Sekulære leiarskapsmodellar
Forsamlingar som kjem saman i heimane til folk.

Koss Jesus leiar forsamlinga

Vi har tidlegare hatt nokre innlegg om leiarskap på desse sidene. Vi kjem nok til å ha endå fleire innlegg om dette viktige emnet. Om du les vidare kan du sjå koss eg trur Jesus leiar forsamlinga si.

Leiarskap i Guds forsamling

Gud har gjeve Kristus makt over alle ting. Han som har fått all makt i himmel og på jord – heile universet -, har også vorte leiar og hovud for forsamlinga. Forsamlinga er kroppen hans, og der er Kristus heilt og fullt tilstades hjå menneska, han som fyller alt i alle i himmelen og på jorda.[1] Alle som tek imot Jesus Kristus som Herre, får del i forsoninga og fellesskapet med Gud og hans folk. Alle som trur på Jesus Kristus tilhøyrer Guds store familie, den universelle forsamlinga.[2]

Vi er alle lemmar på den same kroppen, og har fått den same Anden. Vi er alle kalla til eitt håp. For oss finst det berre éin Herre, éi tru og éin dåp. Det finst berre éin Gud, som er Far til oss alle, står over oss alle, verker gjennom oss alle og bur i oss alle.[3]

Forsamlinga er Guds familie der vi tener kvarandre i samsvar med den nådegåve vi har fått.[4] Alle har fått noko å tena med. Alle har fått eit mål av nåde.[5] Nokre tenestegåver er gjevne til heile kroppen ikkje berre ei lokal forsamling.[6] Alle treng vi kvarandre og høyrer til den same kroppen. Difor må vi ikkje tru at nokon er viktigare enn andre om tenesta deira er synleg eller ikkje.[7] Dei mange ulike kroppsdelane er alle verdifulle og har sin eigen spesielle funksjon. Saman er vi i Kristus ein felles kropp, jamvel om vi er mange. Dei ulike kroppsdelane er til for å hjelpa kvarandre.[8] Kvar og ein av oss skal ein gong gjera rekneskap for Gud om koss vi har brukt og utvikla evnene og nådegåvene våre i teneste for andre.[9]

Kristus har tilmålt kvar einskild av oss nåde og evner til å utføra visse oppgåver.[10] Han gav oss apostlar som er utsendingar som skulle leggja grunnvollen for nye forsamlingar. Han gav oss profetar som har evne til å bera fram bodskap frå Gud. Han gav oss evangelistar som spreier godt nytt. Han gav oss hyrdingar og lærarar med evne til å ha tilsyn med folk og visa dei koss dei kan leva eit sunt liv.[11]

Desse tenestegåvene, som er gjeve til Guds folk, er menneske med ansvar og gåve til å utrusta dei kristne til å tena Kristus og byggja opp kroppen hans som er forsamlinga. Målet er at vi skal vera samstemte i trua på Guds Son og i kjennskapen til han, og verta det mogne mennesket (forsamlinga) som har nådd sin fulle vokster og har heile Kristi fylde.[12]

Samarbeid - lagarbeid      

Gjennom Ordet, Anden og tenarane sine vert heile kroppen, som er forsamlinga av dei heilage, sett saman og halden i hop. Når alle fullfører si teneste, etter den oppgåve kvar einskild lem har fått tilmålt, veks heile kroppen og vert bygd opp som ein heilskap og einskap der alle elskar kvarandre.[13] 

Først sette Gud nokre til å vera apostlar.[14] Dei arbeidde saman i apostoliske arbeidslag frå første dag og gjennom heile Det nye testamente. Forsamlinga vart til ved eit apostolisk arbeidslag på pinsedag då Peter saman med dei elleve andre apostlane stod fram og forkynte Guds ord.[15]

I Antiokia var det ei forsamling som var starta av kristne som vart spreidde på grunn av forfølginga i Jerusalem. Der vart Paulus og Barnabas, som var mellom profetane og lærarane som leia flokken, frigjort frå lokalt ansvar til eit apostolisk arbeid.[16] Gjennom heile Apostelgjerningane finn vi dette apostoliske arbeidet og dei nye forsamlingane skildra. 

