De veit at dei som gjeld for fyrstar over folka, er herrar over dei, og stormennene styrer med hard hand. Men såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre. Og den som vil vera den fyrste av dykk, skal vera træl for alle. For Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange."[7]

Jesus seier med andre ord at verdslege målestokkar for leiarskap ikkje høver mellom etterfølgjarane hans. Det skal ikkje vera slik at nokon er herrer over andre og styrer med hard hand. I det kristne disippelfellesskapet har vi alle eit ansvar i å tena kvarandre. Det er berre den som tenar som er stor. Dette viste Jesus til fulle i heile livet sitt og ikkje minst ved paktsmåltidet då han vaska føtene til læresveinane sine. Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei:

"Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre. Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.[8]

Jesus er både herre og meister. Vi vedkjenner oss ingen andre herrar over oss enn han! Ved sitt føredøme har han vist oss at det største i livet er å vera noko for andre, - å vera ein tenar. Han ønskjer at vi skal gjera mot kvarandre det han har gjort mot oss. Leiarskap er å ta initiativ til å velsigna og tena andre og hjelpa dei i dei vanskane dei slit med.

Jesus var ikkje ein del av det offisielle religiøse eller verdslege hierarkiet, men han hadde autoritet med seg i det han gjorde og sa, fordi han var sendt frå Gud og gjorde det Gud ville han skulle gjera. Jesus er det beste døme på heilaggjord autoritet. Han var ein sann Guds tenar.  Det finst to slags autoritet. Den første er den som må haldast oppe med makt og den andre er den kjem av karakter og usjølvisk teneste. Jesus var av denne andre typen. Den første er vanskeleg å få kanskje endå vanskelegare å halda på. Han er tyrannane sin eigedom og høyer ikkje heime mellom Guds folk. Den andre kjem av seg sjølv til dei fattige i ånda, dei audmjuke og reine av hjarta. Jesus hadde autoritet i kraft av det reine og heilage livet han levde. Han gjorde berre det Gud ville han skulle gjera. Han kunne leia folket på grunn av den han var, den karakter han hadde. Ingenting har større påverknad enn eit reint liv! Ingen har større tyngde i det han seier enn han som taler ord frå Guds munn. Det frøet som fell til jorda og døyr, frigjer nytt liv og rik frukt i andre.[9]

Tekst: Erling Thu

Denne artikkelen vi du også finna i siste nr. av tidskriftet FOLK


[1] Markus 1,14-15; 2,17

[2] Markus 1,16-20; 3.12-15; 6,7

[3] Johannes 4,34; 5,30; 6,38

[4] Markus 1,22,27

[5] Markus 1,27,34; 2,10-12; 4,37-41

[6] Markus 8,34-38

[7] Markus 10,42-45

[8] Johannes 13,12-15

[9] Johannes 12,24

Comments