Heimen er eit trygt utgangspunkt for den profetiske tenesta
Kva gjer profeten når folket vrakar Guds styre?

Frå profetisk leiing til verdsleg styresmakt

Då profeten Samuel vart gamal sette han sønene sine til dommarar over Israel (1.Sam.8,1). Det minner svært mykje om Fidel Castro som har fått inn i den cubanske grunnlova at broren hans skal overta styret når han døyr. Dette kallar vi nepotisme og det er ikkje noko positivt jamvel om det er ganske vanleg. I Samuel sitt tilfelle, så fekk han ikkje leva lenge i den synda. Sønene hadde ikkje dei same karakterkvalitetane som faren hadde. Folket klaga og ville heller ha ein konge til å styra dei, slik som nasjonane rundt dei hadde. Måten profeten og dommaren Samuel tok dette på, seier svært mykje om den integritet og karakterstyrke han hadde i si usjølviske teneste for folket på vegne av Gud. Han oppførte seg heilt annleis enn øvstepresten Eli gjorde då folket klaga på sønene hans. Samuel nølte ikkje med å setja inn Saul og med det ta sønene sine ut or den dommarfunksjonen dei arva etter faren sin.

Alle dei eldste i Israel samla seg for å bera fram sine ønskje for Samuel. Dei kjende Samuel som ein Guds mann. Dei var trygge på at han ville gjera det som var rett utan omsyn til personleg vinning for hans eigne søner. Dei hadde tydelegvis den tillit til han at han ville gje dei vise råd frå Guds visdom og ikkje følgja private interesser eller gje etter for personlege kjensler. Resultatet rettferdiggjorde tilliten deira, for Samuel viste seg å vera tilliten verdig.

Comments