Det apostoliske arbeidet hadde med grunnlegging, styrking og tilsyn av forsamlingar å gjera.[17] Alle breva til Paulus vitnar om at han heldt fram med sitt apostoliske tilsyn ved undervisning av dei flokkane han og medarbeidarane hans hadde vore med å starta. Alle forsamlingane var lokale uttrykk for Guds rike under tilsyn av ein flokk eldste som arbeidde under apostolisk tilsyn og rettleiing. Heimane var det naturlege utgangspunktet for livet i forsamlingane.[18]

Det er innebygd ein autoritet eller tyngde i alle nådegåver og all teneste som er salva av Den Heilage Ande. Alle kristne har eit mål av autoritet eller tyngde i det dei gjer eller seier, når dei er leia av Anden og difor representerer Gud. I tillegg til gåver og funksjonar har Gud gjeve leiarane i forsamlinga eit tilsynsansvar.

Dette tilsynsansvaret er delt ut etter det mål som Gud sjølv har sett for folk.[19] Apostelen Paulus taler om den fullmakt eller autoritet Herren har gjeve han til å byggja opp forsamlinga i Korint og styrkja trua deira.[20] Han gjer også uttrykk for at denne autoriteten har klare grenser som han ikkje vil gå ut over. Apostelen Peter skriv som ein medeldste til dei eldste i forsamlingane og seier at dei ikkje må gjera seg til herskarar over den forsamlinga dei har fått ansvar for, men heller vera eit føredøme for dei.[21] Han seier dei skal vera hyrdingar for Guds flokk som er hjå dei og han taler om den flokken dei har fått eit tilsynsansvar for. Apostelen, som skriv Hebrearbrevet, seier at dei kristne må huska på leiarane sine, dei som gav dei Guds ord. Vi skal tenkja på koss dei levde og døydde, og ta livet og trua deira til føredøme og ideal for oss sjølv.[22] Likeeins seier han at vi skal vera lydige mot leiarane og retta oss etter dei. Vi skal med andre ord høyra på leiarane og gjera som dei seier. Dei har fått til oppgåve å ta hand om oss og skal gjera rekneskap for koss dei har utført tilsynstenesta si. Vi vil alle vinna på at dei kan gjera tenesta si med glede og ikkje som ei tung bør fordi vi gjer det vanskeleg for dei.[23]

Eldstetenesta har sitt opphav i Guds paktsfolk i Det gamle testamentet. Israel var eit patriarkalsk samfunn der kvar mann var leiar for familien sin samstundes som alle høyrde saman i større slektsfellesskap. Moses hadde 70 nasjonale eldste som hjelpte han å leia Guds folk. Vi finn desse 70 eldste omtala mange stader.[24] Vi finn at Herren sa til Moses at han skulle kalla saman sytti av dei eldste i Israel, dei som han visste var styresmenn og tilsynsmenn i folket. Vi kan finna eldste for slekter, stammar, byar og nasjonen. Dei var alle styresmenn og tilsynsmenn, men med ulike mål av styre og tilsyn.

I Det gamle testamente verker det som om ordet eldste var å forstå bokstaveleg som gammal i motsetnad til ung. I Det nye testamente er eldste - presbyteros – meir brukt i tydinga eldre - mogen, røynd - ein med meir røynsle. Det er med andre ord relativt og krava til ein eldste står i forhold til flokken han skal leia. Men han må vera ein mann som har tillit hjå folket. Han må vera kalla og utrusta av Anden og vera innsett av apostlar eller deira medarbeidarar.[25] Ein leiar i det kristne fellesskapet er ikkje sjølvutnemnd.

