Ein Guds mann ber fram profetord
Herren forkastar eit sjølvsentert prestestyre

Menneskelege vurderingar og Guds røyst

I forteljinga om Hanna er det ei hending som seier meg noko om profetiske folk sitt forhold til autoritet og til Guds ord. Det verkar som om den profetiske salvinga som var over Hanna hjelpte henne å forstå kva som var menneskeleg vurdering og kva som var Guds røyst.

Då Hanna bar hjartesorga si fram for Herren kom det ikkje ord frå munnen hennar. Ho bad i hjartet sitt, men lea på leppene. Eli, øvstepresten, trudde ho var drukken og skjente på henne. Då tok ho uventa til motmæle på ein fast, men samstundes audmjuk måte. Ho sa: Nei, herre! Vin og sterk drikk har eg ikkje drukke, men eg auste ut mi sjel for Herren. Tenk ikkje at tenestekvinna di er ei dårleg kvinne. Eg har berre letta hjartet for mi store sorg og pine.

Det vitnar om stort frimod og heilhjarta tru når ho rett fram vågar å tala imot den høgste leiaren. Den profetiske salvinga som kvilte over henne gjorde henne djerv og sterk i sjølvforståing og sjølvbilete. Ho kunne ikkje finna seg i at leiaren si vurdering av henne var heilt feil. Ho gjekk ikkje heim og stura. Ho vart ikkje såra eller beisk i hugen. Ho sa frå om det som var feil og vart ferdig med saka der og då!

Eli vart djupt rørt av det Hanna sa. Den gamle mannen var snar til å innsjå at han hadde teke feil i si vurdering av denne bedande kvinna. For å gjera det godt att kom han med eit faderleg ønskje, på grensa til ein lovnad, om at Gud skulle gje henne det ho hadde bede om.

Hanna høyrde Gud i det Eli sa. Ho såg forbi det menneskelege og tok imot orda frå Eli som ord frå Gud. Det første han sa, viste ho frå seg, medan ho høyrde Guds røyst gjennom han andre gongen ha tala til henne. For ei moden og sterk kvinne vi her har med å gjera. Den profetiske salvinga hjelpte henne å skilja det menneskelege frå det guddommelege.

Denne hendinga kastar lys over noko veldig viktig. Når vi har rett forhold til Gud, leiarar og medmenneske, vil vi kunna skilja mellom menneskelege meiningar og ord frå Guds munn som kjem gjennom dei.

Comments