Nasjonal oppvakning
Nye profetiske handlingar

Profeten kalla folk saman

Profeten tolka den stoda folket var i. Då forstod Samuel at tida var inne til å kalla saman heile Israelsfolket for å gje dei ei profetisk utfordring. Han kjende i si ånd at tida var inne for utfriing og gjenreising. Han visste at no var tida komen då Gud ville gripa inn, for no hadde folket den rette innstilling og vilje til sann omvending. Heile folket lengta etter Gud og hans nærvær. Då stod profeten fram med ein bodskap til heile nasjonen.

Og Samuel sa til heile Israels-folket: "Vender de om til Herren av eit heilt hjarta, så få bort dei framande gudane og Astarte-bileta! Vend hjarta dykkar til Herren og ten han! Så skal han fria dykk frå filistarveldet." (1.Sam.7,3)

Den profetiske bodskapen inneheldt både åtvaring og lovnad. Han kalla folket til omvending, noko alle sanne profetar har gjort gjennom alle tider. Han seier at dei må venda attende til Herren og kvitta seg med alle dei framande gudane og Astartebileta, så dei kan tena Herren heilhjarta. Om dei såleis tener berre Herren, vil han fria dei frå den politiske undertrykkinga. I tjue år hadde profeten arbeidt for å få folket til å sjå samanhengen mellom gudsdyrking og menneskeleg fridom. Då dei innsåg at avgudsdyrking og moralsk forfall var fråfallet frå Herren og grunnen som førte nasjonen ut i ulukka, vart lengten til Gud tend på ny. Profeten sitt arbeid hadde vekka opp ein hunger etter Gud og hans velsignande nærvær hjå store lag av folket.

Då skilde israelittane seg av med Ba'al-gudane og Astarte-bileta og tente berre Herren. Og Samuel sa: "Stemn heile Israel saman i Mispa! Så skal eg be til Herren for dykk." Då samla dei seg i Mispa, og dei auste opp vatn og rende det ut for Herrens åsyn. Den dagen fasta dei og sa: "Vi har synda mot Herren." Sidan skifte Samuel rett mellom israelittane i Mispa. (1 Sam 7,4-6)

Det svaret profeten fekk frå folket viser kor grundig han hadde gjort si gjerning for Herren. Folket kvitta seg med avgudane og vedkjende seg berre den Evige Eg Er som den einaste sanne Gud. Denne heilhjarta omvendinga, med dei jordnære følgjene at Asjerapålane og dei andre avgudsbileta vart knuste og brende, vart oppfatta som eit opprør mot dei krigerske filisterane som så lenge hadde styrt dei med jernstav.

Comments