Samuel voks opp hjå Herren
Under tilsyn i Guds nærvær

Samuel gjorde framsteg og vann velvilje

Men dei høyrde ikkje på det far deira sa, for det var Herrens vilje å la dei døy. Men guten Samuel gjekk fram i alder og velvilje både hjå Herren og hjå menneske (1.Sam.2,25b-26).

Kontrastane er store når det gjeld sønene til Eli og Samuel. Dei første var vonde og egoistiske. Dei tok ikkje imot rettleiing. Dei høyrde ikkje på far sin som tala dei til rettes og åtvara dei. Dei hadde gått så langt i si vanvørdnad av folket og Herrens offer at det ikkje var håp for dei lenger. Dei hadde vorte så forherda i si synd at dei ikkje eingong ville høyra på sin eigen far som var øvsteprest. Det er skræmande å sjå at Gud gav dei opp og ville la dei døy.

Men guten Samuel var annleis og levde eit heilt anna liv. Han gjekk fram i alder og velvilje både hjå Gud og menneske. Han tente Gud under tilsyn. Han tente for Guds åsyn. Han voks opp hjå Herren. Han gjorde framsteg i livet sitt. Han var til glede for Eli, som hadde stor sorg av sine eigne søner, men som ikkje var sterk nok til å aga dei. Samuel var den rake motsetnaden til sønene hans, han tente Gud i uskuld utan sjølviske tankar om vinning. Den uskuldige lydnaden og den ærlege trua hans gledde Gud. Gjennom si ferd vann han Guds velvilje og då vart visdomsordet til Salomo oppfylt på han: ”Når Herren har hugnad i ferda åt ein mann, lagar han det så at jamvel fiendane held fred med han” (Ord.16,7).

Comments