Norwegian Birthday traditions
Levande kristentru smittar

Lær av dei kristne i India!

For nokre år sidan møtte eg tidlegare sjefkirug Victor Choudrie i India. På kall frå Gud slutta han å praktisera som kirug og tok til å trena kristne til å gjera disiplar og starta husforsamlingar. Gud har brukt han, saman med andre, å starta meir enn 6000 husforsamlingar på nokre få år. Vi kan læra av den bibelske og organiske forståinga av kyrkja sin natur og forsamlinga si funksjon, då alt misjonerande arbeid spring ut frå dette.

Kva er Guds kyrkje?

Ho er noko som berre Jesus kan byggja. Ho samlast først og fremst i små samlingar av to og tre, og frå heim til heim. Ho er også ei større samling av det utvalde folket. Ho har sitt sete i himmelen og har makt til å bryta mørkers makter sin dominans over folk og samfunn. Ho har eit oppdrag som går ut på å hjelpa folk til å arva Guds rike. Ho er Guds hus bygd av levande steinar. Ho er eit altar for å ofra folkeslaga som eit offer til Gud. Ho er Jesu Kristi brud.

Kva funksjonar har ei levande forsamling?

Med utgangspunkt i Ap.2,42-47 og Matt.28,18-20 seier Choudrie at forsamlinga har ein tifaldig funksjon:

  1. Undervisa apostolisk lære ut frå Bibelen.

  2. Vera eit fellesskap kor alle formaningane om kvarandre vert levd ut.

  3. Forbønnsteneste i strategisk bønn og å lysa velsigning.

  4. Teikn og under – gjera sjuke friske og møta behov med Guds kraft.

  5. Dela materielle gode og ha opne heimar.

  6. Ha ein samla misjonsstrategi for å gjera folkeslag til disiplar.

  7. Døypa dei nyomvende med ein gong. Disiplar døyper nye disiplar.

  8. Utrusta alle truande til å gjera andre folk til Jesu disiplar.

  9. Mangfaldiggjera seg sjølv i nye disiplar og forsamlingar.

  10. Senda og myndiggjera disiplar til å vinna nye og starta nye forsamlingar som startar nye forsamlingar som startar nye forsamlingar osv.!

Dei kristne i India har som mange kristne over heile verda oppdaga og teke i bruk den strategien som Jesus gav disiplane sine i Lukas 10, då han sende dei ut til å gå i førevegen for seg til dei stadane han sjølv skulle vitja. Dei arbeider i eit gjennom heidensk samfunn med mykje motstand og må følgja Jesus med livet som innsats. Likevel ser vi at deira fokus på å trena, utrusta og senda vanlege kristne til å forkynna evangeliet og starta husforsamlingar, ber stor frukt. Her har vi mykje å henta, både for å nå dei mange nye landsmenn vi har fått og våre eigne venner og slektningar.

Tekst: Erling Thu

Comments