Ny bok!
04/07/2005
På sommarkonferansane til Kristent Nettverk i Harstad og i Stokke dei neste vekene vil den nye boka mi verta lagd ut til sals! Boka har fått ein lang og snirklete tittel: "Kristusmeditasjonar og Kristusidentitet".
Eg fekk nokre bøker frå trykkeriet for litt over ei veke sidan, men ho vert først lansert på sommarkonferansane våre! Det er ei underleg kjensle å opna ei nytrykt bok som kjem rett frå trykkeriet. Det er som å halda eit nyfødt barn i armane for første gong!
"Kristusmeditasjonar og Kristusidentitet" er bønner, meditasjonar og vedkjenningar for kvardagskristne. Dei hjelper meg å leva i fellesskap med Gud. Eg gøymer Guds ord i hjarta mitt. Eg grunnar på Ordet ved å seia det oppatt og mumlar det for meg sjølv. Då er Ordet heile tida i hjarta mitt og munnen min.
Eg smattar og smakar på Ordet. Eg snur og vender på det og let det koma til meg på nye måtar frå nye vinklingar. Eg snakkar meg sjølv inn i Ordet og Ordet inn i meg. Det er ein vedunderleg sirkel der Ordet går frå munn til hjarte, og frå hjarte til munn. Gjennom meditasjon vert Ordet personleg for meg.
Kom med meg! Lat oss gå inn gjennom Døra og finna føde for vår sjel!
Eg voner eg kan gjera denne boka og dei andre bøkene mine tilgjengelege gjennom ein liten nettbutikk i snaraste framtid! Fram til dette kan eg senda boka til folk som tingar ved å senda med ein epost!
Eg har fått mange spørsmål om koss ein kristen kan leva i stadig fornying av sinnet og vera forfriska i si tru. Å leva i Ordet og Anden, er det enkle svaret. Det er å grunna på Ordet og leva i eit nært fellesskap med Gud. Det er å lesa Bibelen under bønn, og henta ordet fram att, tyggja og smaka på det gjennom dagen, og samtala med Gud om det han har sagt.
Å grunna på Ordet kan samanliknast med å tyggja drøv. Skilnaden på å lesa og det å grunna på ordet, er like stor som skilnaden på det å helsa på ukjente folk og det å snakka djupt saman med ein venn. Når vi tygg drøv på Ordet går vi inn i samtale og fellesskap med Gud, det er mykje meir enn ei kort helsing!