Gjengifte - etisk uforsvarleg?
Faithfulness

Å verta tiltrudd å vera profet

Samuel voks opp. Og Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falla til jorda. (1.Sam.3,19)

Samuel har nettopp hatt eit sterkt møte med Gud. Han har opplevd det som er profetane sin kross, å bera fram meldingar frå Gud som folk ikkje likar å høyra. I utgangspunktet våga han ikkje seia noko til Eli om det Gud hadde sagt. Men på eit rett fram spørsmål frå Eli måtte han bera fram sanninga. Han stod det første prøva. Han tok ikkje noko bort og han la ikkje noko til, han bar fram den lite hyggjelege bodskapen slik han hadde høyrd han frå Gud.

Samuel voks på denne opplevinga og heldt fram med å vera lydig mot Herren. Difor finn vi det naturleg det som følgjer: Og Herren var med han. Dette står i grell motsetnad til stoda til sønene til Eli, dei hadde Herren gått frå. Men Herren var med Samuel. Han gav han styrke til å stå mot trykket from omstendene og visdom til å gjera det rette. Herren haldt si hand over han og leia trygt fram. Den unge guten stod fast i si overgjeving til Herren og Herren stadfesta orda hans. Ingen av orda frå Gud fall til jorda. Gud vaka over orda sine og sette dei i verk.

Då skjøna heile Israel at Samuel hadde vorte tiltrudd å vera profet for Herren. Heile folket forstod med andre ord at Herren hadde tillit til Samuel og hadde sett han til å vera profet. Det Samuel sa vart oppfylt. Det han sa skulle henda hendte verkeleg. Folket såg at Samuel hadde med Gud å gjera og godtok at han tala på vegne av Gud. Ein profet kan berre gjera si gjerning når folk innser at han talar for Herren og ikkje seg sjølv eller andre menneske.

Comments