Sjeldne ord - få syner
Gjengifte - etisk uforsvarleg?

Gud kallar Samuel

Forteljinga om koss Samuel vart kalla til profet er svært gripande. Fram til denne stunda hadde Samuel tent Herren under tilsyn av Eli, eller som det òg kan omsetjast, hadde tent Herren framfor andletet eller åsynet til Eli. Han kjende ikkje Herren personleg, heile hans teneste for Gud gjekk gjennom Eli. Han gjorde det Eli bad han om, og han gjorde det på den måten Eli synte han det skulle gjerast. Han hadde aldri høyrd Guds røyst. Han hadde enno ikkje møtt Gud i Ordet. Han tente Gud utan å kjenna han. Men på grunn av sin truskap i å tena under tilsyn av øvstepresten, var han no kome til eit vendepunkt i livet sitt. No kom Gud til han og kalla på han.

”Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktskiste stod” (1.Sam.3,3).

I den stille morgonstunda før sola hadde stige opp, medan den heilage lampen i tabernaklet enno lyste, kom Herren til Samuel og ropa på han. Det er sannsynleg at røysta kom frå den synlege herlegdomen, skya av Guds nærvær, Shekinah, som denne natta kvilte over paktskista med nådestolen som òg var det synlege uttrykket for Guds kongsstol mellom folket sitt. Samuel høyrde røysta, ja, han vart vekka opp or svevnen av røysta som ropa på han. Med ein gong sprang han til Eli og sa, ”Her er eg. Du ropa på meg.” Her syner Samuel ei fin tenarinnstilling, han er klar til å gjera det Eli vil kva tid på døgnet han høyrer han kallar på han.

Tre gongar høyrde Samuel røysta ropa namnet hans. Tre gongar spring han inn til Eli og spør kva han vil han skal gjera. Då gjekk det endeleg opp for Eli at det måtte vera Herren som kalla på ungguten. Han seier kva han skal gjera. Han skal gå til sengs att. Om han høyrer røysta ein gong til, skal han verta verande i senga si, men seia til Herren: ”Tala, Herre, tenaren din høyrer!” Han gjekk attende til senga si, la seg til å sova, og vart på ny vekka av røysta til Herren Allhærs Gud.

Herren kom og stod framføre han. Han ropa som før: ”Samuel, Samuel!” Denne gongen visste Samuel kva han skulle gjera. Han sa: ”Tala, tenaren din høyrer!” Då fortalde Herren Samuel koss synda til Eli sine søner har gjort at han no må vraka heile Eliætta frå prestetenesta. No var tida komen då Gud skulle oppfylla profetordet til den ukjende gudsmannen.

Samuel vart liggjande og grunna på det han hadde høyrd. Han våga ikkje fortelja Eli om synet han hadde hatt. Då Eli kravde å få vita kva Herren hadde sagt, fortalde han alt saman og dulde ingenting for han.

Når eg les denne forteljinga slår det meg at Samuel gjennom denne opplevinga lærde å kjenna Herren. Samuel kjende ikkje Herren personleg før denne opplevinga jamvel om han hadde tent Herren i lang tid. Men han vart kjend med Herren personleg då han openberra seg for han gjennom ordet sitt. Gud tala til han og talen var ei openberring av talaren. Å kjenna Gud, ikkje slik at vi kan definera han, men så vi nyta samværet  med han og gleda oss i han, er  det det handlar om. Å kjenna Gud, ikkje så vi kan demonstrera hans vesen, men så leva i og ved hans kjærleik og kraft, det er Andens gåve. Å kjenna Gud, ikkje slik at vi kan forstå han, men så vi kan lita på han og følgja han, det er Andens gåve.

Det er nokre uttrykk i denne forteljinga som seier meg at Samuel ikkje berre høyrde ei røyst. Han opplevde eit nærvær av Gud so stod framføre han. Når han skal fortelja om opplevinga si, vert det framstilt som om han har hatt eit syn. Det er tydeleg for meg at Samuel møtte Gud på ein svært sanseleg, handgripeleg og særskild måte. Han vart aldri den same etter dette møtet med Den Evige Eg Er.

Comments