Herren openberrar seg fro profetane gjennom ordet sitt
Profeten vekkjer hunger etter Gud

Profetord og overmot

Samuels ord kom ut over heile Israel. Og Israel drog ut for å strida mot filistarane. 1.Sa.4,1

Det er mange ulike meiningar om plasseringa av desse to setningane og som gjer at dei kan forståast på ulike måtar. I Bibelselskapet sin Bibel er den første setninga, om at det Samuel sa gjekk ut til heile Israel, plassert i samanheng med det som står i verset før (3,21). I Norsk Bibel si utgåve, som eg har sitert ovanføre, ser det ut som om det er ein klår samanheng mellom dei to setningane i 1.Sam.4,1.

I denne omsetjinga ser det ut til at Israelsfolket gjekk til krig mot filistarane på grunn av orda til Samuel som kom ut over heile landet, medan det i Bibelselskapet sin Bibel ikkje er nokon samanheng mellom det Samuel sa og det at folket gjekk til krig. Desse to måtane å lesa dette verset på, opnar for to ulike, men kanskje utfyllande tolkingar.

Når vi les vidare om krigen med filistarane ser vi at Israelsfolket tapte striden og leid eit stort mannefall der tretti tusen mann mista livet. Kanskje endå verre for Israelsfolket var det at filistarane tok  den heilage paktkista, sjølve teiknet på Guds vernande og velsignande nærvær. Krigen fekk med andre ord katastrofale følgjer for Israel. Då øvstepresten Eli fekk høyra at begge sønene hans var falne og at paktkista var teken av filistarane, fall han av stolen sin og døydde.

Om det er slik å forstå at Israel drog ut for å strida mot filistarane på grunn av eit eller fleire profetord frå Samuel, må Samuel ha gjort ein feil sidan utfallet vart så katastrofalt for Israel. Koss kan vi forstå dette? Hadde profeten vorte overmodig og profetert for store ord? Var han blenda av alt det gode som hadde hendt i Israel sidan Gud hadde teke til å openberra seg for han gjennom ordet sitt, at han ikkje såg kor djupt det åndelege forfallet i folket verkeleg var? Samuel lengta etter å gjenreisa folket i samsvar med Guds plan og vilje. Han ville frigjera folket åndeleg og politisk. Kan det vera at han i ungdommeleg glød og tru tok munnen sin for full då han profeterte til folket? Det må ha vore eit stort vonbrot for alle som gjekk til krig på grunnlag av orda hans at utfallet vart så sørgjeleg for Israel.

Eller kan det vera slik å forstå at Samuel ikkje hadde profetert at Israel skulle gå til krig mot filistarane, men at folket gjorde det på grunn av overmot. No var det jo ein profet i folket, og det var lenge sidan sist. Men profetkvinna Debora førte Israel til siger over undertrykkarane slik Moses, den store profeten før henne, hadde gjort. No talar Gud på ny mellom folket sitt. Han har reist opp ein profet som er godteken over heile landet som ein Guds profet. Alle dei gode orda hans går i ein retning. No er det tid til handling! Så gjekk dei til krig i overmodig tru og leid eit sviande nederlag. Slik går det med alle som handlar i overmot.

Denne forteljinga er eit varsel til oss om ikkje å handla i overmot. Dei som ber fram ord i namnet åt Herren må ikkje bruka for store ord og skapa overmot hjå dei som høyrer. Like eins har vi alle ansvar for å høyra Guds røyst gjennom alle profetord, så vi ikkje legg til eller trekkjer frå noko når Gud talar. Når vi høyrer Gud vil vi aldri ha grunn til å vera overmodige, men Ordet frå Gud gjer oss djerve og tillitsfulle.

Comments