Profeten vekkjer hunger etter Gud
Profeten kalla folk saman

Nasjonal oppvakning

Då sukka heile Israels hus etter Herren (1.Sa.7,2NB). Då vende heile Israelsfolket seg til Herren (7,2).

Det var nå gått lang tid sidan filistarane slo Israel i slaget ved Afek og tok paktkista frå dei. Då paktkista valda mange vanskar for filistarane sendte dei henne tilbake til Israel, og no hadde paktkista stått i Kirjat-Jearim i tjue år. I desse åra må profeten Samuel ha arbeidt hardt for å få folket til å venda tilbake til fedrane sin Gud. Den beiske lærdomen frå Afek hadde lært han at det åndelege forfallet var så stort at det ikkje var nok med små ytre endringar for å få Guds vernande velsigning attende til folket på ny. Han forstod at det trongst eit djupgåande verk i hjarte og karakter for å få folket til å verta det Gud ville dei skulle vera.

Frå det vi kan lesa i dei følgjande kapitla forstår vi at det var i desse tjue åra med undertrykking Samuel sette i gang med profetskular og ei grunding opplæring av folket. Kvart år drog han ikring til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene underviste han folket om Guds vilje. Det same gjorde han også i Rama der han budde. På alle desse plassane lærte og øvde han opp profetlæresveinar som hjelpte han med å gjennomsyra folket med Guds ord.

Etter tjue års hardt og målretta arbeid får profeten hausta frukt av arbeidet sitt. Det ser vi av denne setninga vi siterte ovanføre: Då sukka heile Israels hus etter Herren! Etter tjue år med forkynning og opplæring vende heile Israelsfolket seg til Herren. Dei mange profetlæresveinane hans hjelpte han å fylla heimane med Guds ord. No bar Ordet frukt i form av ei nasjonal oppvakning, ei åndeleg vekking som førte til politisk frigjering!

Comments