No kan du få innleggja tilsendt som e-post!
Ein Guds mann ber fram profetord

Profetisk lovsong

I Første Samuelsbok 2,1-10 finn vi Hannas lovsong til Herren. Det er ein profetisk lovsong som vitnar om ei frisk profetisk salving. Denne profetiske lovsongen er ikkje avgrensa til ei personleg takk til Gud for bønnesvar, men har ein mykje større dimensjon over seg. Faktisk er det slik at denne lovsongen kastar profetisk lys over heile den komande kongetida!

Det Hanna seier i si lovsong vert oppfylt gong etter gong i tida som følgde etter henne og Samuel. Ho startar med å fryda seg i Herren og jubla over hans frelsande inngrep i si eiga tid ved at Samuel vart fødd. Så går ho over til å skildra kven Herren Allhærs Gud er og gjer.

Herren er heilag. Ingen kan samanliknast med han. Det finst ikkje noka berg som vår Gud, han er traust, trygg og urikkande, han er til å lita på.

Menneske bør ikkje vera stolte og tala store og frekke ord mot Gud.

Herren er allvitande, han prøver alle motiv og gjerningar. Dei sterke, mette, rike og sjølvtrygge menneska vil verta audmykte av Herren. Men dei veike, fattige, svoltne og barnlause, tek Herren seg av og han møter deira behov.

Herren tek liv og han gjev liv. Han gjer fattig og han gjer rik. Han bøyer ned og han reiser opp. Han innset og avset stormenn og kongar. Han vernar dei trufaste som held hans pakt, med let gudlause gå til grunne. Alle menneske, både store og små, fattige og rike, vanlege arbeidsfolk og kongar, er alle avhengige av Gud og hans nåde. For ikkje av eiga kraft er mannen sterk. Den som strider mot Herren har inga framtid. Herren dømer heile jorda og alt som føregår der. Han vil gje sin konge styrke og salva han med stor kraft.

Denne profetiske lovsongen var ein kraftig protest mot uretten som rådde under Eli sitt styre der dei gudlause sønene hans synda grovt mot Gud og hans folk. Lovsongen var eit profetisk varsel om Guds komande dom over dei sjølvtrygge leiarane som utnytta folket. For dei trugne, dei som trufast heldt Guds pakt, var lovsongen til trøyst og oppbygging. Dei forstod at lovsongen var ei profeti om at Gud ville reisa opp eit nytt leiarskap, eit leiarskap som høyrde på Gud, som gjekk på hans veg og som fekk sin styrke frå Guds nåde og salvinga ved Den Heilage Ande.

Comments