Profeten møter motgang og motstand med bønn
Å stå på eigne føter

Ein profetisk minnestein

Profeten Samuel reiste då ein profetisk minnestein som han kalla Eben-Eser og sa: ”Til no har Herren hjelpt oss!”  Han gjer det same som profeten Moses hadde gjort tidlegare på eit ord frå Gud då Israelsfolket hadde gått over Jordan og kome inn i det lova landet ved Gilgal. Dette fortel meg at det å reisa minnesteinar for Guds folk er ein del av den profetiske tenesta. Desse minnesteinane hjelper folk å leva i trua på Herren som har hjelpt dei i vanskelege tider og vil hjelpa dei i nye vanskar dei måtte møta.

Minnesteinen Eben-Eser var eit profetisk teikn, ikkje berre eit minne om ein stor siger på slagmarka til eit tidlegare nederlag, men eit teikn på ein ny start for Guds folk. Det var eit teikn på eit nytt verk av Anden mellom dei. Det var eit teikn på ein ny einskap og nytt samhald mellom folket. Det var ein profetisk minnestein som skulle minna folket om at Gud hjelper dei som søkjer han. I dette tilfelle var det òg eit teikn på ei åndeleg oppvaking og fornying som varte så lenge profeten levde.

”Såleis vart filisterane kua, og dei kom ikkje oftare innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filisterane så lenge Samuel levde” (1.Sam.7,13).

Filisterane fekk aldri meir herredømme over Israel. Sant nok var det ein lang og hard kamp, både med kongane Saul og David, inntil dei vart knuste. Herrens hand låg tungt på filisterane så lenge profeten levde. Den profetiske minnesteinen stod som eit vitnemål om Guds hjelp og nærvær hjå eit folk som gjev akt på det profetiske ordet.

Comments