NÅR
Ny bok!

Ein eksplosjon av bloggarar

Det er no litt over tre år sidan eg starta den første bloggen min. Med åra har det vorte fleire. Det har gjeve meg stor glede gjennom ny vennskap og mange gode ord frå kjende og ukjende folk.
Den seinare tida har det vorte ein eksplosjon av bloggarar i dei miljøa eg ferdast. Dette avspeglar seg i lista over bloggarar litt nede på venstre side av denne bloggen. No har eg lagd til fleire nye og kjem til å leggja til fleire i nær framtid!

Desse bloggane viser eit stort mangfald og stor skaparevne. Eg er veldig oppmuntra av at så mange unge menneske vel å uttrykkja seg på denne måten. Nokre av dei skriv for venner og familie medan andre skriv med ein vidare lesekrets i tankane. Nokre er opptekne av seg sjølv og sin eigen navle, andre er opptekne av Guds rike. Det gode er at dei skriv. Dei går offentleg ut med meiningar og opplevingar! Det er flott!

Comments