Profetord og overmot
Nasjonal oppvakning

Profeten vekkjer hunger etter Gud

I tjue år hadde profeten Samuel arbeidt for å få folket til å sjå samanhengen mellom gudsdyrking og menneskeleg fridom. Då dei innsåg at avgudsdyrking og moralsk forfall var fråfallet frå Herren og grunnen som førte nasjonen ut i ulukka, vart lengten til Gud tend på ny. Profeten sitt arbeid hadde vekka opp ein hunger etter Gud og hans velsignande nærvær hjå store lag av folket.

Den profetiske bodskapen inneheldt både åtvaring og lovnad. Han kalla folket til omvending, noko alle sanne profetar har gjort gjennom alle tider. Han seier at dei må venda attende til Herren og kvitta seg med alle dei framande gudane og Astartebileta, så dei kan tena Herren heilhjarta. Om dei såleis tener berre Herren, vil han fria dei frå den politiske undertrykkinga.

No forstod Samuel at tida var inne til å kalla saman heile Israelsfolket for å gje dei ei profetisk utfordring. Han kjende i si ånd at tida var inne for utfriing og gjenreising. Han visste at no var tida komen då Gud ville gripa inn, for no hadde folket den rette innstilling og vilje til sann omvending. Heile folket lengta etter Gud og hans nærvær. Då stod profeten fram med ein bodskap til heile nasjonen.

Comments