Profeten kalla folk saman
Profeten møter motgang og motstand med bønn

Nye profetiske handlingar

Samlinga i Mispa (1.Sam.7,4-6) innebar ein ny start for Israelsfolket. Profeten Samuel ville oppnå to ting med denne samlinga. Først ville han gjenreisa folket til rett forhold til fedrane sin Gud. Han ville gjera det klart for alle at den nasjonale vekkinga hadde ført til heilhjarta omvending. Så ville han gå i forbønn for folket og be Den Allmektige om å gripa inn og gjenreisa folket til fullt rådvelde over det lova landet. Både det å fortelja folket om deira sanne stilling og det å gå i forbønn for dei er, er grunnleggjande i ei profetisk teneste.

I dette lyset må vi forstå dei nye symbolske handlingane som profeten innførte for å synleggjera Israelsfolket  si nye heilhjarta innviing til den Evige Eg Er. At dei auste opp vatn og rende ut for Herrens åsyn symboliserte, for dette folket som av profeten hadde vorte trena til å forstå innhald og meining i symbol og bilete, hjarta og det indre livet rend ut for Herren. Fastinga viste folket si audmjuking, omvending og sorg over synda medan dei bøygde seg for den einaste sanne Gud.

Comments