Under tilsyn i Guds nærvær
10/05/2006
Guten Samuel tente Herren, og Eli hadde tilsyn med han. Herrens ord var dyrt i dei dagar, av syner var det få. (1.Sam.3,1)
Det verker som vi her får eit oppsummering av livet til Samuel så langt. Han som skriv er velkjend med den store endringa som Israelsfolket gjekk gjennom då profeten Samuel arbeidde mellom dei. Nest etter Moses er Samuel den personen som har hatt mest å seia for utviklinga i Israelsfolket.
Denne korte setninga, ”guten Samuel tente Herren, og Eli hadde tilsyn med han,” har ingen detaljar om koss livet arta seg for den komande profeten. Likevel seier det oss at Samuel voks opp i ein rein og heilag atmosfære. Guten var heilt tydeleg ikkje påverka av dei to sønene til Eli som stod for den utøvande prestetenesta på sitt vonde og sjølviske vis. Den øvsteprestelege tilsynsmannen var klar over det viktige oppdraget han hadde i å halda guten usmitta av synd og heilhjarta for Herren. Den gamle leiaren ville ikkje at Samuel skulle verta lik sønene sine.
Dei som hadde det verkelege leiarskapet for folket svikta oppgåva si gjennom det verdslege og egoistiske livet sitt. Men guten Samuel tente Herren og voks opp hjå Herren. Han levde i det stille og heilage nærværet som Paktkista førte med seg. Her i Guds hus opplevde han det uforklarlege og guddommelege mysteriet kvar einaste dag. Han var verna frå det vonde og fekk opplæring i dei tinga som høyrer Gud til. Eli må ha fortald han soga til Israelsfolket. Han fekk høyra om Abraham, Isak og Jakob, og koss Gud tala til dei og leia dei. Han fekk høyra om Moses og utgangen av Egypt, og om Josva som førte folket inn i det lova landet. Det var berre eit forheng som skilde meistaren og eleven og den mystiske paktskista dekka av gull der Gud trona på nådestolen og synte herlegdomen sin.
I denne heilage atmosfære levde og ånda Samuel frå tidleg barndom til han kom opp i tenåra. Det reine og uskuldige livet til denne guten står i skarp kontrast til det agelause og lovlause livet til sønene til Eli og til Eli sin eigen veikskap i forhold til dei. Eli og sønene hadde fått Guds dom forkynt av den ukjende profeten, men likevel brukte Gud Eli til å læra opp Samuel til ein åndeleg mann.
Josefus seier at Samuel var tolv år gammal då Herren kalla han første gongen. Det er same alder Jesus hadde då han samtala med dei skriftlærde i templet. Det seier meg at unge menneske kan ha stor åndeleg innsikt og forståing, jamvel om omstenda dei lever under ikkje er dei beste.