Hanna - ei profetisk mor
19/04/2006
Forteljinga om Hanna, mor til Samuel, er veldig lærerik. Ho var ei profetisk mor som gjennom den ho var og det ho gjorde har mykje å læra oss i vår tid. Vi treng mange slike profetiske mødre som Hanna!
Ho var høgt elska av Elkana, mannen hennar, men Herren hadde stengd morslivet hennar, og difor vart ho krenkt, plaga og terga av Peninna, den andre kona til Elkana.
Då reiste Hanna seg, og i si hjartesorg bad ho til Herren Allhærs (Sebaot) Gud og gret sårt.
Ho gjorde ein lovnad om at ho ville innvia guten ho bad om heilt og fullt til Herren for heile livet. Han skulle vera ein Nasirear (sjå 4.Mos.6). Han skulle difor aldri drikka vin eller sterk drikk for å unngå at sanselege inntrykk skulle påverka eller overskugga tankane eller hjarta hans slik at han vart udugeleg til å tena Herren. Han skulle halda seg borte frå og ikkje røra ved noka lik, for å synleggjera at han heldt seg åndeleg og moralsk rein og tente bare den Levande. Han skulle ikkje raka av seg håret, men lata det veksa langt som eit offentleg og synleg teikn på at han var heilt og fullt innvia til Herren og skilt frå alt det verdslege for å tena Gud med heile sin viljestyrke og kraft, - heile sitt liv.
Då guten hadde vorte avvend, i treårsalderen etter hebraisk skikk, tok Hanna han med seg til Guds hus for å gje han til Herren slik ho hadde lova. Det ho då sa vitnar sterkt om hennar profetiske styrke. ”Denne guten var det eg bad om, og Herren har gjeve meg det eg bad han om. No gjev eg han attende til Herren for heile levetida hans. Det var for Herrens skuld eg bad om han” (1,27-28) Mannen hennar var samd med henne i å gje sonen Samuel til Herren for livstid. Han sa noko svært interessant: ”Måtte berre Herren gjera etter sitt ord!” (1,23). Dette tyder på at det var profetord knyta til Samuel, kanskje frå før han vart fødd (slik den rabbinske tradisjonen seier, ”Bath-kol gjekk fram og sa, ”det skal koma ein rettferdig, namnet hans skal vera Samuel. Så gav alle mødrene sønene sine namnet Samuel, men då dei såg livet hans sa dei, ”dette er ikkje Samuel.” Men då denne vart fødd sa dei, ”dette er den Samuel” og det er det Skrifta meiner når den seier, ”Herren stadfesta ordet sitt at Samuel må vera den rettferdige. Rashi)
Om vi ikkje kan godta den rabbinske forklaringa, må uttrykket ”måtte Herren gjera etter sitt ord” tyda: ”måtte Herren fullføra det han har planlagd med han og lova han frå fødselen av.”
Det er tydeleg at Hanna som ei profetisk mor som får ein son etter inderleg bønn har høyrd frå Gud om sonen sin. Ho kjende kanskje til profetien til Bath-kol om Samuel og bad om at ho måtte verta mor til den rettferdige. Gjennom hennar profetiske innsikt skjøna ho seg på tidene og forstod at det måtte koma ei endring i leiarskapet for folket for Eli sine søner var ugudelege og duglause i å leia Guds folk. Ho bad om ein son som kunne tena Guds plan i si levetid. Ho visste at om ikkje ein slik mann vart reist opp, ville folket verta utarma og undertrykt av fienden og Guds namn ville verta vanæra.
Vi treng mange slike profetiske mødrer som kan vera med å reisa opp profetiske menneske som tener Guds plan i si levetid. Profetiske mødrer er klare til å gje store offer for å sjå Guds rike gå fram. Profetiske mødrer ber usjølviske bønner. Profetiske mødrer ber om åndelege søner for Herrens skuld.