Menneskelege vurderingar og Guds røyst
Guten Samuel tente Herren under tilsyn

Herren forkastar eit sjølvsentert prestestyre

I Første Samuelsbok finn vi forteljinga om den ukjende profeten som til Øvtespresten Eli med eit ord frå Gud. Då gudsmannen kom til Eli med ord frå Herren var det ein svært alvorleg bodskap han bar fram. Det er mykje å læra frå dette profetiske ordet.

Gud tek til med å minna Eli på koss Gud hadde openberra seg for farshuset hans, det er Arons ætt, då dei var trælar i Egypt. Gud valde Aron og ætta hans til å vera prestar for seg, til å bera fram offer på altaret, brenna røykjelse or bera livkjortelen så han kunne gå inn i det inste høgheilage rommet med paktkista der Guds nærvær kvilte. Gud gav dei også rett til å eta av eldoffera (1.Sam.2,27-28).

Trass i desse store privilegia var ikkje sønene til Eli nøgde. Dei synda grovt mot folket som kom for å ofra og mot Gud, for dei vanvørde Herrens offer (sjå 1.Sam.1,12-17). Herrens klagemål mot Eli, øvstepresten, var at han æra sønene sine meir enn Gud. Eli visste om sønene si syndige framferd, men han aga dei ikkje. Han skjente på dei, men viste inga handlekraft på Guds vegne ved å ta dei ut av tenesta (1.Sam.1,22-25; 2,29). Eli visste kva som var rett, men han var mjuk og ettergjevande med sine eigne søner. Kanskje var det materialistiske motiv som låg bak? Om han tok sønene ut av denne tenesta ville han ta frå familien sin store inntekter frå ofringar, gåver og tiend som kom dei leiande prestane til gode. Eli såg gjennom fingrane med ting Gud hata og som berre vart verre og verre, for vinning skuld.

Herren minna Eli på dei lovnadene Aron ætta hadde fått frå Gud, men sa så at no ville han oppheva desse lovnadene (1.Sam.2,30). Her seier Gud med andre ord, at det er alltid vilkår knyta til lovnader og profetord som vert gjevne til menneske. Gud hadde lova dei prestedømmet til evig tid, men no seier Herren at det er utenkjeleg at han vil oppfylla lovnaden for folk som ikkje ærar han. Dei som ærar Gud, vil Gud æra ved å oppfylla alle sine gode lovnader og planar for. Dei som vanvørder Herren, vil verta til skamme og lovnadene frå Gud vil ikkje verta innfridd.

Profeten er veldig klar og konkret når han forkynner Guds dom over Eli, sønene hans og heile ætta deira. Teiknet på Guds dom som skulle råka han var at begge sønene hans skulle døy på ein dag. Korleis dette gjekk til er skildra i fjerde kapitel i Første Samuelsbok. Herren vaker over ordet han talar gjennom profetane sine og set det i verk!

Comments