Herren Allhærs Gud
20/04/2006
Jahve Elohe Sebaot – Herren Allhærs Gud er for første gong i Bibelen brukt som tittel på Gud i Samuelsbøkene. Vi finn uttrykket 260 gongar i GT, særleg hjå profetane. Jesaja bruker det 60 gongar og Jeremia heile 80 gongar. Denne tittelen framsteller Gud som Den Evige EG ER, som styrer over alle maktene i himmel og på jord, både dei synlege og usynlege, han er konge over himmel og jord, ja heile universet!
Det er interessant at det er i Samuelsboka vi finn dette uttrykket for første gong. Israels Gud, deira usynlege vennlege pakts Gud er også den suverene Herren Allhærs Gud, som rår over uteljande herlege vesen, kjend som englar, serafar, kjerubar o.l. eller bodberarar; for det er i denne tida kongestyret vert innført i Israel. Profetane bruker dette uttrykket for å minna folket og kongen om at dei har ein større konge, ein usynleg konge å forholda seg til, og ikkje berre det jordiske kongestyret med sine hierarkiske maktstrukturar i samfunnet.
Gud er større enn dei jordiske kongane og profetane er hans talsmenn. Difor kan dei med frimod tala Herrens ord og refsa både stormenn og kongar! Profetane tener Herren Allhærs Gud og kan utfordra maktstrukturane i samfunnet ved refsa, tala til rettes og rettleia dei som styrer.