Under tilsyn i Guds nærvær
Gud kallar Samuel

Sjeldne ord - få syner

Herrens ord var dyrt i dei dagar, av syner var det få. (1.Sam.3,1)

Frå Moses til Samuel, ei tid på fleire hundre år, var det ingen godkjend profet i Israel. Det var folk som hadde openberringar og so bar fram Guds ord, men det var ingen profet med nasjonal godkjenning. I den tida Samuel voks opp var det sjeldan at det kom profetord. Vi høyrer berre om ein ukjend profet, og han er den første vi høyer om etter Debora som profetere under palmetreet sitt til dei som kom til henne. Det var med andre ord ikkje vanleg på denne tida at ein gudsmann, ein sjåar eller profet bar fram Herrens ord og kunngjorde Guds vilje.

Det var med andre ord ei tid med åndeleg stogg. Det var ei tid kor folk gjorde sine eigne ting og ikkje brydde seg om Guds vilje. Det var få folk som verkeleg søkte Gud. Dei fleste slo seg til ro med seremoniane og dei gamle rituala knyta til den ytre gudsdyrkinga som gjekk føre seg i teltet i Sjilo der paktkista stod. Denne statlege og nasjonale gudsdyrkinga gav ikkje folk Guds ord, forkynte ikkje Guds vilje til omvending, men stetta folket sin trong religiøse kjensler.

Kvifor kom det sjeldan ord frå Gud? Kvifor var det få syner som braut fram og gav von og mot til folket?

Grunnane kan sjølvsagt vera mange, men for det første var det ingen profet mellom folket på denne tida, bortsett frå den ukjende gudsmannen som bar fram eit ord og så vart borte igjen. Det var ingen godkjend profet i Israel, ingen som kunne tala ord frå Gud til folket. Det var ingen som kunne tena Gud med å stella seg i rivnene til forsvar for landet (Esek.22,30). Til alle tider har Gud leita etter menn han kunne bruka til å tala gjennom og til å føra folket tilbake til seg. Når han ikkje finn ein mann han kan gjera seg kjend gjennom er Gud stille og det kjem sjeldan ord frå Gud.

Det var få opne syner, eller det var få syner som braut fram, som det kan omsetjast. Det har nok med det åndelege jordsmonnet å gjera. Folket var ikkje i rett tilstand. Dei var ikkje i rett forhold til Gud. Det var åndeleg tørke og jorda var hard. Folk var ikkje opne, lengtande eller leitande etter Gud, dei greidde seg veldig bra på eiga hand med sin eigen religion.

Midt i denne tida med fråfall og åndeleg tørke reiste Gud opp ein stor profet. Det er det same kor mørk stoda vi lever i er, Gud vil tala om nokon er villjug til å høyra. Gud leitar etter folk, gutar eller menn, jenter eller kvinner, som han kan reisa opp til profetar i eit folk som har vendt seg frå han. Om det sjeldan kjem ord frå Gud og få syner bryt fram mellom Guds folk, kan det verta ei endring! Det treng ikkje vera slik. Gud er ein Gud som tatar. Gud er ein Gud som bryr seg om folket! Gud ønskjer å fullføra dei frelsande planane sine for folk. Han leiter etter menn og kvinner som vil tena han og tala hans ord med frimod.

Comments