Gud opnar handa si
Hanna - ei profetisk mor

Profettenesta - innsikt frå Samuelsbøkene

Apostelen Peter seier at alle profetane frå Samuel av profeterte om det gjenreisingsverket som Gud skulle gjera frå pinse og heilt Jesus Kom tilbake (Ap.gj.3,18-24). Det ser ut som om Samuel representerte noko nytt og innleia ei ny epoke med profetar. Moses var den store grunnleggjande profeten som førte folket ut av Egypt og fram til Kanaans land. Han var eit klart førebilete på Jesus og han profeterte om Jesus. Det var ingen store profetar etter Moses før Samuel kom og innleia ei ny tid. Skal vi forstå det alle profetane seier om Guds plan for den tida vi lever i, må vi granska dei profetiske skriftene frå Samuel av. Difor har eg sett meg føre å lesa Samuelsbøkene og Kongebøkene, i første rekkje for å sjå på den profetiske tenesta for å læra å tena Gud slik dei gjorde. Det er også nyttig å sjå på bøkene til alle profetane som tente Gud i tida fram til Jesus Kristus kom.

Samuelsbøkene handlar om Eli, Samuel, Saul og David. Eli var øvsteprest i ei forfallstid der hans eigne søner var dei fremste representantane for fråfallet. Deira synd var stor for dei vanvørde Herrens offer. Eli si synd var at han ikkje aga sønene sine, han berre skjente på dei, men let dei halda fram med si synd. Han var vel i realiteten berre leiaren i namnet, medan sønene hans var dei som faktisk styrte.

Samuel var berre ein ung gut då han kom til Silo for å tena Herren. Hanna hadde bede Gud om han for Herrens skuld. Det som vert skrive om han står i stor kontrast til det som vert sagt om sønene til Eli. Samuel vaks opp hjå Herren og tente han under Eli sitt tilsyn. Han gjekk fram i alder og velvilje både hjå Herren og hjå menneske. Etter kvart vart det klårt for heile Israel at Samuel hadde vorte tiltrudd å vera profet for Herren.

Gud brukte Samuel til å føra folket sitt tilbake til seg. Samuel reformerte heile folket. Han grunnla profetskular der han trena folk til å tena Gud i samfunnet og paktsfellesskapet. Gjennom desse profetskulane utdanna han folk til å kjenna Gud og hans ord og vilje, så dei kunne læra det vidare til andre i sitt eige nærmiljø og gå til andre bygder og byar. Gjennom desse profetskulane og Samuel sine reiser på kryss og tvers av landet skjedde det ei åndeleg oppvaking og vekking i folket som fekk læra koss Den Evige EG ER skulle tilbedast og tenast i heim og samfunn.

Det er tydeleg at Samuel  meiner at den profetiske tenesta også har ein annan viktig funksjon. Profettenesta var ei vaken offentleg makt ved sida av prestetenesta som alt eksisterte og kongetenesta som Samuel innførte. Han var heilt klår over dei farane som kongestyret førte med seg, difor såg han profettenesta som ei mektig opposisjon eller eit nødvendig korrektur til kongsmakta, grunna på det guddommelege Ordet frå Guds munn. Vi finn denne forståinga hjå alle profetane etter han, at profetane ikkje berre forkynner ein høg og rein moral, eller ei svevande eller åndeleg religiøst liv. Profetane stod fram, nærast som folkedomstolsdommarar, som verna dei fattige, trælka og undertrykte mot kongen, dei rike og styrande sine overgrep. Slik var profetane med og skapte balanse i forhold til dei offisielle maktstrukturane i samfunnet, som det etablerte prestedømmet og kongsmakta representerte.

Saul vert skildra som ein stor helt som var betre rusta til å leia folket til siger enn nokon annan.. Under leiarskapet hans får folket ein samla hær som fødde fram mange store krigarar og djerve menn som tente både David og Salomo. Dessverre gløymde Saul Herrens arm som hadde løfta han opp og sett han på kongsstolen. Han levde ikkje lenger i lydnad mot Herren og hadde derfor ikkje lenger fellesskap med han. Det er tragisk å lesa at Anden gjekk frå han.

I Første Samuelsbok finn vi dei første forteljingane om dei viktige åra då den store kong David vart forma som eit godt og heilstøypt menneske. I denne vanskelege tida med store prøvingar vart karakteren til denne Guds tenar forma og fundamentet vart lagd for alt det store han skulle utretta for Guds rike. Gjennom si uskuld, rettferd, godleik, og heile ferd i age for Herren, vart han høgt elska av heile folket.

Comments