Renewing refreshing
Blogging – å leggja livet sitt ope på internett

Mørket må vika for Ordets lys

Vi var samla til bønn og bad for ein flokk kristne på ei øy. Medan vi bad såg eg brått eit bilete framføre meg.

Eg såg heile øya og området rundt tydeleg for meg. Det var som eit mørke ville senka seg over øya. Ei stor svart og mørk sky la seg over området. Ut or skya kom det lange, kvasse klør som skilde kristne menneske frå kvarandre. Det var ikkje noka hyggjeleg syn og heldigvis varte det ikkje lenge før eg såg noko nytt.

No såg eg ein mann koma og forkynna Guds ord til ein flokk kristne som var samla. Han forkynte evangeliet om Guds rike, han underviste om å leva i trufast paktskjærleik og om å verta forfriska i Den Heilage Ande og leva i salvinga frå Den Sanne. Eg såg han koma fleire gonger og med stort frimod  forkynna Guds ord. Kvar gong Ordet vart forkynt skjedde det noko. Dei lange og kvasse klørne som stakk ut or den tunge mørke skya vart klypte av då Ordet vart forkynt.

Etter kvart som dei stygge klørne som skilde folk frå kvarandre vart klypte av og mista si kraft var det noko nytt som hendte. Eg såg desse folk som hadde høyrt Guds Ord verta forkynt ta til å snakka med kvarandre på ein ny måte. Dei vitna for kvarandre om Guds gjerningar, dei forkynte om Guds nåde, dei fortalde om Guds hjelp i kvardagen. Framfor alt gav dei Guds Ord til kvarandre. Det dei hadde høyrd forkynt, trutt og teke imot, det gav dei no vidare. Dei sette mot i kvarandre med Ordet som hadde kome til dei gjennom Guds tenar. Dette skapte ei stor glede mellom dei. Faktisk vart dei ein heilt ny atmosfære, ei ny ånd mellom dei.

Då såg eg noko herleg henda. Då dei talte Guds ord til kvarandre vart lys tende. Det eine lyset etter det andre tok til å skina. Til slutt var det som ein eksplosjon av lys som strålte ut frå denne litle flokken som var samla. Den mørke skya vart mindre og mindre og vart til slutt heilt borte. Heile øya vart bada i eit vedunderleg lys. Mange menneske kom til tru og det var stor glede mellom menneska på den staden.

Medan eg naut dette herlege synet om mørket som måtte vika for Ordets lys på denne staden var det som om ei stille røyst kviskra i hjarta mitt: La du merke til at mørket måtte vika då Ordet vart forkynt og teke imot. Såg du eksplosjonen av lys, - den store lyskrafta som vart utløyst då vanlege kristne tok til å dela Guds Ord med kvarandre? La du merke til at det var inga aktivitet retta mot den mørke skya, men ho kvarv likevel? Ser du kva Ordets lys kan gjera, ikkje bare for einskilde personar, men for heile flokkar, ja ein heil kommune eller ein nasjon? Guds ord er ikkje bunde, det kjenner ingen grenser!

Comments