Når eg har vore i bønn for påskekonferanse vi skal ha i Kristkirkens lokale, har Gud gjeve meg eit syn. Fire gongar såg eg Gud opna handa si i ei stor samling av hans eige paktsfolk.
Den første gongen han opna handa si kunne eg sjå at ho var full av all slag god og sunn mat. Folk kunne koma og eta heilt gratis og verta metta. Det var ingen mellom menn, ingen som stod mellom Gud og folket. Alle kunne koma rett fram til Gud og ta imot frå han. Dei som kom vart heilt mette, det vart slutt på svolten, dei vart fornøgde og tilfredse. Den gode og sunne maten gjorde folk sterke og sunne. Dei fekk styrke og helse rett frå Guds hand.
Den andre gongen Gud opna handa si kunne eg sjå at han delte ut arbeidsuniformar. Desse arbeidsuniformane hadde ei veldig synleg Gudsrikeidentitet og ein mindre synleg tenesteidentitet. Då folk tok på seg desse nye arbeidskleda såg eg at dei utvikla ei veldig sterk Gudsrikeidentitet, og dei vart veldig medvetne om deira kall i livet. Arbeidsuniformen hjelpte dei å fokusera på deira oppdrag i livet i å representera Guds rike i arbeidet og kvardagen deira.
Den tredje gongen Gud opna handa si kunne eg sjå at handa hans var full av verktøy og arbeidsreiskap. Når folk kom og fekk sin eigen personlege verktøykasse vart dei mykje meir effektive i deira daglege teneste. Det vil vera meir dekkjande å seia at dei vart meir fruktbare då dei tok imot det organiske arbeidsutstyret frå Guds hand.
Eg vart heilt overraska då eg såg Gud opna handa si fjerde gongen. Denne gongen var handa hans full av snop! Ja, handa hans var full av all slags snop! Då folk kom og smakte på snopet vart dei fulle av glede og lukke. Heile samlinga eksploderte av glede. Folk lo, dansa, hoppa og omfamna kvarandre. Eg har aldri før sett eit slikt uttrykk for glede som eg såg då folk åt snopet frå Guds hand.