Så lenge han levde
09/08/2006
Profeten Samuel levde heilhjarta for Herren og tente Guds plan i si levetid. Han fekk eit flott ettermæle. Det er om å gjera at vi alle lever for å sjå Guds plan fullført for den tida vi lever i.
Samuel var domar i Israel så lenge han levde. Kvart år drog han ikring til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane. Sidan fór han heim att til Rama; for der budde han, og der var han domar for Israel. I Rama bygde han eit altar for Herren (1.Sam.7,15-17)
I desse versa finn vi heile livet til profeten samla i ein setning: Samuel var domar i Israel så lenge han levde. Han var berre ein ung gut då han først høyrde frå Gud og talte ord frå Gud. No kan heile livet hans samlast i desse ord at han dømde og skifte rett i Israel så lenge han levde. Mora innvia han til teneste for Herren. Samuel sjølv gav heile livet sitt til Herren. Når vi ser på livet hans, slår det oss kor stor påverknad eit menneske kan ha på eit heilt folk, ein heil nasjon. Han levde ikkje for seg sjølv, han levde for å føra folket tilbake til Gud. Han levde for å tena Guds plan i si levetid. Han gjorde det ved å forkynna Guds ord og halda fram sanning og rett for folket. Enno i våre tid kan vi venta å sjå at eit menneske kan endra heile den historiske utviklinga til ein nasjon. For ei utfordring! Livet til Samuel skin og lyser for oss. No er det vår tid. Lat oss tena Gud ved å seia: Tala Herre, tenaren din høyrer! Det er ingen grenser for kva som kan koma ut av ei slik bønn.
Samuel var domar i Israel så lenge han levde. Det var bare døden som enda tenesta hans. Han påverka og styrde i kraft av moralsk karakterstyrke som kom frå eit liv innvia til Gud. Autoriteten hans kom frå det livet han levde med Gud. Han hadde Guds ord på tunga si. Han talte på vegne av Gud. Alle kunne merka ta Gud var med han. Det profetiske nærværet han bar med seg frå samværet med Gud kunne merkast i alt han var, sa og gjorde. Det var den profetiske tenesta hans som gjorde han til domar i Israel. Han var ikkje utpeika eller innsett av menneske. Gud plukka han ut. Gud openberra seg for han. Gud talte til han. Gud var med han. Samuel gjorde berre det Gud sa, og folket fekk tillit til han då dei merka at Gud var med han.
Til og med etter at Samuel hadde salva og sett inn Saul som konge hadde han autoritet i kraft av det livet han levde med Gud og heldt fram med å dømma og skifta rett mellom folket. Profeten og sjåaren Samuel la frivillig ned si leiande teneste blant folket då han sette inn Saul i hans embete som konge og styrar over folket, men innflytelsen hans varte ved og han utøvde autoritet frå Gud når han kjende seg driven til det, ikkje i kraft av ei stilling eller ein tittel, men på grunn av karakter og liv! Både konge og folk underordna seg profeten sine råd og uttrykte vilje (sjå til dømes 1.Sam.15,33).