Frå profetisk leiing til verdsleg styresmakt
Profeten åtvarar folket om følgjene av valet deira, å ha ein konge

Kva gjer profeten når folket vrakar Guds styre?

Naturleg nok likte ikkje Samuel det dei eldste sa. Det kunne kjennast som om dei forkasta han og leiinga hans saman med avvisinga av sønene hans. Men profeten let ikkje dei såra kjenslene sine styra seg i det svaret han gav dei. Som ein sann profet og sjåar gjekk han med ein gong til Gud med saka i bønn. Han forstod at her var det noko meir enn han sjølv det galdt. Folket forkasta Guds direkte styre over seg då dei bad om ein konge.

Dei orda som Herren sannsynlegvis talte til profeten i eit syn, då han bar folket sitt ønskje om eit nytt styre, om ein konge som dei andre nasjonane, er verdig triste og rørande:

Men Herren sa til han: "Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg. Det har dei alltid gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt, og til denne dag. Dei har gått bort frå meg og dyrka andre gudar. Og såleis fer dei åt mot deg òg. Gjer no som dei vil! Men fyrst må du åtvara dei alvorleg og la dei få vita kva rett han kjem til å få, den kongen som skal rå over dei!" (1.Sam 8,7-9)

Det er som om Herren vil trøysta den gamle trufaste profeten med dei orda han bruker. Det verker som om han seier: Ver ved godt mot, min trufaste tenar, og ta ikkje dette personleg, at folket du elskar og trufast har tent, ikkje tykkjest å verdsetja tenesta di. Det er ikkje deg dei har vraka, men meg, den usynlege Kongen.

Dette er ei trist hending i soga til det utvalde folket. Det var ei medvite vraking av Den Evige Eg Er sin plan og vilje for folket. Vi ser gjennom dette kor sørgjeleg mogeleg det er for menneske med sin frie vilje å øydeleggja det gode og herlege livet Gud hadde i tankar for det. Det var aldri Guds vilje at folket hans skulle styrast på same måte som dei heidenske nasjonane, jamvel om Kongen over universet hadde åtvara dei om at det kunne henda (5.Mos.17). Vi merkar den triste tonen i det Gud seier til profeten, og vi merkar oss at Herren let folket få viljen sin.

Comments