Leiarane i Guds forsamling må vera modne, stø og røynde, og må ha fått eit mål av tilsynsansvar frå Gud. Dei treng å vera åndelege folk som står i rett forhold til Gud, det apostoliske arbeidslaget, sine medeldste, diakonane og folk i forsamlinga. Leiarskapskvalifikasjonar er det å vera trufast, tilgjengeleg, dugeleg, underordna, lærevillig, integritet - vera heil i si ferd, ordna familieliv, sjølvkontroll, dugeleg til å læra frå seg og sterk i si ånd.[26]

Eldstegjerninga er i Det nye testamente skildra med mange ord og nemningar som fokuserer på gjerninga deira. Det er ikkje eit embete eller ei stilling som vert understrekt i dei bibelske orda, men ein funksjon, ei teneste. Difor seier apostelen Paulus at vi skal halda dei høgt i ære på grunn av det arbeidet dei gjer og ikkje på grunn av den tittelen dei har fått.[27] Eg har funne 5 ord som skildra eldstegjerninga i dei nytestamentlege forsamlingane. Desse orda skildrar døme på ulike mål av nåde til å tena i tilsyn med Guds folk på staden der dei bur. Orda er aldri brukt som tittel, men som nemningar som skildrar koss dei tener og fungerer i dei kristne fellesskapa.

1.      Å vera hyrding

2.      Å vera lærar

3.      Å vera forstandar

4.      Å vera tilsynsmann

5.      Å vera leiar

Å vera hyrding[28]

Dette handlar rett og slett om å passa på at alle har det bra og lever tett med Gud. Gode hyrdingar byggjer tillit og trygge forhold så folk kan veksa og utvikla seg sunt. Hyrdingane vernar og vaktar flokken mot ytre fiendar og beisk surdeig på innsida. Ein av deira hovudoppgåve er å føda lamma og gjæta sauene. Forbønn, omsorg, rettleiing, trening, opplæring er andre ord på det dei gjer.

Å vera lærar[29]

Lærarane grunnfester folk i apostolisk lære og lærer dei å ta til seg næring av Guds ord i Bibelen så dei sjølve kan dømma om kva som er rett eller galt. Dei rettleier folk i å leva eit sunt liv etter den sunne læra, og dei trener og set mot i folk. Dei må også kunna visa at dei som talar imot tek feil, difor må dei vera sterke i Anden og Skriftene.

Å vera forstandar[30]

Dei som er gode forstandarar hjelper folk til å finna plassen sin og fungera saman med andre. Dei er gode førebilete og gjer folk dugeleg til teneste, dei utrustar og trener folk til å ta ansvar og hjelpa dei veike. Planlegging, mål og strategi er også område kor forstandarane har serskild styrkje og nåde frå Gud til å hjelpa Guds folk vidare.

Å vera tilsynsmann[31]

Tilsynsmenn har tilsyn med og vakar over heile flokken dei har fått ansvar for. Dei passar på at det åndelege velvære i heile flokken er i god utvikling. Dei har serskilt tilsyn med alle som tener i ulike funksjoner og ansvarsområde. Det er deira ansvar å avsløra dei som vil øydeleggja flokken. Serleg har dei ei oppgåve i å avsløra dei som vil lokka folk til seg sjølv og skapa serflokkar.

Å vera leiar[32]

Når eg har sett på koss dette ordet er brukt i Det nye testamente har kome til at leiarane i dei kristne forsamlingane formidla visjon, skapte tru, motiverte, gjekk føre og visste veg, og hjelpte folk til samhandling. Dei hadde med andre ord nåde frå Gud til å skapa eit vokstermiljø som stadig vann nye venner.

Alle kristne kan hjelpa til å leia kvarandre

Når vi ser på dei mange ”kvarandre” formaningane i Det nye testamente forstår vi at alle kristne har ansvar for å hjelpa kvarandre i det kristne livet. Alt det eg har sagt ovanføre om dei fem sidene ved eldstetenesta er noko som til ein viss grad gjeld alle kristne. Vi skal alle ha omsut for kvarandre,[33] rettleia og læra kvarandre[34] og setja mot i kvarandre.[35] Vi er alle knyta saman som lemmer på ein kropp og er gjensidig avhengige av kvarandre. Vi kan alle høyra frå Gud direkte, gjennom Bibelen, gjennom andre menneske og også gjennom leiarane våre.

