Krusedullvinden
Encouraging days in Trondheim

Bekken på vegen

Eg var på veg til eit møte. Eg hadde eit klart oppdrag frå Herren om kva eg skulle gjera, eller rettare sagt kva Herren ville gjera gjennom meg. Men eg hadde ikkje fått ei preik eller eit bibelstudium som eg skulle gje dei. Eg sit i bilen og grundar på Herrens ord til meg då eg brått får eit bilete som levande kjem meg i møte.

Bekken på vegen

Eg såg eit storslått landskap under meg og rundt meg. Eg er på ein gammal fjellveg som klatrar opp ei bratt fjellside. Den vakre dalen under meg var kransa av høge, store og majestetiske fjell. Eg var ikkje åleine på vegen, eg møtte flokkar av folk som gjekk i same retning som eg.

Så vart eg vàr at det litt lenger nede var ein annan veg, - ein moderne motorveg. Denne vegen var full av folk som hasta avgarde. Dei såg ut til å vera oppkava og oppjaga. Dei hadde lita tid, det var som dei måtte nå eit mål eller noko og tida var knapp. Dei løfta ikkje hovuda for å sjå rundt seg og nyta den storslåtte naturen. Det herlege skaparverket som ånda av fred og majestet ansa dei ikkje. Så fort dei kunne skunda dei seg framover og eg såg dei forsvinna inn i ein stor tunnel - eit svart gap som slukte dei.

Deretter la eg merke til at det var ei tredje gruppe folk som også ønskte å koma over på andre sida av dei store majestetiske fjella. Dei var spreidde og gjekk eller klatra kvar for seg oppetter fjellsidene. Det var som dei tok kvar  sin snarveg - og alle gjekk åleine. Det var steikande sol frå skyfri himmel og eg såg at desse som klatra åleine oppetter fjellsidene vart trøtte og slitne og tørka på sveitte. Det såg faktisk ut til at dei fleste vart så utmatta at dei ikkje kom dit dei ville, men måtte gje opp. Trass all deira viljestyrke enda dei i vonløyse og fortviling.

Slik var det ikkje med dei som gjekk på den gamle fjellvegen som krongla seg fram oppetter fjellsida. Då eg såg etter var det noko underleg som hendte. Rett som det var kunne eg sjå ein bekk på vegen og folk drakk av bekken. Då kom det ny styrke i dei og dei løfta hovuda sine, såg seg rundt og vart fylt av glede og age over det storslåtte dei såg. Dei løfta hendene opp til Skaparen og gav han ære og takk. Dei var heile tida målretta, dei gjekk med faste steg framover, men dei hadde ei underleg evne til å gleda seg, både over dei små blomane langs vegen og den store majestetiske naturen. Dei gjekk frametter vegen så frie frå bekymringar, så glade og lette til sinns at det var ei velsigning bare å sjå på dei. I den sterke solsteiken såg eg dei til og med vassa i denne bekken som eg av og til såg rennande på vegen. Då vart dei glade på ny og song og dansa så vatnet spruta alle stader, det var ei stor glede mellom dei.

Denne gamle, velprøvde vegen var ein underleg veg som av og til såg ut til å vera ein forfriskande bekk. Dette måtte eg sjå nærare på. Då såg eg meg sjølv igjen, eg snakka med nokre av dei andre på vegen, eg fortalde om Guds nåde, vitna om Guds pakt og jubla over Guds frelsande styre. Då eg gjorde det, då rann bekken forfriskande god både til å drikka or og til å bada seg i. Då eg såg nærare såg eg at dette hendte kvar gong nokre av dei som ferdast på denne vegen fortalde kvarandre om Guds gjerningar i deira eige liv. Då vart dei forfriskande bekkar for kvarandre og liva kvarandre opp. Dette var løyndomen til trivselen og gleda som rådde på denne vegen. Det var det som gjorde at dei fekk ny kraft, ny styrke i sjela, glans i augene og med løfta hovud kunne sjå rundt seg og gleda seg over det herlege skaperverket dei såg medan dei målretta gjekk leikande framover.

Comments