Vi er Guds medarbeidarar
12/08/2005
Heilt frå eg var liten har eg hatt ei kjensle av Guds kall over livet mitt og i heile mitt vaksne liv har eg på min ringe måte tent Gud. Det er stor å vera ein Guds medarbeidar. Det er stort å kunna arbeida saman med andre i eit større arbeidslag. Det er nåde å få vera med i eit veksande misjonsarbeid og sjå Guds rike gå fram!
Apostelen seier: ”Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til!” (1.Kor.3,5) Her har vi to nøklar i å vera gode Guds medarbeidarar: 1. Vi må ha ei tenarinnstilling til folka vi arbeider mellom. Vi kan ikkje koma ovanfrå og ned og tru at vi skal lukkast med å formidla den kristne bodskapen. Vi er berre tenarar. Vi ønskjer berre å hjelpa folk til tru! 2. Vi må berre gjera det Herren har sett oss til å gjera! Vi må halda oss til det kall og den nådegåveutrusting vi har frå Herren og ikkje gå ut over han har sett oss til å gjera. Då kan vi utfylla kvarandre og saman bera rik frukt i arbeidet. ”Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vokster!”
Korkje den som plantar eller den som vatnar er den viktige, for det er Gud som står bak all åndeleg liv og frukt som veks fram. Vi arbeider saman, vi er eitt i arbeidet, vi har same ønskje og same mål med alt vi gjer, men vi skal vurderast og lønnast etter kvar vårt eige arbeid.
I går fekk eg ein e-post frå Abraham i India. Han skreiv mellom anna: ”Herrens hand er med oss og Gud gjer store ting mellom oss. Kvar dag vert nyomvendte menneske døypte og lagde til forsamlingane. Herren har opna nye dører for oss i to nye statar i India. Vi har nettopp sendt 5 studentar til bibelskulen i Jaipur!”
Abraham er sjølv ein tidlegare student på denne bibelskulen i Jaipur som er finansiert av Kristent Fellesskap i Bergen. Gud bruker han på ein mektig måte til å nå hinduar med evangeliet og planta nye forsamlingar. Saman er vi Guds medarbeidarar! Våre medarbeidarar i India såg meir enn 10.000 nye menneske ta imot Jesus Kristus som Herre og frelsar og verta lagde til veksande forsamlingar ifjor!
Vi har pengar, dei indiske kristne har lite pengar, men tru og stor iver etter å forkynna evangeliet og vinna nye. Når vi gjer av pengane våre og hjelper indiske misjonærer å nå sitt eige folk, plantar og vatnar vi i fruktbar misjonsmark som ber rik frukt. Når vi prioriterer å trena leiarar kan vi venta ein stor haust.
Vi lever i ei rik misjonstid! Vi må berre finna den rette måten å arbeida saman på, så Gud kan gje stor vokster!
Tekst: Erling Thu