Fordi Jesus er Apostelen, Profeten, Evangelisten, Hyrdingen og Læraren i absolutt forstand, kan alle kristne ha del i desse ulike sidene av Jesus i varierande grad. Om vi let oss utrusta av desse tenestegåvene vil vi alle vera apostoliske, profetiske og evangelistiske kristne som har tilsyn med kvarandre og rettleiar kvarandre.

Alle leiarar, utan omsyn til tenestegåve eller tilsynsansvar, er først og fremst ein sau i flokken, - ein vanleg bror i Guds familie. Vi er alle først og fremst kristne søsken og venner. Det er berre Jesus som er Leiaren vår i absolutt forstand. Alle andre menneske med leiarskapsgåve og ansvar står i dette vekselvise dobbeltforholdet. Ingen, som ikkje først er ein bror eller venn i møte med andre, kan vera ein leiar mellom Guds folk. Rettleiinga skjer i forlenginga av brorskap og ekte vennskap, som alt eksisterer. I eit slikt klima høyrer vi på kvarandre og leiarane våre.

I eit kristent fellesskap kjenner vi kvarandre og leiarane djupt nok til å sjå visdomen, styrken og gåvene  levd ut i eit jordnært kvardagsliv. Vi har tillit til leiarane våre fordi dei er venner som vi veit vil oss vel og som vi ser har kome lenger på visse område i si kristne vandring. Vi kjenner dei og veit at dei er laga av kjøt og blod, og møter dei same utfordringane i livet som vi gjer. Difor kan vi læra av kvarandre og hjelpa kvarandre i livet med Gud i kvardagen.

Tekst: Erling Thu


[1] Efesarane 1,22-23

[2] Efesarane 2,14-22

[3] Efesarane 4,4-6

[4] 1. Peter 4,10-11

[5] Romarane 12,6; Efesarane 4,7

[6] Efesarane 4,11-12

[7] 1. Korintar 12,18-27

[8] Romarane 12,4-5

[9] Matteus 25,14-30; Romarane 14,12

[10] Efesarane 4,7

[11] Efesarane 4,11

[12] Efesarane 4,12-13

[13] Efesarane 4,16

[14] 1. Korint 12,28

[15] Apostelgjerningane 1,14,37,41-47

[16] Apostelgjerningane 13,1-4; 14,26-27

[17] Apostelgjerningane 14,21-28; 15,36+40-41; 20,1-2+17-36

[18] Apostelgjerningane 2,46; 16,15,32-34; 20,20+28

[19] 2.Korintar 10,13

[20] 2.Korintar 10,8

[21] 1 Peter 5,1-4

[22] Hebrearane 13,7

[23] Hebrearane 13,17

[24] 2 Mosebok 24,1,9; 11,16+24-25

[25] Apostelgjerningane 14,23; 20,28; Titus 1,5-9

[26] 1 Timoteus 3,1-7; Titus 1,5-9

[27] 1 Tessalonikarane 5,12-13

[28] Efesarane 4,11; Apostelgjerningane 20,28; 2 Peter 5,2-4; Johannes 10,1-15; Esekiel 34

[29] Romarane 12,7; Efesarane 4,11; Titus 2,5,9; 1 Timoteus 5,17

[30] Romarane 12,8; 1 Tessalonikarane 5,12-13; 1 Timoteus 5,17

[31] Apostelgjerningane 20,28-32; Filipparane 1,1; 1 Timoteus 3,1-7; Titus 1,5-9

[32] Apostelgjerningane 15,22; Hebrearane 13,7,17,24

[33] 1 Korintar 12,25

[34] Romarane 12,14; Kolossarane 3,16

[35] 1 Tessalonikarane 5,12; Hebrearane 3,13

Comments