Herren forkastar eit sjølvsentert prestestyre
Eit flott liv

Guten Samuel tente Herren under tilsyn

Frå første gong eg las Første Samuelsbok har eg vore rørt av dei korte setningane om Samuel som vi finn i dei første kapitla.

Så drog Elkana heim att til Rama, men guten Samuel tente Herren, og presten Eli hadde tilsyn med han. Men sønene til Eli var vonde menn, dei kjende ikkje Herren. (1.Sam.2,11-12)

Foreldra reiste heim til det vante livet, og brått var Samuel åleine hjå framande folk. Her tente han Herren. Sønene til Eli var vonde menn, likevel tente Samuel Herren under tilsyn av Eli. Alt som liten gut, borte frå far og mor, valde han å tena Gud og halda avstand til dei gudlause.

Comments