Breakfast with women
Home and away

Levande og veksande fellesskap

I den seinare tida har Gud gjeve oss eit fornya fokus på fellesskap. Eg tala om det på gudstenesta sist søndag i Kristent Fellesskap Bergen. Om du les vidare kan du sjå preikeutkastet mitt!

Levande, veksande fellesskap

Gud oppfyller draumar!

Våg å drøyma store  draumar!

Er levande, veksande fellesskap  muleg?

Kan vi sjå ei grasrotrørsle av  disiplar som vinn disiplar som  vinn disiplar osv, som kan famna  vidt i heile landet vårt og fylla det  med levande fellesskap som er  veksande og strålande Guds Rike  lys som fyller alle nærmiljø,  skular og arbeidsplassar med  Guds nærvær?

Set ord på draumen!

Ord er fylla av skapande kraft

Ord er levande frø som frigjer  nytt liv i andre

Ord får folk til å handla, å gjera  ting

Ord set folk i rørsle og skaper  samhandling og framgang

Anden skaper eit fellesskap kor tillit, ansvar og truskap er meir enn fine ord

eit fellesskap kor folk lærer å vera pålitelege

eit fellesskap kor folk lærer å ta ansvar, - både for seg sjølv og andre

eit fellesskap kor folk bryr seg om kvarandre

eit fellesskap kor folk lærer å setja dei andre først

eit fellesskap kor folk syner truskap både i det dei seier og gjer

eit fellesskap kor pakt er ein levande røyndom for folk

Anden skaper eit forpliktande fellesskap

eit fellesskap kor kjærleiken bind folk til folk

eit fellesskap som knyter menneske til menneske trass alder og bakgrunn

eit fellesskap kor det å forplikta seg ikkje er noko skremmande, men den største glede

eit fellesskap kor folk er viktigare enn aktivitetar og forsamlingsprogram

eit fellesskap kor mellommenneskelege forhold er viktigare enn tru og meiningar

ei forsamling som fremjar vennskap og fellesskap i alt dei gjer

Anden skaper eit fellesskap kor alle har eit nettverk av venner i små grupper

eit fellesskap kor livsnære grupper ikkje er ein av mange aktivitetar, men sjølve forsamlingslivet

eit fellesskap kor alt vert gjort gjennom livsvære grupper

eit fellesskap kor livsnære grupper er mykje meir enn eit husmøte, men eit jordnært kvardagsliv

eit fellesskap kor alle får hjelp til å vera trufaste venner og vinna vennene sine for Jesus

eit fellesskap kor det er nettverket av venner i små grupper som er den plassen kor vanskar vert løyste

eit fellesskap kor dei tette vennskapsforholda er frigjerande og hjelper til å vinna nye venner

Anden skaper eit fellesskap med overnaturleg liv og kraft

Kjenna Gud og la seg leia av  Anden

Vera salva av Anden til å tena  andre menneske med Guds kraft

Leva i og bera Guds nærvær  med seg i kvardagen

Bry seg om andre og bruka alle  høve til å vinna menneske for  Jesus

Kristent Fellesskap i  Bergen

Kristent Fellesskap i Bergen skal vera ein apostolisk base og ein pådrivar for disippelgjering og fellesskapsbygging.

Det skal verta minst ei stor levande forsamling i alle dei 40 skulekrinsane i Bergen.

Det skal verta store samlingar kor folk frå heile distriktet kjem saman til feiring og forkynning – 5-6 gongar i året.

Det skal verta 5000 livsvære grupper spreitt over heile byen!

Vi skal trena og senda ut hundrevis av folk som vil planta nye forsamlingar og byggja nye fellesskap kvart einaste år – både i Noreg og i mange andre land!

Comments