Eit flott liv
Samuel gjorde framsteg og vann velvilje

Samuel voks opp hjå Herren

Og Herren såg til Hanna. Ho vart med barn og fødde tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hjå Herren (1.Sam.2,21).

Herren velsigna Hanna med mange barn. I mange år hadde ho vore utan barn og måtte tola mykje hån og spott for det. No vart ho rikt velsigna med barn og var ei lukkeleg mor. Samuel fekk ikkje del i denne familielukka. Han voks opp hjå Herren! Det er både vondt og godt å lesa dette. Det seiar meg noko om dei offer som Guds tenarar må gjera alt i tidleg alder. Det fortel meg at ingenting er utan meining for Gud har ein finger med i alt som hender oss. Ting vi ikkje forstår når vi står midt oppe i det, fattar vi når vi seinare i livet vert brukt av Gud til å hjelpa andre med den trøysta vi har funne i Guds nærvær. Samuel var utvald av Gud til å verta ein profet. Heilt frå tidleg barndom vart han trena og førebudd for livsgjerninga si. Han må ha hatt ein god barndom, han voks opp hjå Herren!

Eg kan ikkje tenkja meg noko betre enn å veksa opp hjå Herren. Eg kan ikkje tenkja meg noko betre enn å leva med Gud frå barndom til alderdom. Same kva ein går glipp av reint menneskeleg i livet, så er det å veksa opp hjå Herren, det å vandra med Gud, det å leva i Guds nærvær så mykje betre.

Ingen vil verta profet for Herren om ein ikkje lever livet sitt i hans nærvær.

Comments