Ingen profet kan vera likesæl
Eg drøymer om eit fellesskap kor alle samlingar er merka av Guds nærvær for dei er samlingar av lengtande menneske.

Eg har ein draum om ein ny generasjon av radikale kristne

Eg drøymer om radikale kristne som har forstått at kristendommen ikkje er ei rekkje med religiøse møte eller aktivitetar, men eit nytt liv i fellesskap med Jesus Kristus og med andre menneske, - ein ny måte å leva heile livet sitt på 24-7!

Eg drøymer om radikale kristne som tek eit oppgjer med tradisjonelle møteformer, som har sitt opphav i gammaltestamentleg tempel- og synagogetenking og ikkje i den organiske tenkinga om forsamlinga som eit livsfellessap i Jesu Kristi kropp!

Eg drøymer om kristne som omfamnar det evangeliet som knyter dei saman med andre og set dei fri frå den øydeleggjande påverknaden til den sjølvstendige og uavhengige sjølvviljen.

Eg drøymer om kristne som ikkje er redde for følgjene av å følgja Ordet og Anden fordi dei ikkje lenger tenkjer på å berga sitt eige skinn.

Eg drøymer om kristne med ei pionerånd som held ut i prøvingar og motgangar og som ikkje slår seg til ro med noko anna enn å sjå heile Guds plan fullført.

Eg drøymer om kristne som ikkje er styrt av det materielle og timelege, men som har det usynlege for auga og lever for noko som vil vara ved når det jordiske og forgjengelege er borte.

Eg drøymer om kristne som ikkje er redde for å konfrontera dei mørke maktene og som ikkje let seg lamma av frykt

Eg drøymer om kristne som ikkje ventar at andre skal gjera for dei det dei kan gjera sjølve.

Eg drøymer om kristne som får ting til å skje og ikkje passivt ventar at nokon andre skal få noko til å henda.

Eg drøymer om kristne som ikkje går på kompromiss med sanninga i evangeliet for å tilpassa seg ytre religiøse skikkar, eller for å halda fast på stilling eller status i den organiserte kristendommen eller i samfunnet.

Eg drøymer om kristne som set visjonen sin ut i livet gjennom hardt arbeid og trufast innsats og ikkje lever i drøymeland.

Eg drøymer om kristne som vågar å leva ut draumen sin og ikkje let seg skræma eller stengjast inne av andre sine meiningar.

Eg drøymer om kristne som er radikale i å rydda bort alt som ikkje har si rot i Gud i det kristne fellesskapet.

Eg drøymer om radikale kristne som ikkje gjev opp i kampen for å frigjera det kristne fellesskapet for menneskelege ritual, tradisjonar, filosofiar, eller noko anna som bind Guds folk i religiøse lekkjer, eller som blindar dei i religiøse blindskap.

Eg drøymer om radikale kristne som ivrig og uthaldande arbeider for at Gud må vera kjelde, midtpunkt og endemålet for alt Guds folk er og gjer.

Eg drøymer om radikale kristne som med heile livet som innsats arbeider for at Guds vilje skal råda på jorda slik som i himmelen.

Eg drøymer om radikale kristne som med stort frimod tek eit oppgjer med politisk korrekte meiningar og kulturelt aksepterte veremåtar som ikkje samsvarar med Guds rettferd og heilagdom, som til dømes homoseksuell praksis, provosert abort eller rettare sagt fosterdrap, seksuelle forhold utanom ekteskapet mellom mann og kvinne, rasisme, familievald, utnytting av fattige og veike, osv.

Eg drøymer om radikale kristne som forstår Guds skapande orden der alt har si rette tid, så dei ikkje let seg styra av tilfeldige innfall og tilsynelatande gode idear som ikkje heng saman, men som er målretta medarbeidarar av Han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje.

Eg drøymer om radikale kristne som heile tida let Guds målestokk leggjast over alt dei er og gjer, og som gler seg over det som held mål og tek eit radikalt oppgjer med alt Gud ikkje liker.

Eg drøymer om radikale kristne som tek djuptgåande oppgjer med keisam og øydeleggjande uniformering, men fremjer eit mangfaldig liv i fargerike fellesskap ved å sleppa Kristus og hans frigjerande nåde til på alle område av livet.

Eg drøymer om radikale kristne som trur at Guds plan er uendra og difor arbeider for at ingenting på jorda skal vera i uharmoni med himmelen, for Gud vil ha ei jord og ein verden som er fri for alle dei øydeleggjande følgjene av synda.

Eg drøymer om radikale kristne som lever i gode ekteskap og familieforhold, kjenneteikna av kjærleik, respekt og frigjerande underordning, så desse heimane vert byggeklossar i eit samfunn i endring til å verta slik Gud vil.

Eg drøymer om radikale kristne som tek på alvor at Gud har sagt at han vil avskaffa krig og militær opplæring og som tek ansvar som fredskaparar i nærmiljø og i internasjonale konfliktar.

Eg drøymer om radikale kristne som er skapande i sitt daglege yrke, som finn vørdnad i å gjera eit ærleg arbeid, og som finn si gleda i å fullføra oppdraget dei har fått frå Gud.

Eg drøymer om radikale kristne som har forstått at kristendommen ikkje er ei rekkje med religiøse møte eller aktivitetar, men eit nytt liv i fellesskap med Jesus Kristus og med andre menneske, - ein ny måte å leva heile livet sitt på 24-7!

Eg drøymer om radikale kristne som tek eit oppgjer med tradisjonelle møteformer, som har sitt opphav i gammaltestamentleg tempel- og synagogetenking og ikkje i den organiske tenkinga om forsamlinga som eit livsfellessap i Jesu Kristi kropp!

Comments