Levande kristentru smittar
Gud opnar handa si

Wolfgang Simson utfordrar!

Wolfgang Simson er ein nær medarbeidar til Victor Choudrie som eg møtte i India for nokre år sidan. Gud brukte dei til å starta ei rørsle av husforsamlingar som startar husforsamlingar. I dag er det mange slike multipliserande nettverk av husforsamlingar i India, Bangla Desh og Pakistan. I 1996 starta dei 50 nye husforsamlingar i India. I 1997 braut Gud inn mellom dei og talet steig til 750 nye husforsamlingar. I dag er det om lag 200.000 nye og levande husforsamlingar i India. I Bangla Desh har 600.000 muslimar kome til tru på Kristus og vorte døypte og lagde til nye husforsamlingar dei siste åra. I Pakistan har det berre den siste månaden vorte starta 2-3000 nye husforsamlingar!

Wolfgang Simson utfordrar!

Problemet ved vår vestlege kyrkjestruktur er rett enkel. Det er at vi gjennom våre strukturar har spelt oss ut over sidelina  og har vorte kulturelt låst. Difor når vi ikkje nye menneske, og særskilt ikkje dei som har ein annan kulturell bakgrunn enn oss, sa Wolfgang Simson frå talarstolen i Kristkirken.

Simson er ein kjend journalist, forfattar og forleggjar. I meir enn tjue år har han arbeidd med å planta  husforsamlingar over heile verda, og samarbeider i dag med ulike nettverk i 60 land. Han er oppteken av at dersom evangeliet skal makta å nå kvart menneske i ei verd der folketalet aukar sterkt, så er det ikkje megakyrkjer eller store superorganisasjonar som er det som skal til.

Gud arbeider i det små. Det er husforsamlingane som er svaret. Medan ei megakyrkje med 20 000 medlem brukar 20 år på å dobla si medlemsmasse, har eg fleire stader i verda sett huskyrkjer på 20 menneske hundredobla seg i løpet av eit års tid, og etter tre-fire år har den eine, opphavelege husforsamlinga vorte til fleire tusen forsamlingar, seier Simson. Han trur at framtida tilhøyrer dei små husforsamlingane.

Nære og tette fellesskap veks

I Det nye testamentet var det ikkje snakk om megakyrkjer, jamvel om meir enn tre tusen vart lagd til det kristne fellesskapet på den første pinsedagen. Men forsamlingslivet vart levd ut hus og små fellesskap. Heller ikkje var det snakk om at ein person stod i to timar og forkynte teologisk lære. Det greske ordet som er nytta i nytestamentet og som tyder ”undervisning” tyder ”spørsmål og svar”. Her har vi tapt svært mykje, seier Simson, som ønskjer at dei kristne skal venda attende til denne måten å undervisa på, gjennom dialog og ikkje monolog. Problemet oppstod då dei husforsamlingane tok til å veksa utover grensene sine og vart ein mutasjon av ei passifiserande forsamling som var for stor for nært fellesskap og for liten for å vera ein fest og ei feiring av alle dei kristne på staden. Difor er det viktigaste arbeidet vi gjer idag knytt til nettopp dette,  å bryta denne systematiske tanken, bryta den stivna strukturen og gjera noko nytt. Tida for husforsamlingane er meir enn mogen. Det er gjennom husforsamlingar den store voksteren av talet på kristne kjem dei fleste stader i verda.

Sjå syner frå Gud

I Ordspråksboka står det at ” Utan profetsyn fer folket vilt, men sæl er den som held lova”, siterer Simson. Det hebraiske ordet som her er omsett med ”profetsyn” kan best forklarast på denne måten: ”Lukk augo dine og sjå!” Det handlar altså om å vera i stand til å sjå med hjarta. Å vera i stand til å sjå med tru. Det handlar om å kopla seg på den himmelske kanalen og lasta ned derifrå. Det handlar om å følgja Gud der Gud går. Det handlar ikkje om å be Gud skriva under på – og godkjenna dei planane vi legg sjølve – det handlar om å finna ut kva Gud gjer – og følgja Gud i det arbeidet

Finn ut kva Gud gjer

Det handlar om å finna ut kva Gud gjer. Det handlar om å finna ut kvar nett eg – og du passar inn i Gud sine planar, seier Simson. Kva er det så Gud gjer? Kor kan eg finna ut kva det er Gud gjer? Det handlar om å spørja Gud – men kva skjer då? Vel, kanskje Anden vil tala til deg?Det handlar om å leggja merke til og sjå dei små tinga i kvardagen, og verta leia av Anden.

Les avisene! Gå ein tur på kino! Sjå kva som skjer; verdslege medier vert stadig meir åndelege av seg; og åndelege medier vert stadig meir verdslege av seg, sa han og refererte til fleire av dei store filmslagarane dei seinaste åra, og kor oppteken både Hollywood og Bollywood har vorte av det åndelege aspektet, medan dei åndelege media som er eigd av kristne kring i verda vert stadig meir opptekne av ingenting.

Les kva dei kristne avisene skriv om seminara til Wolfgang Simson:

Menigheten er en måte å leve på

HTTP://www.dagen.no/show_art.cgi?art=8941

Kyrkjelyden - å koma saman

HTTP://www.dagen.no/show_art.cgi?art=8946

Spår tusenvis av husmenigheter i Norge:

HTTP://www.vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060307/ARTIKLER/60307004/1003

Fristet til å satse på husmenigheter

HTTP://www.vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060308/ARTIKLER/60307048/1003

Jesus reformerer kyrkja under føtene på oss

HTTP://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=9540

Evangeliet eksploderer

HTTP://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=9541

Det handler om å forandre kyrkja innanfrå

HTTP://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=9543

Har lyst til å starte huskyrkje sjølv

HTTP://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=9544

Ønsker mange husmenigheter

HTTP://www.magazinet.no/default.asp?menuid=&linktype=2&linkid=22579

Kva seier Gud til deg gjennom desse artiklane?

Legg att ein kommentar så vi kan få til ein dialog!

Comments