Mørket må vika for Ordets lys
Visjonen

Blogging – å leggja livet sitt ope på internett

Blogging er eit nytt ord, ein ny aktivitet! Det er ikkje lenge sidan det vart oppfunne. Det kjem av det engelske weblog  som vart forkorta til blog. Ein bloggar er ein som har sin personlege blog. Ein blog kan vera ei side på internett med ei personleg dagbok med tankar, opplevingar, refleksjonar, meditasjonar, meiningar, eller noko du brenn for. Eit av kjenneteikna på ein blog er at han som oftast inneheld mange lenkar til andre sider. For meg er blogging, som overskrifta seier, å leggja livet sitt ope på internett!

Vi lever i spennande tider. Gjennom internett kan vi snakka med menneske frå alle stader av verda. Gjennom internett kan vi utvikla vennskap med folk vi elles ikkje ville ha møtt. Internett er eit verktøy som Gud har gjeve oss i denne tida til å knyta saman menneske i eit verdsvidt fellesskap på tvers av alle vanlege skilje. Eg er overtydd om at internett kjem til å få meir å seia for utbreiinga av Guds Rike i vår tid enn trykkekunsten fekk å seia for reformasjonen.

Eg bloggar for å dela livet mitt med andre

Då eg tok til å blogga for tre år sidan var dette det største ønsket mitt: å dela livet mitt med andre. Eg har mange vennar rundt om i verda og difor valde eg å skriva på engelsk. Seinare har eg også fått mine side med norske meiningar. Å blogga er ein veldig fin måte å dela med andre det Gud gjer i livet vårt. Det er så lett å fortelja om Guds nåde og truskap mot oss i kvardagen på denne måten. Gjennom bloggen min legg eg livet mitt med Gud ope for alle som ønskjer å følgja med i koss eg lever og kva eg er oppteken av.

Ved å blogga tek eg del i eit større fellesskap og let andre ha fellesskap med meg. Ein skikkeleg blog er interaktiv i den meining at folk kan seia kva dei meiner om det vi skriv. Eg har fått mange nye venner gjennom bloggen min.

Eg bloggar i notid

Eg i skriv om det som hender nett no! Eg deler det Gud seier og gjer i livet mitt nett no! Blogging handlar ikkje om fortida eller ei fjern framtid. Det handlar om tida i dag. Det handlar om å gripa augneblinken! Det er å leva i verda i noet! Det er å vera nær og tilstades i vår eiga tid.

Dette inneber at ikkje alt er like bra skrive og ikkje alt har like lang levetid. Det viktigaste er bloggen. Det er viktig at noko hender! Det viktige er at nye tankar og opplevingar vert delt med andre! Det viktige er at eg er tilstades som eit vitnemål om Gud i kvardagen min og samtida mi.

Eg bloggar personleg

Alt eg skriv står i forhold til meg og livet mitt. Eg gøymer meg ikkje bak andre sine meiningar, men meiner noko sjølv. Eg kan visa til Bibelen, men berre for å understreka mi personlege forståing av Ordet. Dette personlege er noko som kjenneteiknar alle bloggarar. Difor kan ein blogg også vera ei slags høgttenking kor ein luftar tankar og idear og ventar på kloke svar frå andre bloggarar!

Eg bloggar for å verta betre til å skriva

Eg tok til å skriva den engelske bloggen min heilt medveten som eit tiltak der eg øver meg sjølv opp til å skriva og uttrykkja meg sjølv på engelsk. Den beste måten å verta ein god skrivar på er ved å skriva! Bloggen min er ein måte å disiplinera meg sjølv på til å gjera det Gud har sagt eg skal gjera: Skriva synet mitt opp, så det vert tilgjengeleg og lett forståeleg for andre.

Eg bloggar for å kunngjera godt nytt om Guds rike

Eg har ein klar forkynnande tanke med bloggen min, men eg er ikkje direkte forkynnande i alt eg skriv. Eg har likevel eit overordna mål om å skriva om ting og emne som folk er opptekne av og som eg kan kunngjera Guds rike gjennom. Dette har gjeve meg mange spennande tilbakemeldingar.

For tida er eg i ein utfordrande dialog med ein indisk student frå Fijiøyane som studerer i Australia. Han fann meg gjennom ein søkemaskin på internett og let att ein sint kommentar på bloggen min. Eg sendte han eit svar direkte til e-postadressa hans. No kan eg forkynna evangeliet til ein hindu eg elles ikkje ville ha fått kontakt med om eg ikkje hadde blogga!

Eg bloggar av di eg bryr meg

Eg bryr meg om det som hender rundt meg og eg bryr meg om det som hender på den store verds vide veven. Eg ønskjer å vera tilstades i den virtuelle verda. Eg bryr meg om alle dei søkjande menneske som surfar på internett. Eg kan ikkje overlata dei til dei gudlause haiane! Eg må vera tilstades for å kunna berga nokon. Eg kan ikkje vera alt for alle, men eg kan vera noko for nokon. Det er godt nok for meg. Det er betre å kunna hjelpa ein enn ikkje å hjelpa nokon i det heile!

Tenk om alle kristne med tilgang til internett var bloggarar!

Då ville vi vera med å fylla internett med eit nærvær av kristne tankar, vitnemål og ekte levd liv som ville verta lagd merke til. Då kunne vi saman kommentera og skriva om alle verdsens ting og gje folk med ulike interesse Guds rike perspektiv på det dei held på med. Då ville vi ta del i den store samtalen mellom søkjande menneske av ulikt slag og kunne visa mange vegen til Gud. Då ville vi knyta viktige vennskapsband på kryss og tvers over landegrenser og kulturar. Då ville vi vera med ei eit usynleg nettverk av Kristus vitne som med frimod gjer han kjend til nye menneske!

Du kan starta din eigen blogg i dag!

Blogging er veldig enkelt. Det er noko alle kan gjera. Mange bloggeprogram er heilt gratis, medan andre må betalast. Eg tok til med pionerprogrammet for blogging, Blogger, men har gått over til Typepad som kostar litt, men er veldig lett å bruka. Ta deg ein liten runde for å sjå på og prøva ut nokre av dei mange bloggeprogramma som er tilgjengelege. Til og med dei fleste programma du må betala for kan du prøva ut gratis ein månads tid. Her er nokre stader du bør sjå på:

Blogger – http://www.blogger.com

E-church – http://www.e-church.com

Blogspirit – http://www.blogspirit.com

LiveJournal – http://www.livejournal.com

Typepad – http://typepad.com

MovableType – http://sixapart.com/movabletype/

Tekst: Erling Thu

Comments